Meny
Bli medlem

- Velkomen til samspel, der by og land med stoltheit dyrkar den vestlandske vilje

Sist endret: 27.09.2020 #Vestland

I det me feirer det nye året, går me også inn i eit nytt fylke. 1.januar 2020 trer Vestland fylkeskommune i kraft. Les fylkesordførar Jon Askeland sin tale ved markeringa av nye Vestland i Håkonshallen 15. oktober. 

Velkomen til samarbeid til beste for innbyggjarane i Vestland fylke!

Statsråd, stortingsrepresentantar, fylkesmann, ordførarar, gode folkevaldkollegaer, fylkesrådmann, alle gjester.

Inspirasjonen til opningsordet er det 17. berekraftmålet til FN, - samarbeid for å nå måla. Då understrekar eg både berekraftutfordringa som grunnplanke i arbeidet framfor oss, men også at for meg er det  å ønskja velkomen naturleg og rett for ein realpolitikar og korpsmenneske.  

Demokratiets grunnlag er ulike politiske parti, med usemje. Den viktige usemja fører oss framover. Den lar oss lytta til og anerkjenna ulike synspunkt, og er ein viktig verdi å forvalta. Så må me evna å avslutta debatten, snekra på vedtak, der me gjer og tar, og kjem oss vidare. Men, det er fundamentalt viktig å sikra at me skil sak og person, så eg inviterer spesielt til at me skal ha det kjekt i lag, la oss alltid visa respekt, rausheit og gå laust med godt humør på oppgåvene!

Vestlendingane sette ein fin rekord den 9. september, dei hadde den høgaste valdeltakinga i landet, og sette saman eit endra politisk landskap med 11 parti i Fylkestinget. Nokre nye parti, og elles meir utjamna storleikar mellom partia enn før. Eg trur me alle skal tolka dette som at veljarane har sagt til oss,- de må samarbeida på ein annan måte enn de har vore vant med. Eg ønskjer oss alle lukke til, slik veljarane har sett oss saman. Kanskje vert det meir debatt, meir støy, men også viktigare for oss å søkja saman i kompromiss, ja godt realpolitisk samspel.

Så er me i symboltunge omgjevnader her på kongsseta til Håkon den gode kor me skriv historie i kveld. Det nye fylket er landets tredje største i folketal, og med våre 630.000 innbyggjarar så er me om lag tre gonger fleire enn det samla innbyggjartalet i Noregsveldet då Kong Håkon rådde!

Kong Håkon fekk tilnamnet den gode. Dette fekk han fordi han heldt seg inne med bøndene, oversett til i dag, - folket. Det er ein  viktig verdi me folkevalde må hugsa. Derfor ser eg på symbolikken her i Håkonshallen om at me må forvalta ansvaret folket gir oss. Denne Hallen, som i følgje Finn Tokvam ikkje hadde blitt godkjend med dagens plan- og bygningslov og Fylkesmannen Sponheim!

Nokre ord om dette ordførarkjedet. Det er aldeles ikkje noko kongekrune, men eit folkevalt fellessymbol. Eg håpar det uttrykkjer fellesskap og lagånd. At dette fylkeskjedet inkluderer, får folk til å vera med på noko som er større enn seg sjølv, at folket føler seg sett og oppmuntra når det er i bruk for fylket vårt. Eit uttrykk for vilje. At kjedet lar folk skina!

Jeg er en by
Med hundrevis av gater
Men skal jeg være ærlig
Kjenner jeg bare noen av dem
Og når jeg reiser fra et sted til et annet
Tar jeg en velkjent vei
Der jeg vet jeg finner frem
Legendariske ord frå rockedronninga Anne Grete Preus, Østlending, og me er opne for dei også her vest. Ho var ei av våre store musikarar, som også kjempa seg fram til ein posisjon som ikkje var sjølvsagt. Eg valde Anne Grete Preus, fordi eg likte ho, og dødsfallet kom midt i valkampen, eg køyrde frå Seljestad då eg høyrde nyheita. Derfor brukar eg henne som inspirasjon vidare.

Det er stort dette fylket, mange gater og grender, vårt nærmiljø der alt er kjent. Men songen handlar om å finna nokon som tek meg med og gjer meg kjent og fri, slik at slutten er kort fortalt
Jeg er en by
Jeg vil kjenne hvert smug
Jeg vil kjenne hver park
Jeg vil sitte på benker gå over torg
Og jeg vil danse på tak
Jeg vil opp opp opp i det høye tårnet
Jeg er en by
Jeg vil kjenne den ut og inn og fram og bak

Anne Grete Preus leiar oss gjennom si vandring med draumar for å bli fri, bli kjent, å lykkast, rett og slett! Ein inspirasjon for Vestland.

Det er mange meiningar om kva Vestland vil bli. Mange er vilt begeistra, somme nøkternt opne for det nye, somme er urolege og spørjande, og somme er imot. Det me alle er for, er ønskjet om fleire oppgåver, og meir pengar for å lykkast. Der gjenstår mykje arbeid og samarbeid,- men moglegheiter.

Mange har jobba hardt for det nye fylket, og eg vil berømma alle tilsette og folkevalde som har gjort ein stor jobb fram til i dag.

Og no er me her i dag, me er laget som skal byggja, utvikla og leia Vestland fylke saman.

Me, Vestlandet ligg her, vestlendingane er her, bur og verkar som før. Det er Vestland fylke som er endringa. Men, også i denne er det mykje som er ved det same, men også noko grunnleggjande nytt og endra. Der ligg kjerna.

Så spørsmålet vert for oss alle uansett- kva er visjonen for Vestland, korleis lukkast me saman i Vestland, slik at by og land spelar på lag og alle kjem opp i det høge tårnet?

Resepta eg har brukt før har tre hovudmål, samhald, handlekraft og patriotisme.

Vestland er det mest spanande av dei nye fylka, ja av alle fylka, for med vår eigenart i landsdelen, så har me ein unik moglegheit til å få nye oppgåver, desentralisera makt, vera motmakt, skapa nytt. Dersom det er nokon av dei nye fylka som må lykkast, så er det oss. Sagt på ein annan måte;- Vestland må lukkast for at regionreforma lukkast

Nasjonen si vogge stod her, dei første norske busetjarane slo seg til på øyane her for 11500 år sidan. Havforskinga si vogge stod her. På same måte som olja vest i havet gjorde oss rike, så er det her mange av nøklane til å løysa dei globale klimautfordringane ligg. Me har alltid vore utadvendt og vernande på same tid, kulturlivet vårt er internasjonalt orientert og nyskapande. Med nynorsken sitt kjerneområde her, er DNA-et vårt ein fantastisk smeltedigel.

Derfor, Statsråd. Velkomen til samarbeid for Vestland. Me har forventingar til at Regjeringa fører ein politikk som er godt for Vestland. Me har forventningar til at me får handlingsrom for at me kan dansa på tak, at den vidaregåande skulen blir oppretthalden, at me får tatt att etterslepet på fylkesveiane, rassikring, bygd Vestland vidare saman, at me får kompensert for å vera frontrunnar i å løysa klimaproblema.

Velkomen statsråd til å kasta pengar etter oss i samarbeid for pilotar og  dei moglegheiter som ligg i Regionreforma, som set Vestland på kartet, innan kultur, forsking, høgare utdanning, regional utvikling, i det heile tatt viser at Vestland lykkast. Og me skal gjera vårt til at Regjeringa får valuta for pengane.

Alle gjester som er her i dag. Velkomen til samarbeid. Korleis kan me saman utfordra og utvikla oss, så Vestland blir betre enn dei to fylka var for seg. Velkomen til samspel, der by og land med stoltheit dyrkar den vestlandske vilje.

Kjære tilsette i Vestland fylke. Velkomen til samarbeid og samspel. Lat oss leita etter moglegheiten i situasjonen, for den er der alltid, også innan tronge økonomiske rammer så kan me skapa mykje saman.

Kjære unge i Vestland fylke, for det er de som møter fylkeskommunen tettast gjennom utdanninga. Eg legg ei spesiell helsing til dykk. Dei nye fylka skal ta ei større rolle som samfunnsutviklar. Skal me lukkast med dette, så må me samarbeida lokalt. Dette vert enno viktigare i Vestland enn i dei to fylka kvar for seg. Der fylkeskommunen er mest tilstades lokalt, er ved skulane våre. Utdanning, studiespesialisering, yrkesfagutdanning, fagskule, er regional utvikling, for det må skje i tett samspel med næringslivet i privat og offentleg sektor, utdanning er rekruttering. Kanskje kan Vestland i enno større grad gå nye stiar her i samspelet lokalt i og rundt dei vidaregåande skulane, her kan me tenkja knoppskyting, men også dei verkeleg store tankane.

Ja, Vestland må leita etter dei nye store lokomotiva også. Dette fordi me er vant med olje- og gassnæringa, der eitt årsverk generer om lag 10 gongar meir enn gjennomsnittsårsverket. Derfor må me for å oppretthalda verdiskaping og velferdsordningar fortsetja å jakta lønsemd, Vestland og Norge må klara å redda klimaet i kombinasjon med bedriftsmessig lønsemd. Innovasjon Norge og andre offentlege og private bidragsytarar er også invitert med på den vidare ferda i å utvikla Vestland saman med næringsliv og fagrørsla.

Men, me skal også veksa i det små, og me skal veksa i det berekraftige, matproduksjon og i kultur, idrett, friluftsliv, kunst, film, scene. Kulturen er alltid viktig, for den utfordrar vår kritiske sans og set dagsorden. Dette er også regional utvikling, som godt kan få sterkare stemme ved sida av samferdsel og opplæring.

Å driva med politikk er å tenna eit lys for folket, sa Per Borten.

Eg skal gjera mitt beste for at Vestland lykkast. Ja, me veit at me startar med økonomiske utfordringar, men me må hugsa å tenna lys, vera ei positiv kraft som inspirerer kvarandre og andre til å ta ut talent, skaparevner, at innbyggjarane i verdas vakraste og beste fylke lykkast. Kjære alle saman, kjære innbyggjarar i Vestland,- Velkomen til samarbeid!

- Jon Askeland