Meny

Me klarar dette - saman!

Jon Askeland

I eit intervju den fredagen «landet stengde», spurte journalisten meg om eg hadde eit råd å gje folk. Svaret mitt var at no må me alle ta ut det beste som bur i oss.

 

Desse tre vekene har vist at det bur veldig mykje gode verdiar og krefter i folk. Det gledar meg og dei fleste av oss å sjå at Noreg har klart å stå saman slik at smittetallene no har gått kraftig ned. På den andre sida er konsekvensen av pandemien at det samla sett er heile 14% heilt eller delvis utan arbeid i fylket vårt.

Noko av det første eg gjorde i krisa, var å innby ordførarane i fylket til møte der me utveksla informasjon om både krisehåndtering og å jobba for sysselsetting. Desse møta har me halde fram med kvar veke. Ordførarane var med ein gong tydelege på at hovudoppgåva vert å sikra sysselsetting og frivillig sektor. Dette gledde meg, og gjer det naturleg å bruka Sp-verdien om å sikra gode lokalsamfunn, og slik vil fylkeskommunen bidra og bistå dykk i kommunane, for den viktigaste staden i livet vårt, er der me bur!

God påske!