Meny
Meir veg for pengane!

Meir veg for pengane!

Publisert: 16.03.2022 #Vestland

Fylkestinget i Vestland vedtok i dag  eit kunnskapsgrunnlag til Regional Transportplan 2022 – 2033 kalla «Meir veg for pengane».

Regional transportplan 2022 – 2033 er det øvste plandokumentet for den langsiktige utviklinga av transportsektoren i Vestland. Kunnskapsgrunnlaget «Meir veg for pengane» er forankra som eit utviklingstiltak i RTP som blei vedteke av fylkestinget i desember 2021. Dette kunnskapsgrunnlaget er viktig inn i arbeidet med det økonomiske handlingsprogrammet med investeringsprogram til RTP som skal opp som sak på fylkestinget i juni 2022.

 

I Vestland fylke er det om lag  5600 km med fylkesveg. Vestland fylke er også unikt når det kjem til tunnellar, bruer og skredpunkt langs vegnettet. Som ei følgje av terrenget som er kostbart å bygge i og låg trafikk ligg i grunnen alt rette for ei lite samfunnsnyttig vegutbygging i Vestland, når ein vert samanlikna med dei sentrale områda på austlandet. Men fylkesvegane er likevel viktige for lokal miljø, trafikktryggleik og føreseieleg framkomst for befolkning og næringsliv. Å prioritere fylkesvegprosjekt i Vestland basert på samfunnsøkonomisk lønnsemd er difor ikkje hensiktsmessig, og er heller ikkje del av mandata til dette kunnskapsgrunnlaget.

 

-Fylkesvegane er svært viktige for busetting og samhandling i fylket og utvikling av næringslivet i distrikta. Det er difor viktig at fylkesvegene blir tryggare og blir opprusta til ein akseptabel standard. Då må vi sjå på korleis vi brukar pengane på best mogeleg måte, seier Jenny Følling, fylkestingsrepresentant for Senterpartiet.

 

- Vestland fylkeskommune har som mål å vere ein god vegeigar, men vi må også våge å stille spørsmålet om kva som er godt nok.  Ein av gevinstane når fylket har overtatt heile vegansvaret, er at vi kan sjå ting i samanheng og gjere eigne vurderingar knytt til fråvik frå vegnormalane. Vi kan vurdere vegen sin funksjon og planlegge slik at vi får meir veg for dei pengane vi har til rådvelde, held ho fram.

 

Meir veg for pengane» er forankra som eit utviklingstiltak i vår Regional Transportplan. Vi vil bruke handlingsrommet i vegnormalane. Men dette må ikkje gå på bekostning av trafikktryggleik og livsløpskostnader for vegen. Val av eigna kontrakttype og god dialog med marknaden bidrar også til rimelegare vegutbygging. I særskilde tilfelle kan vi godkjenne turveg langs fylkesveg på kommunalt eller privat initiativ, der det ikkje reduserer kvaliteten på vegen eller tryggleiken til trafikantane, slår Følling fast.

P6090257-2.jpg

For å sikre meir veg for pengane har fylkeskommunen valt ut fire innsatsområde:

 

  • Vurdere korleis fylkeskommunen best kan nytte handlingsrommet i vegnormalane og andre standardkrav.
  • Vurdere byggherrestrategi og korleis fylkeskommunen best kan nytte seg av ulike kontraktar i høvelege prosjekt.
  • Identifisere moglege forbetringsområde i dei ulike veglivsløpsfasane.
  • Identifisere moglege innovasjonsløysingar.

 

 

-Prinsippet om «Meir veg for pengane» blir lagt til grunn i handlingsplaner og investeringsprogram. Dette trur vi kan vere eit godt virkemiddel for å få ein betre standard på fleire av fylkesvegene våre, avsluttar Følling.