Meny
Bli medlem

Møte utan å møtast

Sist endret: 27.09.2020 #Vestland

Korleis gjennomføra styremøte, gruppemøte, studieringar eller berre ein kaffidrøs med andre senterpartistar utan å møtast? 

De har mange moglegheiter til å gjera det. Her kjem ein kort introduksjon til nokre av dei enklaste og mest brukte verktøya. 

...men først, nokre greie tips når de nå skal møtast digitalt: 

  • Dersom du deltek på møte frå PC eller appar på mobilen der du kan bruka kamera – BRUK det! Det er alltid kjekkast om ein kan sjå kvarandre sine blide åsyn når ein har videokonferansar og liknande. Pass på at du skrur på kamera via kamera-ikona.
  • Demp deg sjølv når du ikkje prata. Det kan vera forstyrrande om dei som ikkje har ordet i eit møte har mikrofonen sin på. Det blir fort mykje unødvendig bakgrunnsstøy. Så vær snill å hugs å skru av eigen microfon når andre har orde. Bruk «mute-knappen» flittig. 
  • Deltar du i møte via PC,  kan du bruka øyrepluggar/headset med mikrofon når du er med i møte. I dei fleste tilfelle kan du kobla til dei same øyrepluggane som du brukar på mobilen din i PC-en din. Innebygde mikrofon/høgtalar i PC har ofte dårleg lyd, så dersom du har øyrepluggar/headset du kan kobla til PC-en din, oppmodar me om at du brukar desse.

 

Facebook 

Messenger på Facebook:

  1. Lag ei ny gruppe ved å klikka på messenger-ikonet og klikk Ny gruppe
  2. Gi gruppa eit namn
  3. Søk opp dei som skal vera med i gruppa
  4. Når du har lagt alle til i gruppa, kan du kva tid som helst klikka på telefon-ikonet for å starta eit møte.

 

Microsoft Teams 

Teams kan du bruka heilt gratis, du kan invitera til chat, videomøter, samarbeid, og dela skjerm for å visa presentasjonar eller dokumenter osv.

For dei som har Teams installert kan ein kalla inn kven som helst til møte. Les korleis ein gjer det her.

Dersom du vil lasta ned teams på PC-en din, kan du gjera det via denne linken. 

Møtedeltakarar som ikkje har Teams, kan delta slik:

  1. Gå inn på møteinvitasjonen du fekk i mailen din og klikk Bli med i Microsoft Teams-møte
  2. Deretter opnar det seg ei nettside der du får to val:  Last ned Windows-appen og bli med på nettet i stedet.
  3. Vel bli med på nettet i stedet.
  4. Dersom nettlesarane spør om å få tilgang til kamera og lyd, klikk ok/tillat til dette.
  5. Trykk deretter bli med nå, og du blir tatt inn i møtet

 

Skype

Du må ikkje ha Skype installert på PC-en din for å bli med på møta, men dersom du installerer har du litt fleire funksjonar. Les meir om korleis du installerer Skype for Business her.

Dersom du har Skype installert på PCen din: 

  • Gå inn på møteinvitasjonen din og klikk Bli med i Skype-møte  
  • Du blir då tatt rett inn i møtet

Dersom du ikkje har Skype installert på PCen din: 

  • Gå inn på møteinvitasjonen din, og klikk Prøv Skype Web App. 
  • Det opnar seg då eit nytt vindauge. Her klikkar du installer og bli med ved hjelp av nettappen for Skype-møter
  • Du vil då sjå at nettappen lastar seg ned på PCen din
  • Klikk på appen og det vil  dukka opp eit nytt vindauge. Skriv inn namnet ditt og du vil bli sendt inn i møtet.

Ta del i møtet via telefon:

  • I møteinnkallinga til Skype-møte finn du telefonnummer for Norge, og ein pinkode (8 siffer + #-tasten).
  • Ring inn nummeret, trykk inn pin-koden når stemma i andre enden ber om det, sei namnet ditt når du får beskjed om det, og du kan er med på møtet via telefon :) 

 

 

 

 

 

 

 

 

Denne artikkelen ble først publisert 01.02.2020