Meny
Bli medlem

- No må liv og helse prioriterast

Sist endret: 27.09.2020 #Vestland

- Vårt høyringsvar er ein tydeleg beskjed til staten om at no skal prosjekt som sikrar liv og helse prioriterast i NTP. Vår hovedprioritering er å sikra Bergen Voss, Noregs farlegaste veg, saman med andre viktige prosjekt i heile Vestland.

Gruppeleiar i Vestland Sp Aleksander Øren Heen la i dag fram framlegget som samarbeidspartia (Sp, MdG, KrF, Ap, SV og V) har samla seg om som høyringssvar til NTP.

Rassikring, utbetring av fylkesvegar, oppstart av K5-alternativet for nye E16, satsing på ei rekkje tiltak på Rv 13, E39 og E134 og betra kollektivløysingar er blant prioriteringane samarbeidspartia vil senda over til regjeringa.

Les heile framlegget her!

- Målsetjinga vår er ei ambisiøs satsing på Vestland, for å sikra liv og helse, busetnad og verdiskaping Vestland har alt innan samferdsel. Rasfarlege vegar, ein vêrutsett kyst, småflyplassar, storby og vakre og viktige jernbanestrekningar. Det har vore krevjande å finna fram til ein tydeleg uttale, men me meiner me her har løyst oppgåva til det beste for folk og næringsliv i heile Vestland, seier Heen.

Han påpeikar vidare at målsetjinga for Senterpartiet er å sikra ei ambisiøs satsing på Vestland, både for å sikra liv og helse, busetnad og verdiskaping. Det krev mellom anna at staten bidreg monaleg for i spleiselaget for å trygga fylkesvegar.

- Staten må setja fylkeskommunen i stand til å vera den gode vegeigaren me vil vera.  Me krev ei offensiv satsing på fylkesvegnettet.  Her må staten på banen og ta ein stor del av spleiselaget. Me ber om store løyvingar slik at me kan ta att etterslepet på fylkesvegane i løpet av ein tiårs periode, tilsvarande Staten sine mål for eigne vegar, seier Heen.

Denne artikkelen ble først publisert 30.04.2020