Meny
2020 Vestlandsnatur, Sogn og Fjordane

På veg mot fullført breibandutbygging

Vestland fylke har målet om full breibandutbygging i sikte, etter store løyvingar gjennom mange år.

Me byggjer breiband i landets mest krevjande natur, og no nærmar me oss full dekning. Det er mogleg dei siste områda kan få best dekning ved 5G. Samarbeidspartia legg til grunn at Vestland fylke får meir pengar til (etter søknad for 20 mill.) breibandutbygging frå midlane regjeringa sette av i tilleggsproposisjonen, men samarbeidspartia ynskjer likevel å løyve ein tilleggssum på 8 mill., for raskare å nå målet om full dekning.
«Tilgang til breiband og høghastigheitsnett er avgjerande for kor folk og næringsliv kan bu og etablera seg. Difor er det viktig for Sp å ha full trøkk på denne utbygginga i heile Vestland. Saman med auka løyvingar frå regjeringa tek me no eit nytt steg mot dette målet!», seier Sigrid Handegard Brattabø, gruppeleiar for Senterpartiet.
Saman med andre viktige satsingar i samarbeidspartia sitt forslag til budsjett, er forslaget om auke i løyvingar til breiband eit viktig tiltak for å betre tenester nær folk i heile fylket. I ein stadig meir digital kvardag er det viktigare enn nokon gong at breibandutbygginga held fram i høgt tempo. Breibandutbygginga er ei viktig distriktssatsing der ein i langt større grad kan legge til rette for ein desentralisert arbeidsstruktur. Det betyr noko for kvardagen til folk, og står i takt med samfunnsutviklinga.
«Samarbeidspartia på fylket har i fleire år prioritert breibandutbygging og nå er det viktig at vi får fleire søkarar slik at nye områder kan få breiband», seier Tor Andre Ljosland (KrF), hovudutvalet for næring vil handsame innkomne søknadar i 2022.
Tal søknader om støtte til breibandutbygging syner at det er reell trong for minst det dobbelte av det VLFK fekk i statlege overføringar i 2021. Samarbeidspartia følgjer dette opp, og tek sikte på fullført breibandutbygging.

 

Sigrid og Tor André.png
Sigrid Brattabø Handegard (Sp) og Tor Andrè Ljosland (Krf)