Meny
Bli medlem
1061752

Psykologteam og miljøkoordinatorar held fram i Vestlandsskulen

Publisert: 16.12.2020 #Vestland#Hordaland#Sogn og Fjordane

- Til sjuande og sist handlar det om å sjå elevane i kvardagen, og gje dei hjelpa dei treng, når dei treng det.

Det seier fylkestingsrepresentant frå Senterpartiet og medlem i Opplæringsutvalet i Vestland, Sigurd Reksnes. 

Fylkestinget vedtok i dag eit heilskapleg psykososialt tilbod i Vestland. Dette inneber at miljøkoordinator-ordninga held fram, og at fylkeskommunen styrkar arbeidet for eit stabilt psykologteam som skal tilby eit lågterskel-tilbod, rettleiing og samtalar med elevar og lærlingar. 

- Det er mange unge som ikkje få hjelp når dei treng det. Det går ofte for lang tid før dei melder frå om utfordringane sine, til dei får nokon å snakka med, nokon som kan gi dei råd, rettleiing eller naudsynt hjelp. Senterpartiet har vore svært opptekne av denne saka og er veldig glade for at psykologteam og miljøkoordinatorar blir vidareført. Me vidarefører det me veit fungerer, seier Reksnes. 

Det skal vidare arbeidast med å sikrast eit stabilt psykologteam  i samarbeid med kommunar og helseføretak om kjøp av psykologtenester.