– Det er eit stort paradoks at fylkeskommunen no må sørga for lånegaranti på 50 millionar kroner til viktige kulturinstitusjonar, etter at Abid Raja tidlegare konkluderte med at fylket ikkje var i stand til å ta seg av kultursektoren.
Det seier Hilde Horpen, fylkestingsrepresentant for Senterpartiet , og medlem i hovudutval for kultur, idrett og integrering i Vestland Fylkeskommune.
I dag har utvalet ein søknad frå KODE om lånegaranti på 50 millionar kroner, på bordet.
– Som del av regionreforma skulle kulturområdet overførast til fylket med store oppgåver og midlane som høyrte til. Då Raja i vår avlyste også denne delen av reforma, sette det punktum i regjeringa si fallitterklæringa av regionreforma. Hovudargumentet for å ikkje overføra kulturfeltet til fylkeskommunane var ganske enkelt skepsis til at fylka ville klara å ta seg av denne sektoren. Likevel er det no fylkeskommunen, ikkje staten, som må inn med garanti på fleire titals millionar kroner til ein av dei viktigaste kulturinstitusjonane i Vestland, seier Horpen.
– KODE er ein heilt avgjerande aktør for ivaretaking og formidling av kunst og kultur i Vestland, og naturlegvis svært viktige for fylkeskommunen å bidra til å ivareta. Likevel valde regjeringa i år at det var Staten som skulle ha hovudansvaret for desse institusjonane. Når regjeringa no forsømer plikta si, er det fylket som må på banen med lånegaranti. Når regjeringa først har valt å ta ansvaret, må dei levera på dette. Om ikkje burde ein gjerne gitt fylket oppgåvene og midlane som var lova i utgangspunktet. Senterpartiet forventar at staten tar både ansvaret sitt og kulturlivet i Vestland på alvor.