Meny
Bli medlem

Regjeringa sviktar nynorskbrukarane!

Sist endret: 27.09.2020 - Hilde Horpen, leiar i Sogn og Fjordane Senterungdom og Fylkestingsrepresentant Vestland fylke (Sp) #Vestland

I valkampen og i festtalar gjer regjeringa, særleg Venstre og Kristeleg Folkeparti, alt dei kan for å verka nynorskvenlege. Men når det kjem til stykket, gidd ikkje Venstre og KRF å ta kampen for nynorsken i norskfaget. Det er ikkje bra nok!

Måndag vart dei nye læreplanane lagt fram av kunnskapsminister Jan Tore Sanner. I norskfaget vert sidemålsordninga svekka. Elevane i ungdomsskulen skal ikkje lenger vil få undervegskarakter i sidemål i 8. og 9. klasse, og på vidaregåande forsvinn sidemålskarakteren fyrste og andre året. Det er ikkje eit poeng i seg sjølv å ha flest mogleg karakterar, men karakterane styrer kva som vert prioritert i skulen.

Dessutan innfører regjeringa lågare krav i sidemål enn i hovudmål i læreplanen. Dei nytta ikkje heller ikkje sjansen til å gjera endringar alle veit vil gje betre sidemålsundervising: Tidlegare start med sidemål for bokmålselevar, sidemål i andre fag enn norsk for bokmålselevar og betre nynorskopplæringa i lærarutdanningane.

Endringane regjeringa gjer, vil mest truleg føra til at lærarane prioriterer ned sidemålsundervisinga, som for dei fleste er nynorsk. Mindre sidemålsundervising vil føra til lågare nynorskkompetanse i det norske samfunnet. Det er kritisk for nynorskområda som Sogn og Fjordane og resten av Vestland. Me treng lærarar som meistrar nynorsk, slik at dei kan skapa god språkkompetanse hjå elevane. Og skal nynorskbrukarane få bruka nynorsk i kvardagen og arbeidslivet, er me avhengige av at folk i heile Noreg meistrar nynorsk. Nynorskkompetansen i samfunnet er slettes ikkje god nok i dag. Då er det ikkje akseptabelt at Venstre og KRF går med på endringar som gjer problemet endå verre, og ikkje tek kampen for meir og betre nynorskundervising. Og det rett etter at dei legg fram ei språklov som nettopp skulle styrkja nynorsken. Handling tel, ikkje ord!

Senterpartiet og Senterungdomen har alltid teke kampen for nynorsken. Me tok kampen for sidemålskarakteren i den raudgrøne regjeringa, og er nok ein gong klare for kamp for å styrkja nynorsken, og  betra kvardagen til nynorskbrukarane. Regjeringa, og særleg KRF og Venstre, har mykje å svara for og mykje dei må gjera godt igjen.