Meny
Alexander Fosse Andersen og Sigurd Reksnes

Samarbeidspartia aukar opp kapasiteten på yrkesfaga i Vestland

-Søkjartala til vidaregåande opplæring i Vestland syner at fleire søkjer seg til yrkesfag. Dette er ei ynskt utvikling og svarer til behov i arbeidslivet for faglært arbeidskraft. Senterpartiet er difor veldig glad for at samarbeidspartia Ap, Sp, Mdg, Sv, Krf og Venstre aukar opp kapasiteten på yrkesfag for å møte behova til arbeidslivet i Vestland, seier Alexander Fosse Andersen (Sp), medlem av hovudutval for opplæring og kompetanse.

Utvalet har i dag hatt møte, der justeringssaka har vorte behandla.

 

Koronapandemien har vore utfordrande for mange elevar og lærlingar. Samarbeidspartia meiner difor det er rett å gjere ein ekstra innsats overfor dei no, sjølv om det utfordrar dei økonomiske rammene til fylkeskommunen.

 

-Senterpartiet er glad for at samarbeidspartia aukar opp med ein ekstra klasse VG1 Teknologi- og industrifag ved Odda vgs. Søkjartalet er høgt, og lokalt næringsliv har strong for lærlingar og framtidig arbeidskraft. Ein auke på TIF ved Odda vgs vil styrkje næringslivet i Indre Hardanger, framhevar Alexander Fosse Andersen. – På grunn av søkjartalet aukar me òg opp til ein heil klasse på VG1 Studiespesialisering.

 

 

Viktig å kome lokalsamfunna i møte

 

-Stryn og Nordfjord har eit stort behov for byggfagutdanna. Det er god søking til VG1 Bygg-  og anleggsteknikk ved Stryn vgs, og næringslivet kan stille med læreplass til elevane. Samarbeidspartia kjem elevane, næringslivet og lokalsamfunnet i Stryn i møtet og aukar opp med ein klasse VG1 Bygg- og anleggsteknikk. Det er viktig for Senterpartiet, seier Sigurd Reksnes, medlem av Hovudutval for opplæring og kompetanse.

 

-Etter innspel frå skulen og lokalt næringsliv i Indre Sogn opprettar samarbeidspartia ein kombinasjonsklasse for VG2 Industriteknologi og VG2 Kjemiprosess ved Årdal vgs, held Reksnes fram. -Samarbeidspartia støttar òg opp om eit framtidig samarbeid mellom Årdal vgs og Sogndal vgs om organisering av opplæring innan VG2 Industriteknologi.

 

-Senterpartiet tykkjer òg det er gledeleg at søkjartala gir grunnlag for ein klasse VG1 Bygg- og anleggsteknikk og to klassar VG1 Teknologi- og industrifag ved Dale vgs. Det gir godt samsvar mellom utdanningstilbodet ved skulen og behovet til næringslivet i regionen, seier Fosse Andersen og Reksnes.

 

Koronapandemien påverkar Restaurant- og matfag.

 

-På grunn av låge søkjartal vert somme tilbod ikkje starta opp, mellom anna nokre tilbod innan restaurant- og matfag. Senterpartiet og samarbeidspartia ser at koronapandemien kan ha påverka søkjartala i år og ynskjer at tilbod som ikkje vert starta opp i år skal vurderast på nytt i sak om opplæringstilbodet 2022/23. Fylkeskommunen skal aktivt halde fram med rekrutteringsarbeidet til restaurant- og matfag, avsluttar Fosse Andersen og Reksnes.