Meny
Bli medlem
Teenagers Young Team Together Cheerful Concept

Samarbeidspartia justerer opplæringstilbodet

Publisert: 25.11.2020 #Vestland

-    I den tida me no er inne i, er det viktigare enn nokon gong å ivareta gode opplæringstilbod for dei unge i Vestland, ikkje byggja dei ned. 

Samarbeidspartia Sp, Ap, MDG, KrF, SV og V justerer rådmannen sitt framlegg til endringar i opplæringstilbodet for skuleåret 2021/2022, og bidreg dermed til at fleire føreslegne reduserte opplæringstilbod bli vidareførte.

- Dette har vore ei vanskeleg og krevjande sak, der me har fått mange viktige innspel og tilbakemeldingar frå engasjerte innbyggjarar i Vestland.  No har me arbeidd oss saman til ei løysing me meiner ivaretek mange av innspela me har fått i saka.

Samarbeidspartia legg i dag fram sitt framlegg til i saka om opplæringstilbod 2021/2022 i hovudutvalet for opplæring og kompetanse, der dei gjer følgjande endringar i fylkesrådmannen sitt forslag:  

Voss gymnas

• Opprettar eit kombinasjonstilbod med ein halv klasse VG1 Musikk, dans og drama og halv klasse VG1 Kunst, design og arkitektur

Voss vgs

• Opprettar ein kombinasjonsklasse VG2 Kjøretøy og VG2 Arbeidsmaskiner. Erstattar ein heil klasse med VG2 Arbeidsmaskiner. 

• Utval for opplæring og kompetanse ber fylkesrådmannen gå i dialog med skulen og andre relevante partar for å sikre at denne endringa er mogleg og sikrar god kvalitet i tilboda.

Årdal vgs

• Opprettar ein klasse VG2 Industriteknologi

Hafstad vgs

• Opprettar ein halv klasse VG1 Kunst, design og arkitektur

Åsane vgs

• Opprettar ein ekstra klasse VG2 Rørfag i tråd med tilrådinga frå yrkesopplæringsnemnda

• Opprettar ein ekstra klasse VG2 Ventilasjon, membran og taktekking.

• Utval for opplæring og kompetanse vil understreke at ein for dette tilbodet vil praktisere krav om klasseoppfylling strengt 

Odda vgs

• Opprettar eit kombinasjonstilbod med ein halv klasse VG1 Idrettsfag og ein halv klasse VG1 Studiespesialiserande. Erstattar ein hel klasse med VG1 studiespesialiserande. 

Dale vgs

• Opprettar ein klasse VG1 Bygg- og anleggsteknikk. Erstatter ein hel klasse med VG1 Teknikk og industrifag

Fitjar vgs

• Opprettar ein klasse Vg1 Frisør, blomster, interiør og

eksponeringsdesign. Erstattar ein hel klasse med VG2 Interiør og utstillingsdesign

Knarvik vgs

• Opprettar ein klasse VG2 Betong og mur i tråd med tilrådinga frå yrkesopplæringsnemnda. Erstattar ein klasse VG2 Tømrar.

• Opprettar ein klasse VG1 Handverk, design og produktutvikling. Erstattar ein klasse VG2 Søm og tekstilhandverk.

 

Fleirtalspartia ønskjer også at fleire på yrkesfag går ut i lære og tek fagbrev for å møte behovet arbeidslivet har for kompetanse.

- Me ynskjer å vri fleire elevar over frå påbygg til lære, det er eitt viktig grep for å redusere talet på fråfall. Skular der me føreslår å redusere talet påbyggsklassar, vil framleis ha søkbart påbyggstilbod. Sjølv om det kan vere at somme påbyggsklassar vert tekne inn når me ser prognoseinntaket i mars, meiner fleirtalspartia dette er eit viktig signal for at skulane skal ha auka fokus på å få fleire ut i lære. 

I sum gjev desse endringane ein nettoauke på 6,25 grupper samanlikna med fylkesrådmannen si innstilling. Det vert som vanleg gjort endeleg tilpassing i mars 2021, basert på elevane sine søknadstal.

Vidare vil utvalet vidareføra det nettbaserte tilbodet med Vg4 påbygg etter yrkeskompetanse Eid vidaregåande. Tilbodet er populært og gir høve til at ferdigutdanna fagarbeidarar kan ta generell studiekompetanse medan dei er i arbeid.

- Me ønskjer at dette vert ei permanent ordning ved skulen og meiner dette kan vere ein aktuell modell fleire stader.