Meny
Bli medlem

Seier nei til North Connect

Sist endret: 27.09.2020 #Vestland

Etter framlegg frå Sigrid Brattabø Handegard (Sp) sa fleirtalet i næringsutvalet i Vestland  nei til konsesjon til North Connect. 

Næringsutvalet i Vestland fylke gjorde i dag følgjande vedtak etter framlegg frå Sigrid Brattabø Handegard (Sp) i saka  Høyringsfråsegn om North Connect:
 
- Vestland fylke rår i frå at det vert gitt konsesjon til North Connect til å byggja straumkabel frå Sima i Hardanger til Skottland.

Dette blei vedteke som eit fellesframlegg SP, AP, SV og FrP.

- Eg er svært glad for at fylkeskommunen seier klart nei til denne kabelen. No håpar eg storting og regjering lyttar til Vestland fylke, seier Aleksander Heen, gruppeleiar Senterpartiet
 
Ein ny utanlandskabel til eit land med høgare kraftprisar vil generelt føre til auka kraftprisar i Noreg. NVE har berekna at i kraftprisane i Noreg vil auke med 1-3 øre per kWh i snitt over North Connects levetid (40 år). Dette vil føra til ein auka kostnad for alle elektrisitetsbrukarar i Norge, - både husstandar, næringsliv og offentleg sektor.
 
Kraftkrevjande industri er særs viktig for mange kommunar og lokalsamfunn. Det er avgjerande at industrien, i eit høgkostland som Norge, ikkje vert påførd auka kostnader i form av auke i kraftpris og nettleige slik bygging av denne kabelen vil føra til.
 
Det er mange planar for næringsetablering i Vestland som utløyser eit auka kraftbehov. I tillegg bør vår fornybare ressurs nyttast til å elektrifisere meir av industrien i Norge. Vestland fylke meiner difor det vert feil å eksportera denne ressursen ut av landet.
 
Hardanger er ein viktig frilufts- og reiselivsregion. Dette er også eit område som har ytt mykje av sin natur gjennom fleire store vasskraftutbyggingar tidlegare. Eit evt. løyve til å byggje den omsøkte kabelen, vil føra til auka press på utbygging av t.d vindkraft i fjell- og fjordlandskapet i Hardanger. Det er Vestland fylke sterkt imot.
 
- Ein slik kabel vil bety høgare kraftprisar, noko industrien spesielt og alle andre straumbrukarar vil merke. Senterpartiet meiner rimeleg kraft er eit av våre konkuransefortrin, og krafta må brukast til å byggja ny næring i Vestland og i Noreg, avsluttar Heen.