Meny
Bli medlem

Senterpartiet, Arbeidarpartiet, Kristeleg Folkeparti og Venstre samlar seg om NTP

Sist endret: 27.09.2020 #Hordaland#Sogn og Fjordane#Vestland

Utbygging av Arna – Voss og Vossabanen er hovudprioritet, og satsing på E39 ligg i fellesframlegget som blir lagt fram i fylkestinget i dag.

- Me merkar  oss at  sentrale representantar frå regjeringspartia gjev oss støtte i betydninga av å både få rassikra E16 og å få bygd ferjefri E39. Me føreset at løyvingane vert prioritert i første del av planperioden, og er oppteken av at det i Vestland fylke vert gjeve midlar både til å starta store prosjekt og mindre prosjekt, slik at det balanserer utviklinga i fylket, heiter det i framlegget som samarbeidspartia vil leggja fram i fylkestinget 12.mai.

Det er liv og helse som må prioriterast først, og partia held fast på tidlegare vedtak om rassikring av E16 og Vossebana, og  utbygging etter K5-alternativet for ny E16 og Vossebana som hovudprioritet.  Vidare understrekar partia behovet for auka løyvingar til å ta att vedlikehaldsetterslepet av fylkesvegnettet og til rassikring i tråd med nasjonal rassikringsgruppe sine prioriteringar.

Samstundes opprettheld partia ei målsetjing om ein ferjefri E39 som den mest sentrale transportkorridoren for heile Vestlandet.

- E39 må prioriterast som hovudferdselsåre med tilstrekkeleg standard for å binde landsdelen saman. Det må utarbeidast ein samla plan for utbygging av  denne ferdselsåra. Bygging av kryssing over Langenuen må startast raskt. Vegane mellom fjordkryssingane må prioriterast med to felt og gul midtstripe heile vegen, skriv dei fire partia i framlegget.

Samarbeidspartia peikar i uttalen på at Vestlandet sine store utfordringar i grunnleggjande infrastruktur og er tydelege på at det nå er Vestlandet som må prioriterast i komande NTP. Framlegget understrekar også at prosjekta som ligg inne i første del av gjeldande NTP må startast opp i inneverande periode. Det gjeld fleire tiltak på E39 og E134, og Stad Skipstunnel.

 

Her kan de lesa heile fråsegna: 

Fråsegn frå Vestland fylkesting – Nasjonal transportplan 2022-2033


1. Fylkestinget viser til høyringsfråsegn frå 2019 frå tidlegare Hordaland og Sogn og Fjordane
fylkeskommunar om dei viktigaste utfordringane til Nasjonal Transportplan 2022-2033.
Høyringsfråsegna viser at det er store uløyste utfordringar for å få eit effektivt, miljøvenleg
og trygt transportsystem i Vestland. Fylkestinget viser også til at det er naudsynt å få opp
aktiviteten i næringslivet i Vestland etter koronapandemien. Dei store behova gjer at det
framleis må vere høge rammer i Nasjonal Transportplan.
Fylkestinget merkar seg at sentrale representantar frå regjeringspartia i mai 2020 gjev oss
støtte i betydninga av å både få rassikre E16 og å få bygd ferjefri E39. Me føreset at
løyvingane til desse vert prioritert i første del av planperioden. Fylkestinget er oppteken av
at det i Vestland fylke vert gjeve midlar både til å starta store prosjekt og mindre prosjekt,
slik at det balanserer utviklinga i fylket.


2. Fylkestinget meiner at liv og helse må prioriterast først, og at transportnettet vårt må vere
trygt, framkomeleg og bidra til balansert utvikling i heile fylket. Dagens modellar for
samfunnsøkonomisk lønsemd må reviderast og er ikkje åleine tilstrekkeleg som
vurderingskriterium for prioriteringar. Innbyggjarar og næringsliv i Vestland skapar store
verdiar for Noreg i form av eksportverdiar og skatteinntekter. Samstundes har Vestland store
utfordringar i høve grunnleggjande infrastruktur, og fylkestinget ber om at landsdelen vert
prioritert i NTP 2022-2033. Samferdsleutbyggingar må framover ta større omsyn til jordvern,
natur og miljø.

3. Fylkesvegane er viktige bindeledd lokalt og er sentrale i å mate trafikk inn mot
riksvegnettet. Fylkesvegane må vere trygge og framkommelege og sikrast mot ras og flaum.
Fylkestinget viser til, og støttar Nasjonal Rassikringsgruppe sitt, krav om å utbetre alle punkt
med skredfaktor høg og middels. For Vestland fylke er desse utbetringane rekna til 40
milliardar for riks- og fylkesvegnettet. Vestland fylke ber om store løyvingar til
fylkesvegnettet slik at vi kan ta att etterslepet på fylkesvegane i løpet av ein tiårsperiode –
tilsvarande målet som Staten har for sine vegar.

4. Fylkeskommunane har fått nye statlege krav og oppgåver utan at tilstrekkeleg ressursar
har følgd med. Vestland fylkesting vil peike på:
a. På grunn av klima- og miljøkrav, og ei naudsynt fornying av ferjeflåten som ikkje er
kompensert, er ferjefylka sett i ein særs vanskeleg økonomisk situasjon.
b. Fylkeskommunane står ovanfor ein tilsvarande økonomisk krevjande situasjon grunna
krav til reduksjon av klimagassutslepp for hurtigbåtane.
c. Tunneltryggleiksføreskrifta er eit nasjonalt krav som ikkje er tilstrekkeleg finansiert.
Vestland har i dag om lag halvparten av alle fylkesvegtunnelane i landet og vil ikkje klare
fristen med dei ressursar som er stilt til rådvelde.
d. Fylkeskommunen har overteke ansvaret for fiskerihamner. Midlane som er overførte til
fylkeskommunane er langt lægre enn det som Kystverket hadde til disposisjon for
fiskerihamner. Det er heller ikkje overført personalressursar.
e. Fleire fylkesvegar er omkøyringsvegar for riksvegar med hyppige stengingar som følgje av
ulukker, ras, flaum og vegarbeid. Fleire av fylkesvegane er ikkje i god nok stand til å handtere
dei store trafikkmengdene som kan kome av stengingar. Fylkestinget ber om at det vert sett
av midlar for å betre framkome på omkøyringsvegar.
f. Fylkestinget meiner det er viktig å oppretthalde flyrutene i distrikta og det må bli tilført
tilstrekkeleg økonomiske ressursar slik at FOT-rutene kan vidareførast. Det bør opprettast nye FOT-ruter på strekningar der det ikkje lenger er økonomisk lønsamt med kommersielle
flyruter.


5. Det er knytt store kostnader til gjennomføring av nullvekstmålet og finansieringa av store
kollektivinfrastrukturprosjekt er delvis finansierte av bompengar. På sikt er ikkje dagens
finansieringssystem for byvekstavtalar berekraftig. Vestland fylkeskommune har store
økonomiske utfordringar knytt til lån som måtte til for å bygge første trinn av bybana i
Bergen, der staten sitt bidrag var 8%. Staten må ta eit større ansvar for utbygging av
kollektivsystem i dei store byane, mellom anna ved å bidra med minst 70% av finansieringa,
eller auke ramma kraftig til Bybana sitt byggetrinn 5 til Åsane. Fylkeskommunen må også
settast i stand til å kunne finansiere auka driftsutgifter til kollektivtrafikken for å kunne nå
nullvekstmålet.


6. Fylkestinget viser til at det er store behov for investeringar i samferdsel på Vestlandet, og
legg vekt på:
a. Fylkestinget er nøgd med at samferdselsetatane legg stor vekt på å redusere forfallet.
Etterslepet på fylkesvegnettet er stipulert til om lag 12 milliardar i Vestland. Det er behov for
å kritisk vurdere standardval, krav til hastigheit og trasear med sikte på å få ned
kostnadsnivået. Standardval må også ta omsyn til at klima- og miljøutfordringane tilseier at
biltrafikken må reduserast, særleg i og rundt dei store byane. Det må vera eit krav at alle
europavegar har ein standard som tilsvarar tofelts køyrebane med gul midtstripe.
b. Vegar og bane må sikrast mot skred og flaum. Fylkestinget viser til Nasjonal
rassikringsgruppe sine krav om ein nasjonal plan for sikring av alle punkt med høg og
middels skredfaktor i løpet av ein 12 årsperiode.
c. Fylkestinget er positiv til at det blir fremja tiltak på lengre korridorar i staden for berre
einskildstrekningar. Det er behov for strategiar for einskildstrekningar for å betre standard,
der det også blir vurdert enklare tiltak for å fjerne dei største flaskehalsane og
ulukkespunkta. Mange mindre tiltak kan ha stor positiv effekt og det må bli avsett
tilstrekkeleg med programområdemidlar til mindre tiltak.
d. Ein god og berekraftig infrastruktur i dei folkerike områda i og rundt Bergen er særs viktig
for å redusera klimagassutslepp. Bergensregionen har spesielle utfordringar når det gjeld
knappheit på areal, framkomst, støy- og luftforureining og behov for å redusera
personbiltrafikken for å nå nullutsleppsmålet. Staten må difor i langt større grad bidra i
finansieringa av store prosjekt som til dømes bybane til Åsane og sikre Byvekstavtalen i
Bergensområdet.

7. Fylkestinget viser til Stortinget si handsaming av gjeldande NTP, der fleire viktige prosjekt
for Vestland er med, og som det no ikkje er funne plass til innanfor dei rammene
transportetatane har fått i oppdrag å prioritere etter. Prosjekta som ligg inne med oppstart i
første periode, og som no ikkje er prioritert i framlegget må kome inn i første del av NTP. Det
gjeld mellom anna fleire tiltak på E39 og E134. Seljestad-Røldal har ein fleirtalsmerknad frå
Stortinget i gjeldande NTP, og bør kunne starte i inneverande periode. Fylkestinget føreset
snarleg oppstart.
Fylkestinget viser til at Stad skipstunnel er prioritert av eit samla Storting i gjeldande NTP,
og forventar difor at Stad skipstunnel får oppstartløyving i 2021 og vert fullfinansiert
påfølgjande år. Fylkestinget føreset vidare at alle prosjekt som er bundne med
oppstartløyving er å sjå på som igangsette.
Vestland er eit fylke med store behov innan samferdsel og prioriterer følgjande investeringar
i store prosjekt:

a) Av omsyn til stor rasfare og mange ulukker er Vestland fylkesting si
hovudprioritering rassikring av E16 og Vossebana mellom Bergen og Voss, og
Vestland fylkesting held fast på tidlegare vedtak om utbygging etter K5-alternativet
for ny E16 og Vossebana. Det må startast vidare planlegging av strekninga
Stanghelle-Voss for å legge til rette for samanhengande utbygging på strekninga
Bergen-Voss. Reisetida på Bergensbana må kome ned mot 4 timar mellom Bergen og
Oslo.
b) E39 er den mest sentrale transportkorridoren for heile Vestlandet og må prioriterast
som hovudferdselsåre med tilstrekkeleg standard for å binde landsdelen saman, og
for å styrke sambandet med Europa. Det må utarbeidast ein samla plan for utbygging
av denne ferdselsåra.
Fylkestinget opprettheld visjonen om ein ferjefri E39. Ein ferjefri E39 mellom
Sunnhordland og Bergen gjev store samfunnsvinstar og auka verdiskaping i
regionen og landsdelen. Kryssing av Langenuen må startast raskt. Vegane mellom
fjordkryssingane må prioriterast med to felt og gul midtstripe heile vegen. Ein må og
vurdere standardval på fjordkryssingane. Det må vere høgare frekvens på
ferjesambanda inntil desse er avløyst.
Fleire strekningar manglar i stor grad gul midtstripe, har dårleg kurvatur og utgjer
flaskehalsar på vegnettet. Særleg er behova store på strekningane E39 HeianeÅdland,
E39 Klauvaneset-Vågsbotn, E39 Eikefet-Romarheim, E39 Bogstunnelen-
Gaular grense, E39 Storehaug-Førde og E39 Byrkjelo-Grodås, samt utbetring av punkt
på strekninga Byrkjelo-Sandane. E39 Storehaug-Førde vil erstatte den
ulukkesbelasta, bratte og svingete vegen ned til Førde sentrum frå sør. Prosjektet vil
også gje stor innsparing i reisetid, vere eit viktig trafikktryggleikstiltak og bør derfor
prioriterast i første periode, saman med parsellar som i dag ligg inne i NTP. E39
Klauvaneset-Vågsbotn er også ulukkesutsett og har for låg standard i forhold til
trafikkmengda, vi forventar oppstart av denne strekninga i første periode.
Fylkestinget rår til at det blir sett av midlar til lenging av Fløyfjellstunnelen til
Eidsvåg for å kunne leggje til rette for Bybana sitt byggjetrinn 5 til Åsane. Dette
arbeidet må sjåast i samanheng med oppgradering av Fløyfjellstunnelen etter
tunneltryggleiksforskrifta.
c) Fylkestinget er nøgd med at Statens Vegvesen føreslår rassikring av rv. 5 Erdal-
Naustdal, rv. 13 Vinje-Myrkdalen, rv. 13 Kinsarvik-Kyrkjenes, rv. 13 Byrkjenes og rv13.
Oddadalen. Fylkestinget vil vidare særleg vise til behovet for å realisere ny tunell på
rv. 13 Vikafjellet som er den mest vinterstengte fjellovergangen i Sør Noreg, både
grunna ras og vanskeleg vinterdrift. Rv 15 Strynefjellet er ofte stengd grunna rasfare,
vanskeleg vinterdrift og må løysast med ny tunell grunna tunelltryggleiksforskrifta,
jamfør allereie vedteke konsept. Dei skredutsette partia på E39 Skjersura, E39
Våtedalen og E16 Nærøydalen må sikrast.
d) Fylkestinget vil prioritere rv. 52 og E134 som hovudsamband mellom Austlandet og
Vestlandet. I første omgang må E134 Vågslid-Røldal inn i Nasjonal transportplan
2022- 2033, og det bør startast reguleringsplanlegging for strekninga E134 Bakka-
Solheim. Vidare viser fylkestinget til Regjeringa si avgjerd om å prioritere rv. 52 som
hovudsamband for tungtransport og rv. 7 for personbiltrafikk og turisme. Det er
behov for ein vidare utviklingsstrategi for oppgradering av dei to sambanda, og det bør avsetjast midlar til strekningsvise utbetringstiltak for å betre vinterregulariteten.
Fylkestinget stør fagetaten sitt innspel om å prioritere opprusting av rv. 5 Markegata
i Florø, rv. 5 Fjærlandstunnelen-Lundebotn og rv. 5 Sogndalsdalen.
e) Vinterregulariteten på Bergensbanen må betrast. Det er behov for fleire og lengre
kryssingsspor for at godstransport på jernbane skal styrkje si stilling i forhold til
godstrafikk på vegar.
f) Det bør avsetjast strekningsvise midlar til rv. 13 gjennom Hardanger for å fjerne dei
største flaskehalsane.
g) Fylkestinget er nøgd med at Kystverket vil prioritere ei rekkje farleistiltak på
Vestlandet. Heving av vraket av ubåt U-864 ved Fedje er eit viktig prosjekt for
kystsamfunnet og fylkestinget meiner det må ei eiga løyving til for dette tiltaket utan
at det reduserer Kystverket sin kapasitet til å ivareta sine prioriterte oppgåver.
h) Fylkestinget meiner det er viktig å utvikle eit fungerande ringvegsystem i Bergen, og
rår difor til at strekninga Arna-Fjøsanger/Hop blir prioritert før strekninga E16 Arna-
Vågsbotn. I eit kortsiktig perspektiv vil fylkeskommunen vurdere å utbetre fv. 587
Arna- Nesttun, men denne vil ikkje vere ei erstatning for ringveg aust på lenger sikt.
i) Fylkestinget viser til aust-vest-utgreiinga der det blir rådd til å gjennomføre ein
konseptvalutgreiing for ein diagonal mellom E134 og Bergensområdet og ber om at
dette arbeidet vert starta opp. Vidare ber Fylkestinget om at det vert starta opp ein
KVU på rv 5 Håbakken-Skei.


8. FN sine bærekraftmål, og særleg mål 9, peikar på det viktige i å ha god og solid
infrastruktur for at samfunnet skal fungere. Infrastrukturen vi bygger må legge til rette for
den elektrifiseringa vi ser vil kome; både av fly, båtar og bilar. Siste tida med krisehandtering
har også synt kor viktig det er å kunne ha digital infrastruktur for å kunne drifte eit samfunn.
NTP må legge til rette for at samfunnet kan ta dei rette klima-vala, slik at vi kan halde
internasjonale forpliktingar.
Nasjonal transportplan 2022-2033 må avklare ein vidare strategi for korleis
transportsektoren skal bidra til reduserte klimagassutslepp og hindre tap av matjord og
naturmangfald for å nå nasjonale mål. Tiltak som stimulera til teknologisk utvikling,
endringar i køyretøypark, reduksjon av utslepp i drifts- og anleggsfase samordna areal- og
transportpolitikk i byområda er viktige tiltak. Det må gjennomførast tiltak for å redusere
klimagassutslepp i distrikta, som for eksempel å leggje til rette for ladeinfrastruktur.


9. Høgfartsbreiband til alle og full dekning av 5G mobilnett er avgjerande for vekst, utvikling,
tryggleik og beredskap. I dagens moderne Noreg er full og sikker tilgang til dette for alle ein
like naturleg infrastruktur som elektrisitet og vatn/avløp. Vestland fylkeskommune
forventar at Staten sikrar midlar som gjer at vi får bygd ut denne infrastrukturen i heile
fylket innan 5 år.

10. Fylkestinget syner til teknologiutviklinga innan elektrifisering av luftfarten.
Kortbanenettet i Vestland er godt eigna til å prøve ut denne teknologien, og Vestland fylke vil
gjerne ha rolla som pilotfylke for elektrifisering av luftfarten. Vi ber om midlar til å etablere
nullutsleppsteknologi innan luftfart og at Avinor prioriterer elektrifisering av utvalde
innanlandsruter til og frå Flesland, slik at Vestland kan utvikle leiande kompetanse for
elektrifisering av luftfarten.

11. Ferjeavløysing må bli eit eige strategisk satsingsområde i NTP. Fylkestinget meiner
verktøya for ferjeavløysing må oppretthaldast og styrkast, mellom anna ved å legge til rette
for nye kontraktsformer for brubygging og føreseielege finansieringsformer som tar omsyn
til heile kapitalkostnaden.

12. Sykkelen er et transportmiddel som er tilgjengeleg for dei aller fleste og som med riktig
tilrettelegging kan bidra til at samfunnet når viktige nasjonale mål for betre folkehelse og
betre miljø. Mål om 8% sykkeldel nasjonalt og 20% sykkel i dei største byane må
oppretthaldast. Det er behov for ein nasjonal sykkelstrategi som sikrar prioritering av sykkel
ved nye vegprosjekt på både riksveg, fylkesveg og i byvekstavtalene. Sykkelbyprosjektet bør
utvidast til fleire tettstader.

13. Regjeringa må følgja opp intensjonane i barnas transportplan med midlar til trygge
skulevegar og andre tiltak retta mot barn og unge. Fylkestinget vil peika på tiltak som til
dømes betre og heilskapleg infrastruktur for skulebarn som går eller syklar og trygg av-
/påstiging for skulebuss/båt. Det er behov for auka bruk av Hjartesone ved planlegging av
nye skular og styrkt satsing på trafikktryggleik i helsestasjonar, barnehagar og skular.

14. Det samla garantiansvaret til fylkeskommunane er blitt høgt, og fylkestinget meiner at
staten må ta over dette ansvaret på riksveg.

15. Vestland fylkeskommune forventar at det blir ein vidare dialog med departementet om
prioriteringane i Nasjonal transportplan 2022-2033.»

 

 

 

Denne artikkelen ble først publisert 12.05.2020