Meny
Bli medlem

- Sikrar Vestland sysselsetjing og nye investeringar

Sist endret: 27.09.2020 #Hordaland#Sogn og Fjordane#Vestland

-   Tiltakspakken for olje-, gass- og leverandørindustrien kan utløysa om lag 115 milliardar i nye investeringar i år og til neste år, og sikrar sysselsetjinga i landets største eksportfylke. Me rosar det breie fleirtalet som har sikra krisepakka til næringa i Vestland.  

Det seier gruppeleiar i Vestland Senterparti, Aleksander Øren Heen, som saman med fylkesordførar Jon Askeland sender ei stor takk til det breie forliket som landa tiltakspakken til næringa.  

-  Olje-, gass- og leverandørindustrien er den største økonomiske bidragsytaren i landet. I Vestland fylke er det 35 000 tilsette direkte knytt til olje- og gassnæringa. Det er også tusenvis av arbeidsplassar i leverandørindustrien i heile fylket, frå kyst til innerst i fjordane. Denne tiltakspakken er avgjerande for fylket vårt, og sikrar sysselsetjing i landets fremste eksportfylke. Me rosar Stortinget som har funne saman i breie forlik i krisetider, seier Heen.   

I følgje næringa sjølv vil krisepakken utløysa om lag 115 milliardar kroner in nye investeringar i år og til neste år. 

- Dette gjev store ringverknadar for sysselsetjinga i andre bransjar også, det vil bidra til det grøne skiftet, og vedlikehald og utvikling av teknologikunnskapen i landet vårt, påpeikar Heen. 

Sidan Korona-pandemien råka landet i vår, har Vestland fylkeskommune hatt eit aktivt trepartssamarbeid med NHO og LO. 

- Dette arbeidet held fram også i tida framover då me saman må få opp igjen sysselsettinga i heile landet.  Trepartssamarbeidet hadde den 16. juni møte med Stortingsbenken, og der understreka NHO og LO at medlemsbedriftene og LO-forbunda at tiltakspakka betydde særs mykje for satsinga i fylket, seier fylkesordførar Jon Askeland.


Aleksander Øren Heen la fram uttalen om saka i fylkesutvalet i dag, og fekk støtte av Arbeidarpartiet, KrF, Høgre, FrP og FNB.

Denne artikkelen ble først publisert 18.06.2020

Relaterte personer

Aleksander Øren Heen, Vestland

Aleksander Øren Heen, Vestland

Gruppeleiar fylkesting Vestland Telefon: 911 34 842
Jon Askeland

Jon Askeland

Førstekandidat