Meny
To milliardar meir til rassikring av fylkesvegar

To milliardar meir til rassikring av fylkesvegar

Vestland Fylkesting vedtok i dag følgande uttale, fremja av Jenny Følling frå Senterpartiet. 

Publisert: 17.03.2022 #Vestland

Rassikring blir ein av dei store utfordringane i framover. Meir nedbør og ekstremvêr fører til auka rasfare og større slitasje på vegane. Difor må løyvingane til rassikring aukast kraftig. Det er registrert eit behov på over 35 milliardar kroner for å rassikre fylkesvegane i landet vårt. Over halvparten av desse skredpunkta ligg i Vestland fylke med eit registrert behov på vel 13 milliardar.

Vestland fylkesting ber difor om at:

1. Løyvingane til rassikring av fylkesveger må aukast med minst to milliardar årleg for å kunne sikre dei farlege fylkesvegane i Vestland løpet av ein 12 års periode.

2. Det må innførast ei incentivordning eller eit innovasjonsprogram som stimulerer til å ta i bruk ny teknologi. Førebyggjande skredkontroll vil gje meir tryggleik for pengane, og fleire vil raskare kunne få ein tryggare veg.

Trygge og framkommelege fylkesvegar er ein føresetnad for aktivitet og gode levekår for alle i heile fylket. Vestland er av fylka med høgast risiko for å bli hardt skadd eller omkomme i trafikken.

Vestland har om lag 5600 km fylkesveg, og dermed vel fire gongar meir fylkesveg enn riksveg. Vi har dei mest rasutsette vegane, mange tunnelar og ferjestrekningar, og stort behov for vedlikehald av bruer. Mykje av vegnettet i Vestland er ikkje tilpassa dagens krav og standardar. Det vil koste 14 milliardar berre for å ta igjen etterslepet på fylkesvegane. Dessutan medfører meir nedbør og ekstremvêr til større slitasje på vegane. Fylkesvegane har ein vesentleg del av dei alvorlege trafikkulykkene.

Endringane i klima er ei stor utfordring, og med klimaendringane kjem med meir nedbør og meir ekstremvêr, noko som vil påverke vegane og rasfaren aukar. Vi må sikre og klimatilpasse vegane slik at dei toler endringane som kjem. Difor må midlane til rassikring tredoblast og midlane til opprusting og vedlikehald av fylkesnettet aukast kraftig.

Jenny 2022.jpg

Jenny Følling (Sp) fremja uttalen for Vestland Fylkesting.