Saman med 13 andre ordførarar frå heile landet skal Hege Eide Vik og Gunn Åmdal Mongstad representera Senterpartiet sitt ordførarkorps i partiet sitt nye ordførarforum.
Senterpartiet sine 138 ordførarar og 114 varaordførarar har fått sitt eige forum: 15 ordførarar, ein frå kvart fylkeslag, utgjer det nye ordførarforumet som skal fungera som ei referansegruppe for partileiinga og stortingsgruppa.
Frå Vestland vil ordførar i Solund, Gunn Åmdal Mongstad og Vaksdal-ordførar Hege Eide Vik representera Sogn og Fjordane og Hordaland Senterparti.
Dette blir spanande, interessant og lærerikt, seier Hege Eide Vik.
- Eg ser fram til å knyta nye kontaktar med ordførarar frå heile landet, og å løfta fram dei sakene som er viktige for regionen. Her kjem me tett på partiet sentralt, og me får ein god og tydeleg arena for påverknad inn mot stortingsgruppa, og i forkant av stortingsval og kommune og fylkestingsval. Det er ein føresetnad at me forankrar konklusjonar og innspel med dei andre ordførarane og varaordførarane i regionen, og slik sett kan utvalet føre til at me får eit endå tettare samarbeid lokalt, seier Vik.
Forumet skal vera eit bindeledd mellom ordførarapparatet i Sp og skal ha jamleg kontakt med kommunalfraksjonen i stortingsgruppa.
- Det er veldig bra at partiet vel å involvera ordførarane gjennom eit slikt forum. Samla sett har Sp-ordførarane enorm kompetanse og innsikt i kva som skjer i heile landet og nær innbygjarar i alle delar av Noreg. Difor er dette er heilt i tråd med partiet sin politikk - å vera nær folk. Me har ordførarar i mange svært forskjellige kommunar, og samansetninga i dette forumet speglar dette mangfaldet. Eg ser verkeleg fram til å setja i gang med arbeidet, seier Mongstad.
Kvart fylkeslag blei i vår inviterte til å spela inn ordførarkandidatar til forumet, og Sentralstyret peika deretter ut representantane til forumet basert på fylkeslaga sine innspel.
Ordførarforumet er samansett slik:
- Saxe Frøshaug, Indre Østfold,
- Gudbrand Kvaal, Aurskog-Høland, Akershus
- Margrethe Haarr, Kongsvinger, Hedmark
- Torvild Sveen, Gjøvik, Oppland
- Anne Kristine Norman, Sigdal, Buskerud
- Siri Blichfeldt Dyrland, Midt-Telemark
- Bjørn Gunnar Baas, Åmli, Agder
- Asbjørn Birkeland, Sauda, Rogaland
- Hege Eide Vik, Vaksdal, Hordaland
- Gunn Åmdal Mongstad, Solund, Sogn og Fjordane
- Ingrid Waagen, Tingvoll, Møre og Romsdal
- Hege Nordheim-Viken, Høylandet, Trøndelag
- Harald Lie, Hattfjelldal, Nordland
- Sigrun Wiggen Prestbakmo, Salangen, Troms
- Ronald Wærnes, Båtsfjord, Finnmark
Leiar av ordførarforum blir Saxe Frøshaug, ordførar i Trøgstad.