Meny
Arbeid ved dataskjerm

Vestland Fylkeskommune etablerer eigen Nettskule

Publisert: 17 03 2022

Fylkestinget i Vestland vedtok i dag ei etablering av nettskulen i Vestland Fylkeskommune.

Nettskulen skal ha eigen rektor, og vert etablert som ei eiga eining frå 1.august 2022.

-Etableringa av Nettskulen i Vestland gir eit breiare og meir likeverdig utdanningstilbod til elevar i heile fylket. Det meiner Senterpartiet er særs viktig, seier Alexander Fosse Andersen, fylkestingsrepresentant og medlem av hovudutval for opplæring og kompetanse. 

 

Vestland fylke har skuleåret 2021 – 2022 tilbod om fag på nett for elevar på studieførebuande utdanningsprogram og fag som gjev generell studiekompetanse for vaksne elevar.

Vaksenopplæringa har nettbaserte tilbod i norsk, engelsk, matematikk, naturfag, historie og samfunnsfag. Eit av tilboda er særskilt retta mot elevar med rett til vg4 påbygg.

IMG_3440.JPG
Alexander Fosse Andersen sit i utvalet for opplæring og kompetanse.

-Fylkeskommunen gir allereie tilbod om fag på nett, desse tilboda er viktige for å gi fleire elevar i heile fylket høve til å tileigne seg viktig fagkompetanse og bidreg til auka gjennomføring, held Fosse Andersen fram.

-Det er viktig for Senterpartiet at tilbodet vert vidareutvikla og utvida

 

-Nettskulen i Vestland skal utvikle utdanningstilbod som skal vere supplement til ordinære fysiske tilbod. Det gir eit meir likeverdig tilbod i heile fylket, bidrar til desentralisering, meir fagleg breidde i distrikta og meir fleksibilitet. Senterpartiet meiner dette vil bidra til at fleire fullfører vidaregåande opplæring. Me meiner òg det er bra og naturleg at nettskulen vert etablert som ei desentralisert eining, avsluttar Alexander Fosse Andersen