Meny
Bli medlem

Vestland har 25 prosent av kraftproduksjonen, men får 3 prosent av verdiskapinga

Sist endret: 27.09.2020 - Aleksander Øren Heen, gruppeleiar for Vestland Sp. #Vestland

Me er inne i ei skjebnetid for lokale inntekter knytt til lokale naturressursar.

Vasskraftproduksjon er, og har vore hardt skattlagt, men ikkje urettvis hardt skattlagt.

Skattesystemet er omfattande, men avgjerande for tenester og busetjing i store deler av landet. Grunnprinsippa for skattesystema vart fastlagd tidleg på 1900-talet av framsynte folkevalde i ei tid der utanlandske fossespekulantar drog land og strand for å sikra seg fallrettar i den norske naturen.

Lovene som vart innførte tidleg på 1900-talet vart kalla panikklovene. Dei sikra offentleg eigarskap, men òg rettar for lokalsamfunna til dei verdiane som skulle skapast. Utbyggingane skjedde i distrikta, og krafta skulle førast fram til byane som hadde industri og høgt folketal.

Lovverket sikra at 10 prosentav krafta skulle ligga att i kommunen der krafta vart produsert. Den sokalla konsesjonskrafta. Historia har synt at tilgang på rimeleg kraft i distrikta har sikra verdiskaping og busetjing over heile landet. Det er eit gode.

Ein sikra òg rett til å skrive ut eigedomsskatt på eit grunnlag som baserer seg på verdien av produksjonen, ikkje berre verdien av sjølve anlegget. Dette prinsippet er avgjerande for at inntektene til kommunane får halda tritt med den auka verdien rein og fornybar energi har og vil få. Desse to ordningane er dei som gjev mest klingande mynt i kassa for vertskommunane.

Nokre hevdar at desse ordningane er historisk grunngjeve, og difor utdatert. Tvert om, vil eg seia. Evig rett til ein del av verdiskapinga som baserer seg på evig bruk av felles, lokale naturressursar er god politikk også for framtida. Det sikrar oppslutning om utbygging av fornybar energi og ei fordeling av inntektene til me som sit belastninga.

I Vestland vert om lag 25 prosent av vasskrafta i landet produsert. Det er grunn til å tru me har 25 prosent av naturinngrepa, òg. Produksjonen i Vestland gjev ei verdiskaping på 10–15 milliardar. Me dagens system sit kommunane att med om lag 1 milliard av dette i form av skatt, avgifter, kraftsal og utbyte.

Dette utgjer om lag 3 prosent av den samla verdiskapinga frå kraftproduksjon i landet. Dét meiner kraftskattutvalet tydelegvis er for mykje sidan dei no vil fjerne desse ordningane, og at inntektstapet skal kompenserast gjennom staten sine overføringar til kommunane.

Når me veit at 90 prosent av produksjonen føregår i kommunar som samla har 16 prosent av innbyggjarane i landet skal det ikkje mykje fantasi til for å skjønne kvar desse pengane vil ta vegen.

Det har vore gjort reknestykke på korleis ein slik kompensasjon vil slå ut, og Oslo er ikkje overraskande den store vinnaren. Ein kommune utan produksjon innan sine eigne grenser.

I Noreg har miljøavgifter vore tufta på prinsippet om at forureinar skal betale. Dette prinsippet må og gjelde for tapet av natur som dei store vasskraftutbyggingane har medført, og slik sett er høg skattlegging for utnytting av vasskraftressursane riktig politikk også ut frå miljø- og naturomsyn.

Statsråd Tina Bru har no sjansen til å visa veg for den nye regjeringa. Skrot kraftskattutvalet sine tilrådingar, og stå ved samfunnskontrakten. Eg er overtydd om at fordeling av goda vasskrafta gjev, på sikt er det som sikrar oppslutning om vasskrafta i heile landet, og ikkje minst sikrar oppslutning om vidare utbygging av fornybar energi.