Fylkestinget i Vestland vedtok i dag følgande uttale om elektrifisering av sokkelen.
Gruppeleiar i Senterpartiet, Aleksander Øren Heen, løfta uttalen inn i fylkestinget. Uttalen vart samrøystes vedteken.
Heen peika på fleire utfordringar rundt elektrifiseringa;
-Har vi nok produksjon til å dekke komande etterspurnad?
-Kva har dette å seie for prisbildet på kraftprisane og nettleiga?
Vi må kreve svar på dette frå regjeringa!
-Eg er glad for ei tydeleg melding frå eit samla Vestland i denne saka. Me må bruka krafta vår til fleire grøne arbeidsplassar i Vestland! Næring, klima og energipolitikk må difor sjåast i samanheng, ikkje stykkevis og delt, seier fungerande leiar i utvalet for Næring, Sigrid Brattabø Handegard.
Vi må tenke på korleis vi vektar desse måla mot kvarandre, følger ho opp.
Uttale frå Vestland Fylkesting
Mottakar:
Olje- og energidepartementet – Statsråden
Stortinget v/ energi- og miljøkomiteen
Fylkesbenkane til Hordaland og Sogn og Fjordane på Stortinget
Vestland fylke har som mål å vera i front i det grøne skiftet. 25 prosent av all fornybar energi vert produsert her. Dette kombinert med eit verdensleiande teknologimiljø, gjer at me har gode føresetnader for å lukkast. Elektrifisering, omstilling av industri og nyetablering av grøne næringar krev tilgang på fornybar kraft.
I tillegg til nettkapasiteten, kan paradoksalt nok vår største utfordring i å lukkast i det grøne skiftet verta tilgang på nok grønkraft dersom sokkelen skal elektrifiserast frå land. I OED ligg det no til handsaming søknad frå Equinor, med positiv innstilling, om å føre straum frå Kolsnes til fire nye plattformer, Oseberg Feltsenter, Oseberg Sør og Troll B og C. Frå før er Troll A og Gjøa drivne med kraft frå høvesvis Kollsnes og Mongstad.
I same området skal Energiverket på Mongstad som til no har bidrege med kraftproduksjon i eit område der det elles ikkje er kraftproduksjon, fasast ut.
Paralellt med dette er det berre i Bergen/Norhordlandsregionen planar om nytt forbruk på 2800 MW. 2/3 av desse planane gjeld ny industri som vil skapa nye arbeidsplasser . I tillegg er det planar om ytterlegare industrietablering i andre deler av fylket. Dette vil skapa arbeidsplasser og styrkja Vestland si rolle i det grøne skiftet!
Vårt konkurransefortrinn med fornybar energi og teknologikompetanse må nyttast aktivt til å etablera grøne arbeidsplasser i Vestland!
1. Fylkestinget i Vestland ber Regjeringa gjennomføre ei konsekvensutgreiing av kva elektrifisering av sokkelen vil bety for kraftbalansen i Vestland, og moglegheitene for elektrifisering og ny næringsetablering i regionen.
2. Ved elektrifisering av sokkelen som eit klimatiltak, forventar Vestland fylkesting at nettkundane i vårt produksjonsområde ikkje skal bera kostnaden med nasjonal klimapolitikk i form av auka nettleige og auka straumpris. Elektrifiseringa må ikkje medføre dårlegare konkurransevilkår for anna industri og næring i Vestland.