Vestland - Ein grøn, desentralisert, samarbeidande, utviklande, open fylkeskommune med jambyrdige vestlendingar.


Vestland er framtidas region. Me har ressursane, kompetansen og menneska som skal til for å skapa verdiar og innhaldsrike liv. Me må sikra livsgrunnlaget til framtida sine generasjonar gjennom krav til nullutslepp innan 2030. Fylket skal gjennom samfunnsplanlegging, regionalplanlegging og øvrig politikkutforming bidra til god folkehelse og at FN sine klima- og berekraftsmål blir nådd.
Naturressursane skal nyttast på ein berekraftig måte til matproduksjon, arbeidsplassar, energi og
opplevingar.


Regionen vår skal vera ein trygg og god plass for folk å bu, og det skal vera gode offentlege
tenestetilbod i alle delar av fylket, trygge arbeidsplassar, tenlege og sikre vegar, eit velutbygd
kollektivtilbod, og breiband til alle.
Me vil arbeida opp mot staten om fleire oppgåver til fylket . Me forventar at Staten fører ein politikk
som er bra for Vestland, slik som også me skal jobba for det nye fylket.
Kultur og idrett er ei viktig brikke for regional utvikling. Vestland skal ha eit tett samspel med
lokalsamfunna og på dette området, og bidra til å sikra kultur, idrett og frivilligheita trygge og
føreseielege rammer.

Fylkeskommunen skal ha gode prosessar saman med kommunane og andre organisasjonar.
Fylkeskommunen skal bruka si innkjøps- og eigarmakt i klimapolitikken og i arbeidslivspolitikken til å
nå klimamåla, hindra sosial dumping, stilla krav til tariffavtalar og inkludera fleire i arbeidslivet.
Bergen er viktig for Vestland fylke både som motor og by med store og viktige institusjonar.
Fylkeskommunen skal gjennom lokalisering av eigne og framtidige tenester og oppgåver bidra til
desentralisering av arbeidsplassar og kompetanse. Gjennom digitale løysingar kan Vestland leggja til rette for fleksibilitet i fylkeskommunale stillingar uavhengig av geografi.
Utdanningsinstitusjonar skal ta utgangspunkt i eleven sine evner og interesser, samfunnet sine
behov, og fylket sine fortrinn. Me skal ha meir praktisk undervisning, og sikra tettare oppfølging av
elevar med motivasjons- og lærevanskar. Ei av fylkeskommunen sine viktigaste oppgåver er å sikra at elevane lukkast.

Vestland skal satsa på utvikling og innovasjon innan næringsliv og skule.
Me forpliktar oss til å arbeida for likeverd, likestilling og realisering av menneskerettar for alle
menneske. Me vil byggja eit samfunn med små forskjellar og tillit mellom folk. Samfunnet skal vera
livsynsope og med respekt for dei val folk tar for liva sine.
Vestland skal bidra til å utvikla landsdelen saman med dei andre fylka. Me skal bidra internasjonalt i
Nordsjø-samarbeidet for å sikre og utvikle ressursane me har felles interesser i.
Fylkeskommunen sitt ansvar for integrering er viktig, både i vidaregåande skule, og innanfor kultur,
idrett og frivilligheit.

Formannskapsmodellen ligg til grunn og me vil føra ein politikk om sikrar ansvarleg økonomisk
styring. Ein sunn og robust økonomi er nødvendig for å gi gode tenester til innbyggarane våre. Difor
vil ein berekraftig utvikling i driftsbudsjettet og ein forsvarleg gjeldsutvikling være ein prioritet for
samarbeidspartia. Vestland forventar at Regjeringa føl opp målsetjingane for regionreforma om
spreidd busetnad og gode tenester i heile landet og fylket og me legg dette til grunn for Vestland.
Føresetnaden er at Regjeringa gir fylkeskommunane økonomiske rammer som samsvarar med
målsetjinga og oppgåvene me skal løysa.
Vestland fylkeskommune skal visa veg som arbeidsgivar med eit trygt og seriøst arbeidsliv som
reduserer sjukefråvær og fremjar heiltid.
Samarbeidspartia ønskjer på generelt grunnlag at Vestland er aktiv i å søkja dei moglegheitene som
ligg i regionreforma.


Vestland skal snarast råd utarbeida planstrategi som er forankra i Nasjonale forventningar til regional og kommunal planlegging.
Samarbeidspartia legg den vedtekne intensjonsplanen for Vestland fylke til grunn.

Næring og arbeid i Vestland

Vestland fylke skal ta i bruk heile regionen sitt komparative fortrinn for å utvikle ei bærekraftig og
langsiktig verdiskaping. Me skal spele på lag med heile næringslivet for å utvikle fleire arbeidsplassar i Vestland. Me må tenke grøn næringsutvikling i alle ledd av politikken – både innan forsking, utvikling, samarbeidsforum og offentlege innkjøp. Me må forvalte våre naturressursar vel. Me kan ikkje forbruke meir enn me har til rådvelde. Me skal syne at overgangen frå fossil til grøn og fornybar energi, nullutsleppstransport og grønt næringsliv skapar nye arbeidsplassar og levande regionar.


Samarbeidspartia vil:
• At Vestland skal vere først ute med å skape ny teknologi som resten av verda kan ta i
bruk når dei er klare for det, og støtta opp om eksport av elektrifiseringsteknologi.
• Støtte økt fokus og satsing på investeringar i næringsretta forsking og utvikling (FoU). Bruke
regionalt forskingsfond til gode næringsretta forskingsprosjekt og å styrke forskingsmiljøa og
klyngeverksemd i Vestland.
• At kompetansen innan olje- og gassindustrien på Vestlandet skal brukast i arbeidet med å
omstilla eit verdsleiande norsk næringsliv.
• Leggje til rette for at anbod og innkjøpsordninga blir praktisert slik at også mindre og meir
lokale næringslivsaktørar i fleire tilfelle kan ta del i konkurransen med større aktørar.
• Legge til rette for kortreist mat og kortreist for til dyra for å fremme grønt landbruk og
utnytte beitepotensialet me har i regionen.
• Fylket skal ta ei aktiv rolle i utviklinga av jordbruket. Innovasjon Norge skal nytta
verkemiddela til å byggje vidare på særtrekka ved vestlandsjordbruket som mjølk, kjøt, frukt,
bær og grønsaker.
• Vestland skal vidareutvikle vestlandslandbruket med jord og skog, arbeide for auka
verdiskaping, i tett samarbeid med landbruket sjølv.
• Bruke lengre anbodsperiodar, der anbod er påkravd, mot bedrifter som har ansvar for
attføring og varig tilrettelagde arbeidsplassar.
• At det skal skapast arbeidsplassar og energi basert på naturressursane i heile fylket
• Alle husstandar skal ha tilgang til høghastigheitsbreiband og 100 % dekning på mobilnettet.
Breibandutbygging er eit statleg ansvar, men fylket skal spele ei viktig rolle.
• At Innovasjon Norge skal innrettast meir mot små og mellomstore bedrifter
• At Vestland vil jobba for desentralisering av tenester frå fylkeskommunen som
regionalavdelinga, samferdsel, plan, og landbruk.
• Ligge heilt i front på å stilla seriøsitetskrav ved alle offentlege innkjøp og anbod, til dømes
krav om lærlingar, fast tilsette og faglært arbeidskraft.
• Vestland fylke skal ha ein heiltidskultur, og som hovudregel berre lyse ut heile og faste
stillingar.
• Doble tal lærlingar i fylkeskommunen.
• Bergen er Havbyen, målet er å skape verdens sterkaste integrerte klynge for marin
utdanning, forsking og innovasjon.
• Støtta opp om fiskeri, oppdrett, marin sektor i Vestland. Vestland skal vera ein pådrivar for ei
bærekraftig oppdrettsnæring der målet er full utnytting av avfallsressursane og null
rømming.
• At veksten i reiselivet må sikra lokal verdiskaping, heilårsarbeidsplassar, god ressursutnytting
av dei offentlege tilboda, og minst mogleg klimaavtrykk.
• Sikre næringslivet risikokapital.
• Bidra til at kraftforedlande industri får tilgang på kraft til rimeleg pris og arbeide for nasjonal
utjamning av nettleiga.
• Fylket skal utarbeide ein eigarskapsmelding som skal reviderast årleg.

 

Samferdsel, kollektiv og mobilitet i Vestland


Samferdsla, kollektiv og mobilitet bind Vestlandet saman. Fylkeskommunen skal vere sentral aktør
for at landet når måla i Parisavtalen. Målet om eit klimanøytralt fylke er sentral i
samferdselspolitikken vår. Kollektivtilboda må hengje saman, og korrespondanse må vere mogleg
skal kollektiv bli eit reelt alternativ.


Samarbeidspartia vil:
• Prioritere rassikring, tenleg veg, liv og helse før nye store vegprosjekt på fylkes-, riks- og
europavegnettet.
• Legge K5 alternativet til grunn for ny veg og bane mellom Bergen og Voss og krav om
samanhengande utbygging.
• Arbeide for å auke rammene til samferdsle i fylket frå staten.
• Halde fast på fylkestinga sine prioriteringslister i vedteken RTP.
• Sterk satsing på trafikksikring og vidareføre satsinga på punktutbetring på vegnettet vårt og
sikre trygge skulevegar.
• Prioritere bygging av gang- og sykkelvegar.
• Utvikle sykkelbyavtalar med fleire tettstader.
• At Bybanens byggetrinn 4 og 5 skal gjennomførast som vedteken av bystyret i Bergen.
Bybana til Åsane skal byggjast så fort som mogleg, og ein føreset kontinuerleg utbygging.
• Stille krav om nullutslepp i alle framtidige anbod i kollektivsektoren.
• Krevje oppstart av Stad skipstunell i samsvar med gjeldande NTP.
• Sikre kortbanenettet og etablere infrastruktur på flyplassane som gjer det mogleg å ta i bruk
elektriske fly på kortbanenettet.
• Auke tal avgangar med kollektivtrafikk i kvart budsjett dei neste fire åra. Prioritere auken der
grunnlaget for vekst i bruken av kollektivtrafikk er størst.
• Ikkje finansiere kollektivtrafikken med reklame.
• Samarbeidspartia er positive til å redusere prisane dersom forholda ligg til rette for det, og
kollektivprisane skal i snitt ikkje auke meir enn prisveksten.
• Innføra sonebillettar på kollektivtransporten i heile Vestland.
• Ha eit godt ferje- og hurtigbåttilbod, og sikra pendlar- og skuleruter og eit minstetilbod til
innbyggjarar i svakt befolka områder.
• Etablere fleire ladestasjonar.
• Innlemme bysykkelordninga i dei ulike reiseprodukta til fylkeskommunen.
• Sikre byvekstavtalen, mellom staten, Vestland, Bergen og omlandskommunane til Bergen
som gjer oss i stand til å bygge infrastrukturen me treng for å nå nullvekstmålet for
privatbilisme.
• Sikre at den nye vegadministrasjonen vert eit effektivt organ.
• Vidareutvikle «travel like the locals» for besøkande til Vestland.
• Satse på fleksible ruter og serviceskyss i distrikta.
• Me vil utvide ungdomskortordninga.
• Born skal ikkje betale meir for kollektiv enn prisen for ungdomskortet. Me skal ha ein
fleksibel skuleskyss.
• Ha med ei opning i anboda for at ein kan auke ruteproduksjonen på ferjene viss auka
passasjergrunnlag tilseier det.
• Etablere kollektivfelt på innfartsårane til Bergen.
• Utnytte ferjeavløysingsordninga på fylkesvegnettet.
• Satse på hjartesoner/barnas transportplan.
• Realisere fiskerihamner i NTP gitt statleg finansiering.


Opplæring og helse i Vestland

Fellesskulen er ein viktig møteplass for barn og unge. Ambisjonen for nye Vestland fylke må vere å ha den beste vidaregåande skulen i hele landet. I det nye fylket skal me ta med oss styrkar frå Hordaland og Sogn og Fjordane, til det beste for innbyggjarane i fylket vårt. Skulen skal skape eit kompetansesamfunn og bidra til å utjamne skilnadar og skape like moglegheiter.
Det skal det vere trygt og motiverande å gå på skulen. Ei av dei viktigaste oppgåvene til
fylkeskommunane er å sørge for at gjennomføringa i den vidaregåande skulen vert høgare.
Godt kvalifiserte lærarar, moderne bygg med universell tilgang og oppdatert undervisningsmateriell
er viktige føresetnader for å skapa trivsel og motivasjon for elevar og tilsette. Me har høg tillit til
lærarane, og det er viktig at dei får tid og rom til å vere lærarar. Me skal sikre at vaksne, utan formell
kompetanse får moglegheit til å ta del i etter- og vidareutdanning.
Tannhelsa er ein vesentleg del av folkehelsearbeidet, og spelar ei stor rolle for livskvaliteten til
innbyggarane i fylket. Det er derfor viktig å sikre det offentlege tannhelsetilbodet og gje alle eit godt
tilbod i alle deler av fylket.


Samarbeidspartia vil:
• Sikre ein føreseieleg økonomi. For mange skular i distriktet er det ei utfordring med ein
eventuell budsjettmodell basert på stykkprisfinansiering. Difor skal me vidareføre en
budsjettmodell med ei klar hovudvekt på tilskot per klasse, såkalla klassefinansiering.
• Vidareføre dagens desentraliserte skulestruktur, og viser til dei allereie vedtekne
skulebruksplanane. Skulane som er vidareført i skulebruksplanen skal bestå også i denne
perioden. Investeringar i skulebygg skal ta utgangspunkt i dagens to fylke sine vedtekne
skulebruksplanar og budsjett- og økonomiplan.
• Det er positivt og rettferdig for elevane om private og offentlege skular samkøyrer opptaksog
inntaksdatoane.
• Styrke distriktsskulene, m.a. gjennom plassering av dei fylkesdekkande linjene. Det må også
gjerast tydelege prioriteringar slik at tilboda står seg over tid for å unngå stadige endringar i
tal klassar. Det er også ynskjeleg å jobbe vidare med tilskot til halve klassar.
• Ha ei systematisk planlegging av plassering av tilbod for å auke mangfaldet på skulane,
særleg i bynære strøk.
• Alle elevar skal ha rett til å gå på ein skule nær der dei bur, samstundes som ein også kan
søke på andre skuler dersom ein ønsker det. Difor skal ulike inntaksmodellar utgreiast med
mål om å gjera inntaket meir rettferdig, både gjennom å sikre eit godt tilbod i distrikta, meir
mangfald i byskulene, framleis valfridom og meir tryggleik for elevar som i dag er uroa for
reiseveg. Inntaket skal ikkje vere reint karakterbasert. Her skal ein sjå til andre
fylkeskommunar sine inntaksmodellar. Dagens to inntaksregionar, og inntaksregionar
generelt, skal evaluerast i samsvar med eksisterande vedtak i fellesnemnda. I fylket skal ein
ha ein reisetidsgaranti for å sikre at ingen elevar får urimeleg lang ufrivillig reisetid der dette
er praktisk gjennomførbart. Alle elevar skal ha ein rett til å fullføre skuleløpet på den skulen
dei har begynt på der det er mogleg.
• Me vil ikkje ha fleire private kommersielle vidaregåande skular til fylket eller utviding av
eksisterande tilbod i perioden.
• Samarbeidspartia ønsker god dialog og eit godt samarbeid med dei private ideelle skulene i
fylket og ynskjer om endringar i tilbod på desse skulane skal vurderast i samsvar med
intensjonane i friskulelova.
• Ha ei systematisk planlegging av plassering av tilbod for å auke mangfaldet i elevgruppa på
skulane, særleg i bynære strøk.
• Tilby gratis skulefrukost på alle dei offentlege vidaregåande skulene i Vestland fylke. Dette
skal bidra til eit styrka læringsmiljø, auka fellesskap og inkludering.
• Ha ei storstilt satsing på læreplassgarantiar med offentleg og privat sektor i heile fylket, etter
modell frå læreplassgarantiane i Nordhordland og med Bergen kommune
• Satse vidare på eit tettare samarbeid mellom vidaregåande opplæring, næringslivet og
kommunane, etter modell frå m.a. Årdal og Bømlo. Erfaringane og samarbeidsmodellane skal
takast med til andre delar av fylket.
• At arbeidslivet sine behov skal vere styrande for korleis fylkeskommunen planlegg
yrkesfagtilbodet. Tilbodet av skuleplassar, tilgjengelege læreplassar og kompetansebehovet i
fylket og i dei ulike regionen skal henge samen. I dette arbeidet legg samarbeidspartia særleg
vekt på samarbeidet med partane i arbeidslivet.
• Satse på produksjonsskulane i fylket. Samarbeidspartia forutset at staten er med på den
vidare satsinga på produksjonsskular, og ønsker at dei tilboda me har blir tilgjengelege for
enda fleire ungdomar enn i dag.
• Utgreia ulike tiltak for å forbetre kjønnsbalansen i rekrutteringa til dei ulike
utdanningstilboda i den vidaregåande skulen.
• Vera ein aktiv pådrivar mot høgskulesektoren for å opne for fleire vegar frå fagbrev til
høgskuleutdanning, eksempelvis y-vegen.• Kartlegge tilhøva for bortebuarar i Vestland fylke, samt vurdere å innføre sosiale tiltak for å
betre bortebuarane sine kår.
• Alle elevar er likestilte uavhengig av funksjonsevne og har same rettar. Ein har rett på eit
tilrettelagd tilbod og me skal utgreie korleis tilbodet til menneske med nedsett
funksjonsevne skal organiserast i det nye fylket, med vekt på at inkludering er ein verdi som
står sterkt i den norske fellesskulen.
• Tiltrekke oss enda fleire fagskulestudentar frå andre fylke enn det me gjer i dag.
Samarbeidspartia vil sikre Fagskulen tilstrekkelege ressursar til å vidareutvikle studietilboda
og til å kunne tilby nye studieretningar.
• Samarbeidspartia vil styrke arbeide med førebygging av psykiske lidingar og ha ein
systematisk gjennomgang av tilbodet innanfor skulehelsetenesta i heile fylket, med mål å
sikre alle elevar eit tilfredsstillande tilbod.
• Flyktningar og andre med minoritetsspråkleg bakgrunn må få tilrettelagt opplæring for best
mogeleg språk- og samfunnsopplæring. Asylsøkjarar med endeleg avslag må få rett til
vidaregåande opplæring til dess dei må forlata landet.
• Ha ein desentralisert tannhelsestruktur og sikre god rekruttering av fagfolk.
• Sikre at prisane for offentleg tannbehandling i snitt ikkje aukar meir enn prisveksten.

 

Klima og miljø


Vestlandet er framtidas grøne region. Mange av miljø- og klimaløysingane finn ein i vårt fylke, og
klimaoppropet blant born og unge må følgjast opp med konkrete løysingar og politikk. Klima- og
miljøomsyn skal gjennomsyra alle områder fylkeskommunen har ansvar for, og FN sine berekraftsmål skal leggjast til grunn for all regional planlegging.
Krav til nullutslepp og ny teknologi er eit konkurransefortrinn for bedrifter og lokalsamfunn på
Vestlandet. For å ytterlegare redusere utsleppa i åra som kjem må offentleg sektor og privat sektor
spela på lag. Auka kraftproduksjon og styrking av eksisterande kraftproduksjon må skje på ein måte
som tek i vare natur og biologisk mangfald. Eit reint hav utan forureining er ein global utfordring, og
er særleg viktig for oss som bur langs kysten og som lev av maritim- og marin næring.
• Vestland fylkeskommune skal lage ein ambisiøs klima- og miljøplan, utarbeide klimabudsjett
og føre klimarekneskap. Me skal ha forpliktande utsleppskutt i tråd med Paris-avtalen.
• Redusere bruk av plast i fylkeskommunen. Bidra til å halde engasjementet for plastrydding
oppe.
• Me skal sikre eit sterkt jordvern.
• Vestland vil vege naturmangfald og miljøvern høgt i saker om vasskraftutbygging. Me vil
gjere ein vurdering av dei samla miljøkonsekvensane utover det enkelte prosjekt. Me vil ikkje
tillate utbygging av kraftverk, herunder småkraftverk, i verna vassdrag. Eit unntak kan t.d.
vere prosjekt som har flaumsikring som hovudargument, eller der utbygginga direkte
erstattar bruk av fossile energikjelder.
• Vestland vil ikkje ha utbygging av vindkraft i urørd natur eller på bekostning av viktige verdiar
knytt til natur, landskap, friluftsliv, kultuminner/kulturmiljø og reiseliv, og som er i strid med
kommunestyrevedtak. Vindkraft til havs skal utviklast i samråd med havbruk-, og
fiskeriinteressene.
• Vestland krev eit skatteregime som betrar økonomien i produksjonsaukande fornying av
vasskraftanlegg. Eigarskap- og skattleggingsregime for vindkraftanlegg må sikrast offentleg
eigarskap og lokale inntekter.
Kultur, idrett, inkludering og frivilligheit i Vestland
Attraktive kulturtilbod er med på å skape trivelege og levedyktige lokalsamfunn. Kultur og idrett
fremjar fellesskap og identitet. Kultur og idrett er viktig for regional utvikling. Fylket skal ha eit tett
samspel med lokalsamfunna på dette området. Vestland skal bli det beste kulturfylket i landet. Alle,
uansett bustad og sosiale skiljelinjer, skal ha tilgang til kunst, kultur og idrett utført av både
profesjonelle og frivillige aktørar. Kunst og kultur har eigenverdi og skaper refleksjon og innsikt om
verdiar, samfunn og kva det vil seia å vere menneske. God kunst og kulturpolitikk er
demokratibyggande. Kjennskap til eigen kultur gjev tryggleik i møte med andre.
Frivillige, lag og foreiningar sørger for eit mangfaldig fritidstilbod til alle innbyggjarar og bidreg til
aktive, dynamiske og robuste lokalsamfunn.


Samarbeidspartia vil:
• Prioritere anlegg for barn og unge for tiltak innan idrett, folkehelse og friluftsliv
• Legge til rette for at alle barn og unge får gode kunst- og kulturopplevingar, og vil halda fram
ordninga med kulturkort for ungdom
• Utvikle Bergen som internasjonal og regional kulturby, og som ein viktig motor for utvikling
av kulturlivet i heile Vestland.
• Arbeide for gode samfinansieringsordningar for utvikling av nye kulturinstitusjonar.
• Ta vare på og løfte fram kulturminne som har prega regionen, samt styrke verdsarvområda.
• Vestland fylke skal ha nynorsk som administrasjonsspråk, og skal arbeide for å styrke nynorsk
språk.
• Me vil støtte etableringane av Nynorskens Hus i Førde og Bergen.
• Vidareutvikle Det Vestnorske Teateret til å bli eit fullverdig nynorskteaterhus i Bergen sentrum.
• Sogn og Fjordane Teater skal utviklast som turneteater for heile Vestland.
• Styrke og vidareutvikle UKM-festivalen, Dans Utan Grenser og Fargespill.
• Styrke folkebiblioteka og sikre eit desentralisert bibliotektilbod og vidareutvikle bokbåttilbodet
til fjord-, kyst- og øysamfunn i alle deler av fylket. Biblioteka er viktige møtestader
for menneske med ulik kulturell og sosial bakgrunn.
• At arenaer der born og unge naturleg er til stades skal vere rusfrie.
• Medverke til utviklinga av Kystpilegrimsleia, i nært samarbeid med frivillige lag og
organisasjonar, kommunar og kyrkje.
• Støtte riksjubileum for kristenretten på Moster i 2024, og bidra til å forvalte den historiske
arven knytt til innføring av Kristenretten.
• Satse på Gulatinget som ein nasjonal og internasjonal arena for rettshistorie,demokratihistorie og demokratiutvikling, og jobba for at Gulating vert nasjonalt tingstadsenter.
• Støtte ei fylkesmusikarordning i samarbeid med kommunane og kulturskulane.
• Jobba for at dei ulike livssynssamfunna skal vere på line med frivillige lag- og organisasjonar,
og bli invitert med i arbeid med planarbeid som naturleg vedkjem dei.
• Utvikle eit breitt og variert friluftstilbod til barn og unge gjennom medverknad.
• Styrke økonomiske vilkår for produksjon av ny musikk, scenekunst, visuell kunst, skrivekunst
og film.
• Arbeide for eit risikofond for prosjekt som formidlar kunstopplevingar til nye grupper og
gjere slike opplevingar til ein større del av folk sine liv.
• Styrke biblioteket som aktiv kulturformidlar og som debattarena med breidd og høg kvalitet
• Arbeide for best mogeleg kontakt og samhandling mellom de ulike etniske grupper og
kulturar i Vestland, og etablere eit fagleg råd med deltakarar frå akademia og andre
relevante kretsar som kan bidra med rådgjeving og kvalitetssikring i denne brubygginga
• Setje krav til miljøvennlege kunstgrasbanar ved tildeling av tippemidlar (ikkje
gummigranulat).
• Auke nynorsk produksjon i Den kulturelle skulesekken og Den kulturelle spaserstokken.
• Sikre Sentralbadet som eit nytt scenekunsthus for BIT teatergarasjen og Carte Blanche.
• Forumet «Nynorskfylket Sogn og Fjordane» vert utvida til Vestland fylke.
• Inkludere fleire personar med funksjonshemmingar og fleirkulturelle i idretten gjennom
tilrettelagde arrangement og aktivitetar.
• Satse på prosjekt for merking og gradering av turløyper
• Støtte og auke kompetansen til frivilligsentralar, idrettsråd, amatørkulturråd og eldreråd.
Fylket skal ha eit nært og godt samarbeid med idrettskretsen og andre frivillige idretts- og
kulturorganisasjonar. Dei frivillige lag og organisasjonane skal ha gode og føreseielege
rammevilkår for arbeidet sitt, då dei på mange måtar er berebjelkane i lokalsamfunna.
• At musea i Vestland skal utvikla seg som dagsaktuelle, relevante og samfunnsengasjerte
institusjonar, med gode tilbod til born og unge med vekt på kulturopplevingar og
kunnskapsformidling. Det er eit mål å auka besøket til musea i heile fylket.
• Utgreie oversikt over avtalar for bruk av fylkeskommunale anlegg og eigedom til frivillig
aktivitet for born og unge under 20 år med mål om harmonisering og lågare prisar.
• Styrka det frivillige - og profesjonelle kulturminnevernarbeidet, særleg på område som er
spesielle for Vestland.
• Vestland har eit spesielt ansvar for å ta vare på sine unike båt- og handtverktradisjonar, og
landet sin største samling av verna fartøy gjennom t.d. fartøyvernsenteret i Hardandger.
• Legge til rette for varierte og tilgjengelege rusfrie fritidstilbod for ungdom, mellom anna ved
at skulane vert tilgjengeleg på ettermiddag- og kveldstid.
• Folkehelsetiltak som tilrettelagde sykkelvegar, sunn og kortreist mat, godt kantinetilbod ved
offentlege institusjonar som vidaregåande skular og eit billeg og breitt idretts, kultur - og
friluftsliv må ha høg prioritet. Det er i folks kvardagsliv at god helse blir skapt.
• Halde oppe og styrke satsinga på Opera Nordfjord, som den einaste distrikt- opera i Vestland.
• Fylket skal arbeide for auka statleg finansiering av kulturbygg i heile fylket.

Januar 2020 skal fylkeskommunen overta integrerings- og kvalifiseringsoppgåver frå Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi). Vestland ynskjer dette velkommen og skal bruke den kunnskapen og dei økonomiske ressursane som tilfell fylket på best mogleg måte for å fremja integrering og
kvalifiseringsarbeid i fylket. Fylkeskommunen skal, i tett samarbeid med kommunane, arbeide
målretta for kvalifisering av nyankomne flyktningar.

• Det er eit mål for Vestland fylke at dei tilsette skal spegle befolkninga sin samansetjing.
• Frivilligheit spelar ei viktig rolle i inkluderingsarbeidet.