Meny
Bli medlem
10 gode grunnar til å røyste Senterpartiet (nynorsk)

10 gode grunnar til å røyste Senterpartiet (nynorsk)

Sist endret: 09.11.2020

1. NÆR FOLK

Gode tenester nær folk gjer kvardagen trygg og føreseieleg. Alle har rette på gode tenester i sitt nærmiljø. Barnehage, skule, omsorg, helse, politi og kulturtilbod skal vere godt utbygd i heile landet.

2. HEILE NOREG        

Senterpartiet vil vidareutvikle ei livskraftig næringsliv og eit god, likeverdig og offentleg tenestetilbod i heile Noreg, uansett kor du bur. Vi meiner at alle skal ha reell fridom til å busette seg der dei sjølv ønskjer.

3. TRYGGLEIK       

Dagens storstilte sentralisering av makt, tenester og arbeidsplassar skaper utrygge lokalsamfunn. Avstandane aukar, offentlege tenester vert sentralisert og beredskapen svekkast. Senterpartiet vil satse på beredskap, sikre lokale offentlege tenester og styrke forsvaret.

4. KLIMA

Klimatiltak skal ikkje skape større skilnadar mellom folk. Det er urettferdig at dei som har minst skal straffast hardast i klimaets namn. «Bruk framfor vern» er eit viktig mantra om vi skal klare å erstatte dei fossile energi‐ kjeldene. Gjennom omlegging i bærekraftig retning får vi høve til å utvikle ny norsk industri, teknologiutvikling og kompetanse.

5. NORSK MAT

Vel du norsk mat får du kvalitet, tryggleik og klimavenleg mat. Den norske maten er den tryggaste og reinaste i verda, med minimal bruk av sprøytemidlar og antibiotika, og kort avstand til for‐ brukar. Norsk matproduksjon på land og på sjøen må styrkast slik at vi kan produsere meir trygg mat, nær folk.

6. LOKALT FOLKESTYRE        

Senterpartiet vil ha eit samfunn der folket bestemmer. Vi trur på eit folkestyre der folk involverast i avgjerder som gjeld dei sjølv. Eit levande folkestyre og gode l okalsamfunn gir folk tryggleik, tilhøyrsle og identitet. Difor kjempar vi mot tvangssamanslåingar av kommunar og fylke.

7. FORSVAR        

Noreg treng eit sterkt forsvar. Den samla beredskapen må styrkast i store deler av landet. Vi treng eit forsvar med både god lokalkunnskap og ei reell evne til å f orsvare Noreg.  Difor vil Senterpartiet ha fleire Heime‐ vernss oldatar og gi meir pengar til f orsvaret.

8. NORSK VERDISKAPNING        

Til alle tider har vi i Noreg bygd verdi skapinga og utviklinga vår på klok forvaltning av rike naturressursar. I ei stadig meir mobil verd som treng meir energi, råvarer, mat og teknologi står Noreg godt posisjonert til å vidareutvikle næringsliv og verdi‐ skaping i heile landet.

9. NORSK SUVERENITET        

Norsk arbeidsliv opplever stadig auka press frå EU gjennom EØS‐avtalen. Denne avtalen svekker norsksuverenitet og truar rettane til norske arbeidstakarar. Noreg må ut av EØSavtalen og Schengensamarbeidet og igjen innføre nasjonal grensekontroll for å sikre våre interesser.

10. TILLIT

Mange opplever at overdriven detaljstyring fjernar det faglege skjønnet frå arbeidskvardagen. Vi har tillit til enkeltmennesket og meiner at folk som får ansvar og handlingsrom vil arbeide for fellesskapets beste. Dei som har skoen på veit best kor den trykker. Senterpartiet ønskjer difor å gjennomføre eit tillitsløft i offentleg sektor

 

PDF-versjon av denne finn du her: