Meny
Bli medlem
Heile Noreg

Heile Noreg

Publisert : 18.01.2017

Folka, naturressursane og verdiskapinga i Noreg er spreidd utover heile landet. Stadig fleire parti verker å ha gløymt at dette alltid har vore vår suksessmodell. Vi treng difor ein nasjonal politikk som på nytt løfter både byen, bygda og alle landets innbyggjarar.

Vi treng ei ny regjering som jobbar for heile Noreg.

Senterpartiet trur på heile Noreg, og at tenester og avgjerder skal vere nært folk. Alle skal kunne leve like gode liv. Uansett om du bur i Berlevåg eller Bergen, Trondheim eller Træna, Ullern eller Utsira. Det burde vere ei sjølvfølge at politiet skal vere nært, helestilbodet skal vere trygt, og at kvardagen skal vere like god for alle i heile Noreg.

 

Ei viktig føresetnad for å kunne bu ein stad er arbeidsplassar. I Noreg har vi bygd verdiskapinga og utviklinga vår på klok forvaltning av rike naturessursar til alle tider. Noreg må bruke skogen, vasskrafta og dei unike moglegheitane naturen gjev oss til å gå foran i det grøne skiftet. Slik kan vi skape både arbeidsplassar, norsk verdiskaping og ei betre framtid for alle.

Diverre har Høgre og Frp sidan 2013 sentralisert tenester, folk og arbeidsplassar. Politiske vedtak som gang på gang har auka avstanden og skilnadane mellom folk. Denne utviklinga skal Senterpartiet snu etter valet i 2021. Vi må ta tilbake kvardagen vår, og den lokale tryggleiken må på nytt etablerast i heile Noreg.

Senterpartiet seier klart nei til sal av norske naturressursar til utlandet. Desse ressursane blei opp gjennom tidene utvikla lokalt og nasjonalt, og har bygd landet. For å trygge det norske folkestyret og kontroll med naturresursane og grensene våre, seier Senterpartiet nei til EU-medlemskap, EØS-avtalen og Schengen-samarbeidet.

Les meir:

Tenester nær folk Norsk suverenitet - nei til EU og EØS Breidband Demokrati Forsvaret Vasskraft