Meny
Bli medlem
2019 Ambulansesjåfør i Kinn, Sogn og Fjordane

Tryggleik nær deg

Publisert : 21.09.2020

Det viktigaste ein nasjonalstat skal gjere er å skape tryggleik for alle innbyggjarar. Uansett kor du bur i Noreg skal du oppleve ein trygg og god kvardag. Diverre er det ikkje slik i dag. Sentralisering og nedlegging av sjukehus, i politiet, brannvesenet og ambulansetenesta har skapt auka utrygge i heile Noreg.

Senterpartiet vil sikre politi, sjukehus, ambulanse og brannvesen nær deg, uansett kor i Noreg du bur. Slik vil vi sikre tryggleik nær deg.

Senterpartiet vil arbeidde for å sikre alle delar av landet god beredskap. Lokalkunnskap og raskt tilgjengelege ressursar er avgjerande når det skjer dramatiske hendingar. Den lokale situasjonsforståinga kan spele ei avgjerande rolle når ein må ta raske avgjerder i uoversiktlege situasjonar. Alle skal vere trygge på at dei får bistand når dei treng det, uansett kor du bur.

Å ta vare på tryggleiken til eigne innbyggjarar er statens mest grunnleggjande oppgåve. Beredskapen i Noreg er mangefull, men Høgre og Frp svarar berre med fleire byråkrater framfor meir operativ verksemd, etterforsking og nærvære. Det som no skjer innafor politiet, og med vår nasjonale beredskap, er berre nokon av mange døme døme på at ord som «profesonelt» og «robust» i praksis betyr meir byråkrati, større einingar, og uklar plassering av makt og ansvar.

Senterpartiet seier nei til sentralisering og byråkratisering av livsviktige tenester.

Sjukehus, ambulanser og luftambulansen utgjer ein heilt sentral del av beredksapen og tryggleikskjensla vår i Noreg. Bestemor i Bardufoss skal vite at ambulansen når fram om ho dett på isen. Ullevål sjukehus må vi redde, for den dagen det smeller igjen har vi ikkje råd til at det er lagt ned.

Alle fødande skal òg kjenne seg trygge på at dei får den hjelpa dei treng, både på veg til, og på, sjukehuset. Vi vil difor sikre eit godt følgjetilbod og gode fødeavdelingar i heile Noreg



På like linje skal du òg vite at politiet er der når du treng dei. Vi treng eit reelt nærpoliti ved å stryke lensmannskontora og politistasjonar i heile Noreg. Krava til responstid må oppfyllast ved kvart einskild lensmannskontor.

Senterpartiet vil sette ned ein totalberedskapskommisjon, som skal vurdere korleis vi som samfunn kan bruke alle ressursane våre på best mogleg måte, for å handtere uønska hendingar som trugar grunnleggjande verdiar og funkasjonar, og som set liv og helse i fare. Beredskap handlar om å vere i framkant. Difor treng vi ein oppdatert plan som speglar dagens trusselbilete, som skisserar korleis beredskapsaktørane kan utfylle kvarandre på best mogleg måte, og kva tiltak vi må gjennomføre for å begrense skadene mest mogleg ved uønska hendingar.

Interessert i lære meir om tema knytt til tryggleik? Sjå her:

Beredskap Norsk suverenitet Norsk mat er trygg mat Politi Forsvaret