Senterpartiet ser i lys av dagens sikkerheitspolitiske situasjon trong for å styrkje Forsvaret gjennom Langtidsplanen som no er til handsaming i Stortinget. Regjeringa har lagt fram ein plan for vidare utvikling av luft- og sjøforsvar, medan landmakta i form av Hæren og Heimevernet er skyvd ut i ei Landmaktsutgreiing med uviss tidshorisont.

Senterpartiet ynskjer at Stortinget skal vedta ein Langtidsplan som styrkjer og moderniserer alle dei tre våpengreinene og slik set Noreg i stand til forsvare landet gjennom god samhandling mellom dei.

Regjeringa peikar i langtidsplanen på mange ulike trugsmål og oppgåver Noreg står ovanfor: Hybridkrigføring, press mot vår suverenitet over norske naturresursar  og omfattande og koordinert terror. Felles for alle desse trugsmåla er at me treng menn og kvinner med forsvarskompetanse.

Hæren er i dag underfinansiert. Naudsynte investeringar som Stortinget vedtok for fire år sida er framleis ikkje gjennomført. Ei rekkje utgreiingar dei siste åra har peika på at Forsvaret treng ei mekanisert brigade, og at Hæren manglar luftvern, fungerande stridsvogner og artilleri. I tillegg tilrår Forsvarssjefen at det vert oppretta ei stridsgruppe i Porsangermoen og eit jegerkompani på GSV.

I dag er også Heimevernet svekka. Regjeringa har ikkje klart å fylle opp områdestrukturen og ein treng meir trening og oppgradering av våpen og utstyr. Heller enn å styrke Heimevernet, føreslår regjeringa ei dramatisk nedbygging. Samstundes vil regjeringa leggje ned Sjøheimevernet. Dette vil gjere at store område i Sør-Noreg og langs kysten står utan forsvar. Ein sjølvstendig nasjonalstat kan ikkje svekke sitt eiga forsvar så mykje at ein gjer seg avhengig av permanent plassering av utanlandske styrkar på eiga jord.

Investeringar i forsvarsteknologi er viktig og naudsynt. Samstundes er det både historielaust og naivt å tru at ein kan byte ut folk med teknologi. Ingen krigar er vunne utan menn og kvinner på bakken. Noreg sine eigne erfaringar frå 2. verdskrig er at når me fekk hjelp, var det for lite, for seint. Me må ikkje svekke forsvarsgreina der det tek lengst tid å få alliert støtte, landmakta, og einsidig byggje opp luftmakta,  der allierte raskare kan kome fram med støtte. Å redusere Heimevernet og svekke Hæren, samt leggje ned Kystjegerkommandoen og Sjøheimevernet er difor eit dårleg forslag som Senterpartiet ikkje kan støtte.  

I Forsvarssjefen sitt fagmilitære råd (FMR) tilrådde han at budsjettet skulle aukast med  2,7 milliardar for 2017 og deretter med 3 nye milliardar kvart år dei 3 etterfølgjande åra. Dette ville gitt eit budsjettnivå i 2020 som er snautt 12 milliardar høgare enn 2015-budsjettet. Regjeringa er i langtidsplanen ikkje i nærleiken av dette. I perioden 2017 til 2020 vil regjeringa auke løyvingane med 4,1 milliardar. Senterpartiet meiner den einaste måten å sikre naudsynte investeringar til alle forsvarsgreiner er å følgje opp det Noreg har forplikta seg til i NATO, å auke forsvarsbudsjettet slik at det på sikt svarar til 2 % av BNP. Forsvarssjefen sin opptrappingsplan vil vere ei rett utvikling fram mot 2020.

Senterpartiet vil at:

-           Stortinget vedtek investeringsplan for alle forsvarsgreiner, inkludert Hæren og Heimevernet. Senterpartiet avviser regjeringa sitt forslag om å utsetje investeringar for Hæren og Heimevernet til etter at ein har føreteke ei eiga landmaktutgreiing

-           det allereie i neste års budsjett vert  sikra midlar til fylle opp og væpne heile HV-strukturen, og gje HV-soldatane meir øving.  På sikt skal tal HV-soldatar aukast til 50 000.

-           det vert oppretta ei stridsgruppe på Porsangermoen og ei jegeravdeling ved GSV, i tråd  med forsvarssjefen si  tilråding i FMR.

-           det snarast mogleg vert sikra midlar til artilleri, kampluftvern, oppgraderte stridsvogner og kommando- og kontrollsystem i Hæren.

-           forsvarsbudsjettet vert auka slik at Noreg innan 2024 når NATOs mål om eit nasjonalt forsvarsbudsjett eit forsvarsbudsjett tilsvarande 2 % av BNP, noko som er eit mål Noreg sjølv har forplikta seg til ovafor NATO. 

-           det vert greidd ut mogelegheiter for ein brigade nr. to til naudsynt forsterkning og auka uthaldenheit.