Meny

Ja til norsk mat

Senterpartiet sitt landsmøte vil satse kraftig på auka produksjon av rein og trygg norsk mat. Senterpartiet meiner vi både av omsyn til oss sjølv og i eit globalt perspektiv er forplikta til å nytte dei ressursane og naturgitte tilhøva me har til å produsera meir mat basert på norske ressursar.

Uttalelse vedtatt av landsmøte i Haugesund 22. mars 2015:

 

Ja til norsk mat

 

Senterpartiet sitt landsmøte vil satse kraftig på auka produksjon av rein og trygg norsk mat. Senterpartiet meiner vi både av omsyn til oss sjølv og i eit globalt perspektiv er forplikta til å nytte dei ressursane og naturgitte tilhøva me har til å produsera meir mat basert på norske ressursar.

Senterpartiet sitt landsmøte vil satse kraftig på auka produksjon av rein og trygg norsk mat. Senterpartiet meiner vi både av omsyn til oss sjølv og i eit globalt perspektiv er forplikta til å nytte dei ressursane og naturgitte tilhøva me har til å produsera meir mat basert på norske ressursar.

Senterpartiet ynskjer eit sterkare fokus på at mat er mykje meir enn berre å verte mett. Det er levande lokalmiljø, glede, stoltheit og identitet. Med norske råvarer frå fjord, fjell, sjø og land kan vi bidra til busetnad, miljø, vekst og trivsel. Den stadig meir krevjande og bevisste forbrukaren er oppteken av opphav, kvalitet og dyrevelferd. Dette gjev utslag i eit stadig større tilbod, noko norsk landbruk har klart å møte gjennom ulike måtar å produsere, distribuere og konsumere mat.

Norsk matproduksjon er unik i verda og Senterpartiet meiner den i framtida bør kunne gje garantiar om å vere det tryggaste alternativet. Norsk trygg mat er eit resultat av en villa politikk – ikkje flaks. Vårt reine og friske plantemateriale skuldast mellom anna strenge restriksjonar på import. Den gode dyrehelsa og det lave medisinforbruket skuldast det strenge regelverket på dette området og at ein har jobba for å forhindre smitte, framfor å reparere etter at skaden har skjedd.   

Senterpartiet er tydelege på at alle land har både rett og plikt til eigen matproduksjon. Matproduksjon er viktig beredskap, og fiskeri- og landbrukspolitikken må difor ha langsiktige mål og ta høgde for uforutsette endringar i så vel klima som tryggleikspolitikk. Senterpartiet meiner det er uakseptabelt at Noreg skal bruke si sterke kjøpekraft til å importere stadig meir mat når vi vet at ein sterk befolkningsvekst, kombinert med klimaendringar, vil gje redusert matproduksjon i store delar av verda i åra som kjem.

 

Forbrukaren fortener trygg mat

Det er til beste for norske forbrukarar at vi produserer rein og trygg mat i Noreg. Difor må ein nytte effektive og miljøvenlege produksjonsformer.

Senterpartiet vil åtvare mot det einsidige prisfokuset som er på mat. Kvalitet kostar. Ein må vektlegge både kvalitet og berekraft høgare enn i dag. Senterpartiet meiner det er sjølvsagt at forbrukarane skal få informasjon både om kva maten inneheld og kvar den er produsert.

Senterpartiet har støtta etableringa av ein daglegvareportal, men vil understreke at dette skal vere noko meir enn ein prisportal. Nye produsentar skal kunne nå ut med informasjon om sine produkt og syne til opphavsland for utanlandske daglegvarer.

Senterpartiet viser til det sterke behovet for ei klarare regulering av makta i daglegvarebransjen og krev at regjeringa så fort som mogleg legg fram lov om god handelsskikk.

 

Ingen motsetnad mellom sjømat og landbruk

Senterpartiet ser ingen motsetnad mellom produksjon av landbruksvarer og sjømat. Norge skal nytte ressursane sine til auka matproduksjon utan omsyn til produksjonen skjer på land eller i sjøen. Det er likevel avgjerande at størst mogleg del av matproduksjonen skjer med grunnlag i norske ressursar. I tillegg må forskningen styrkes med mål om hundre prosent selvbergingsgrad av protein til fòr råvarer i Norge.

Det er heller ingen motsetnad mellom å ha offensive handelsinteresser for sjømat og defensive interesser for landbruksvarer. Det vil seie å både ynskje lågast mogleg toll for eksport av fisk, samstundes som ein har eit effektivt tollvern for å beskytte norsk matproduksjon. 

 

Ta vare på og utnytt ressursane

Skal ein få ein reell auke i matproduksjonen med grunnlag i norske ressursar så krev det ein aktiv politikk for å både behalde ressursane og sørgje for at dei blir brukte. Utnyttig av beiteressursane våre er og særs viktig både for matproduksjon, landskap og biologisk mangfald. Landbrukspolitikken må rettast inn på ein måte som legg til rette for auka bruk av grovfôr og mindre bruk importert fôr. Dei areala som er eigna til matkornproduksjon må i størst mogleg grad verte nytta til dette. For å nå dette målet er det naudsynt å betre kornøkonomien.

For at matproduksjonen i større grad skal baserast på eigne ressursar, er det nødvendig å ta grep for å auke lønnsemda i bruk av jord. Difor må prisar og overføringar til grovfôrbasert husdyrproduksjon aukast, samt kornpris og arealtilskudd for korn. Kraftfôrprisen må aukast noko for auka bruk av lokale ressursar. Samstundes må forskinga på alternative proteinkilder til bruk i kraftfôr styrkast.

Å avgrense nedbygginga av matjord er noko av det viktigaste vi kan gjere. Senterpartiet vil difor setje seg eit mål om å halvere nedbygginga av matjord til 3000 dekar pr. år. Det kan stillast krav om nydyrking av erstatningsjord. Behovet for nye driftsbygningar og utbetring av eksisterande bygningar i landbruket er betydeleg. Her må det gjerast eit løft, og Senterpartiet krev ein femårig investeringspakke på 10 mrd. kroner ut over jordbruksavtalen for å auke investeringslysta og sikre auka matproduksjon. Jordas produksjonsevne vil vanskelig opprettholdes etter jordflytting. Jordflytting er ikke et tiltak som kan begrunne nedbygging av matjorda. Ved nasjonalt og regionalt viktige infrastrukturprosjekter hvor det ikke er mulig å unngå nedbygging av jorda må det stilles krav om at det samlede arealet dyrket og dyrkbar jord skal opprettholdes. 

 

Bonden må få betre betalt

Senterpartiet meiner at norske bønder skal få betre betalt for maten dei produserer. Målet er at inntektsskilnadane mellom bønder og andre grupper skal fjernast. Landbrukspolitikken må vidare rettas inn slik at den legg opp til eit mangfaldig landbruk der det er rom for store og små bruk i heile landet. Familielandbruket med sjølveigande bønder må sikrast gode vilkår. Senterpartiet går mot oppheving av konsesjonslova med unntak av ei mindre justering av vilkåra for priskontroll.

Senterpartiets landsmøte krev at regjeringa i årets jordbruksoppgjer tek utgangspunktet i Stortinget sin vedtekne politikk om å auka norsk matproduksjon med grunnlag i norske ressursar samt å ha eit mangfaldig landbruk i heile landet. Det krev at regjeringa legg fram eit tilbod som er eigna til å redusere inntektsskilnaden mellom landbruket og andre grupper. Senterpartiet vil understreke at forhandlingsinstituttet ikkje er ei ordning for å presse gjennom ein politikk som det ikkje er fleirtall for på Stortinget.  

 

Trygg og bærekraftig sjømat frå Noreg

Senterpartiet meiner det er grunnlag for ein kraftig auke av norsk sjømat. Suksessen til norsk sjømatindustri kan ikkje berre målast i talet på kilo eksportert sjømat, men ut frå at ein oppnår høg pris gjennom å satse på kvalitet, samt høgare grad av foredling i Noreg.

Senterpartiet meiner at fiskeria må danne grunnlag for verdiskaping langs heile kysten. Vi vil difor styrke kystfiskeflåten samt gå mot endringar i deltakarlova og fiskesalslagslova. Senterpartiet meiner det må satsas meir på kystfiskeflåten og ein må sette i verk tiltak for å gje ei jamnare landing av fisk gjennom heile året. Dette er naudsynt for å betre lønnsemda i foredlingsindustrien langs heile kysten.  

Senterpartiet vil og styrke arbeidet med bestandsforskinga for å sikre at kvotar og forvaltning tek utgangspunkt i eit best mogleg fagleg grunnlag. For den minste flåten under 11 meter som driv konvensjonelt fiske med garn, line og juksa vert det fritt fiske

Ein vidare vekst i oppdrettsnæringa kan ikkje skje utan at ein får betre kontroll over utfordringane knytt til lus og rømming. Regjeringa har lagt fram Havbruksmeldinga utan å gå inn for ei arealavgift til vertskommunane. Senterpartiet må jobbe for å få dette på plass under handsaminga av meldinga i stortinget.