Meny

Politi der folk bor

Senterpartiet vil styrke det lokale politiet. Me skal ha eit politi der folk bur, som har lokalkunnskap og som driv aktivt førebyggjande arbeid. Politiet skal setjast i stand til å takle både dei ekstraordinære hendingane og kvardagskriminaliteten. Både storbypolitiet og distriktspolitiet skal styrkast. 

Uttalelsen vedtatt av landsmøtet 21. mars:

Politi der folk bur

Senterpartiet vil styrke det lokale politiet. Me skal ha eit politi der folk bur, som har lokalkunnskap og som driv aktivt førebyggjande arbeid. Politiet skal setjast i stand til å takle både dei ekstraordinære hendingane og kvardagskriminaliteten. Både storbypolitiet og distriktspolitiet skal styrkast. 

For å kunne bygge trygge og gode lokalsamfunn er det naudsynt at beredskapseiningane er til stades. Lokalkunnskap, kort responstid og tilgjengeleg beredskapsutstyr er då ein føresetnad. Her har lensmannskontora ein viktig funksjon.

Regjeringa føreslår 12 politidistrikt og ei kraftig reduksjon av talet på tenestestader. Dette vil føre til at ein riv ned mykje av det politiet har bygd opp over mange år. Me vil gå frå å ha eit lokalt forankra politi, til å få eit utrykkingspoliti. Senterpartiet meiner politiet skal syne ansikt på mange  arenaer, ikkje berre når kriminaliteten har skjedd.

Om politidistrikta vert for store, med mange jamstore byer og store distrikt, vil kampen om  ressursane internt føre til ei nedprioritering av viktige område. Kampen om ressursane vil skugge for arbeidet med å utvikle politiet. Erfaringar frå tidlegare reformer syner at store samanslåingar fører til meir byråkrati og mindre kontroll. Likskapane vil vere mange med  sjukehusreforma. 

Sentralisering av politimakt og - kraft er ikkje løysinga på problema i politiet. Oppfølginga etter 22/7-kommisjonen sin rapport synte at utfordringane var leiing og kultur. Senterpartiet meiner regjeringa sitt forslag til politireform vil føre til dårlegare styring og mindre kontroll av politiet. Regjeringa sitt forslag ber preg av å vere eit irreversibelt eksperiment, der politiet sin evne til å løyse sine primæroppgåver vert svekka. Senterpartiet er og bekymra for den totale beredskapen i dei fylka som misser sine politimeistrar og vert slegne i hop med andre.  Desse fylka eksporterer både tryggleik og kompetanse.  Beredskapssamarbeidet innad i desse fylka blir sterkt svekka og vanskeleg å vidareføre.  Eit tett og godt samarbeid der alle partar har god lokalkunnskap er avgjerande for å ha ein god beredskap, noko som har synt seg ved fleire store hendingar og ulukker.

Senterpartiet meiner politidistrikta bør delast inn etter fylkesmodellen, med nokre tilpassingar der avstander og lokale tilhøve gjer dette naudsynt. Ein slik modell vil leggje til rette for gode fagmiljø, god ressursutnytting og god lokalkunnskap som er føresetnader for folks tryggleik.

Politiet må og i framtida organiserast på ein måte som set Politiet i stand til å løyse sine sivilrettslege oppgåver lokalt.

Senterpartiet krev at inndelinga av tenestestader vert bestemt av Stortinget og ikkje vert overlatne til Politidirektoratet eller politimestrane. Det er viktig for å sikre demokratisk kontroll og ikkje minst synleggjere at det er eit politisk ansvar å bestemme korleis framtidas politi skal utformast.