Meny
Bli medlem
Ikkje "Berre ei kvinne"

Appell mot frykten for å verta stempla som "berre ei kvinne"

Innlegg på landsstyremøtet i Senterkvinnene 13. februar 2021, til debatten om Senterkvinnene sin eksistens: «Det burde vera uproblematisk om ein samlar seg med kjønn som innfallsvinkel eller om det er p.g.a. interesser; alt det tydar på er jo engasjement.» Unn C. Fyllingsnes, Senterkvinnene i Møre & Romsdal

Publisert: 17.02.2021

Appell mot frykten for å verta stempla som «berre ei kvinne»:

 

Kvinner er gründerar, folk som ser moglegheiter, 

som tør å ta sjansar 

og skapar gode lokalsamfunn; 

me driv lag og foreiningar, dyrkar fram kulturlivet. 

Me vil ha gode jobbar, 

trygge levevilkår 

og eit liv 

utanom jobben. 

 

Me er ikkje fødemaskiner 

som blir med mannen 

på flyttelasset 

når han får seg jobben han vil ha!

 

Kvinner i dag er urbane menneske

som ikkje er redde for 

å flytta på seg, men 

som vil ha urbane kvalitetar 

også på bygda. 

Me vil ha møteplassar, 

gode tilhøve for å byggja nettverk 

- me vil ha breibandstilgang 

slik at me kan arbeida 

på tvers av bygd og byar! 

 

Me tenkjer framtidsretta, me har perspektiv, 

me har intelligens og kraft! 

 

Kvinner 

skulle ikkje trenga å prøva å vera 

«like kule som gutta» 

for å få gjennomslag 

- me kan vera kvinner og stå for det, 

med alt ei kvinnelivsreise inneber! 

 

Kvifor skal me skjemmast 

og leggja alt til side 

når ein trer inn i det politiske biletet? 

 

Heia Bunadsgeriljaen, 

Senterkvinnene og 

kvinnefellesskap 

som løftar fram 

i staden for å gøyma vekk 

i skuggen av ein gubbe 

- kvinneleg eller mannleg - 

som fryktar alt som trugar den snevre verda dei ser.

 

Kvinner byggjer samfunn og me treng plass.