Meny
foredrag nærskole

Nærmiljøskulen engasjerer

Publisert: 16 08 2022

"Altfor mange kommuneadministrasjonar tar for lett på det å leggje ned ein skule. For å spare pengar. Fordi dei manglar lærare. På grunn av manglande vedlikehald på skulebygg. Elevtalet. Med eit pennestrøk vert skular foreslått fjerna."- fortalte Elisabeth Halsne til deltakarane på kurset Kvinner Kan! i juni.

Innlegg halde av Elisabeth Halsne frå LUFS på Senterkvinnenes kurs Kvinner Kan! i juni 2022

Så sit me i bilen. Igjen. Barnevakta er på plass, og me kan dra av garde. Bilturen går så stille. Det murrar i kroppen. Den kvite skulebygninga kjem til syne. Klumpen i magen er eit faktum. Det er stille i klasserommet når me kjem inn. Nokon prøver seg på kvardagsprat. Smilet er forsiktig. Me fyller i kaffikoppen og takker nei til twistsjokoladen. Set oss ned på ein altfor liten stol til ein altfor stor kropp. Så startar det. Foreldremøtet i Stavang er i gang. Skulen er foreslått lagt ned.

Våre born har rett på ei grunnskuleutdanning i nærmiljøet sitt. Det står i opplæringslova. Saka fylgjer ikkje forvaltningsreglane, ho er like dårleg utgreidd som då ho var oppe i fjor. Overgrepet kjennest difor større. Ei krenking av våre born.

Dette er starten på det siste innlegget eg hadde i lokalavisa mi i vinter. Dette er årsaken til at eg, ein simpel tannlege, vart brennande engasjert for nærmiljøskulen.

Eg heitar Elisabeth Halsne, og vart i fjor spurt om å vere varamedlem i LUFS, Landslaget for nærmiljøskulen. Mitt engasjement og kampvilje vart lagt merke til. Eg tok attval i år, og sit forsatt som varamedlem i styret i Landslaget for nærmiljøskulen.

Mottoet til LUFS er Vi kjempar for skule der folk bur. Er ikkje det litt sjølvsagt? At der det bur born, skal det vere ein skule? Det er diverre ikkje slik.

LUFS er ein partipolitisk nøytral organisasjon som arbeidar for å hjelpe og styrke nærmiljøskulane i alle delar av landet. For bu og leve er vi avhengig av både skule og barnehage.

På dataein min har eg to mapper. Den eine heiter Skulekamp vol 1 og den andre skulekamp vol2. Der kjem til å komme fleire mapper i same serie. Og om same skule.

Og det er årsaka til at eg engasjerar meg. Altfor mange kommuneadministrasjonar tar for lett på det å leggje ned ein skule. Regelverket vert ikkje følgt. LUFS ser mange variantar. For å spare pengar. Fordi dei manglar lærare. På grunn av manglande vedlikehald på skulebygg. Elevtalet. Med eit pennestrøk vert skular foreslått fjerna. Det er ikkje lov!

Då vert kvar kamp er ein kamp om demokrati. Om å fylgje spelereglane, om å få rettferd, om likskap for lova. Opplæringslova § 8.1 seier at Grunnskoleelevane har rett til å gå på den skolen som ligg nærast eller ved den skolen i nærmiljøet som dei soknar til.

I forarbeidet til lova NOU «Ny lovgiving til opplæring» står det «Det er etter utvalgets oppfatning viktig å gi barna anledning til å skape eller fastholde holdepunkter i nærmiljøet. Et slikt holdepunkt er skolen. Det er derfor viktig at barna har rett til å gå på skole i det som er deres naturlige nærmiljø. I mange tilfeller vil dette også kunne bidra til å sikre barna en tryggere skolevei.» Så enkelt, likevel så vanskeleg.

Skulestruktur. Legg eit kart over din kommune på bordet, og fordel skulebygninger rundt om i kommunen. Då vert det ein plan over kvar det skal vere skular i ein kommune. Avgjersle knytt til skulestruktur ligg i kjerneområdet av den kommunale handlefridomen. Det er politikk. Likevel må handsaminga fylgje plan og bygningslova.

Å endre skulestrukturen er noko av det mest dramatiske ein kommune kan gjere mot innbyggjarane sine. Uansett utfall har vedtaket vidrekkjande konsekvensar for born, foreldre, familie elles og lokalsamfunn. Difor må slike prosessar vere heimla i kommunen sine eigne styringsdokument. Det er det i for få tilfelle.

I Norge vert det lagt ned ein skule kvar veke. 52 skular i året. I dag har om lag 770 skular under 100 elevar. Mange av desse er fådelte. I Nordland er 12% av skulane fådelt. LUFS ser i altfor mange saker arrogante administrasjonar med skremmande haldningar til born og foreldre i mindre lokalsamfunn. På få veker skal nærskulen til borna skal forsvinne. Det er opprivande for borna, for foreldra og for lokalsamfunna. Dei kjenner seg overkjøyrde, og må stå på barrikadene for å kjempe for noko så grunnleggande i vårt samfunn som demokrati og retten til likeverdig opplæring.

Kommuneplanen er det overordna styringsverktøyet i ein kommune. Den skal setje mål for samfunnsutviklinga i alle deler av kommunen, og mellom anna sikre gode levekår same kvar folk bur. Kommuneplanen rullerast minst ein gong i valperioden på 4 år.

Plan og bygningslova har reglar om kommuneplanen, og andre planar, om korleis dei skal behandlast, for kvaliteten i sakshandsaminga og høyringsfristar. Den understrekar også at born og unge sine interesser skal ivaretakast særskilt. Kommunal og moderniseringsdepartementet kom i oktober i fjor ut med ein rettleiar for barn og unge i plan og byggesaker. Barn og unge er særskilt framheva i formålet med lova fordi dei skil seg frå andre grupper. Dei er umyndige, har lita innverknadsmakt og er heilt avhengige av at vaksne tek hand om interessene deira. Lova pålegg plan- og bygningsstyresmaktene, altså kommunen, om å ta omsyn for å sikre barn og ungdom eit godt oppvekstmiljø.

Kommunestyret skal vedta årleg eit handlingsprogram. Denne må ta stilling til om ny skulestruktur skal utgreiast. Dersom slikt vert vedtatt, må administrasjonen utarbeide ein kommunedelplan – skule, eller ein skulestrukturplan. Her skal alle moglege alternativ skulefagleg utgreiiast, også noverande skulestruktur.

Dette er grunnen til at kommunen ikkje kan lausrive spørsmålet om å endre skulestruktur frå kommuneplanen sin samfunnsdel, og plan og bygningslova. Difor kan ikkje skular leggast ned med eit pennestrøk. Likevel skjer det så altfor ofte. Lova vert ikkje håndheven. Statsforvalteren i Nordland oppheva i april i år ei avgjerd om å legge ned to skular grunna mangelfull utredning. Dei vart lagt ned i samband med nytt årsbudsjett, og utan høyringsrunde. Det er ikkje lov!

LUFS hjalp foreldre i Vadsø kommune tidlegare iår, der eit oppvekstsenter var foreslått lagt ned. Saka stridde mot gjeldande regelverk og god forvaltningsskikk. Lovpålagde prosedyrar var ikkje fylgde. Politikerane gjekk mot sin administrasjon, og valte å behalde både oppvekstsenter og eksisterande skulestruktur.

I Vågan kommune vart elevane på eit oppvekstsenter tilrådd flytta på grunn av funn av muggsopp og høgt CO2 nivå på skulen. Ein foreldreaksjon med LUFS på laget fekk fleirtalet i kommunestyret med på å støtte reperasjon av bygget slik at elevane kunne fortsette på skulen. Reperasjonane vart gjort og inneklima vart friskmeldt. Prisen vart rundt 100 000 kr.

I min heimkommune har administrasjonen foreslått å flytte elevar frå eit oppvekstsenter til ein skule i nabokommunen, i mangel av lærare. Det er kommunen sin ansvar å skaffe kompetente lærare. Ved å flytte elevane vekk frå sitt nærmiljø, er det elevane som må ta ansvar for lærarmangelen og difor pendle ut av både bygda, og kommunen, for å få opplæringa dei har krav på. Det skal ikkje vere slik!

Til hausten kjem første kullet frå den lærarutdanninga som blei innført i 2017, ut i arbeid. Dei har, etter fem års studium, undervisningskompetanse i to til fire fag, avhengig av om dei er utdanna for store eller små grunnskuleelevar. Desse lærarane vil ikkje få fulle stillingar i dei faga dei har utdanna seg i, i skular med mindre enn rundt 100 elevar. Om lag 1/3 av skulane i landet har under 100 elevar. Mange av desse er fådelt. 12 % av skulane i Nordland er fådelt. I dei nasjonale planane for lærarutdanninga eksisterer ikkje desse skulane! Det er dramatisk.

Den nye lærarutdanninga, som var meint å skulle heve det faglege nivået, fører tvert imot til ei kunnskapssenking for skulane i distrikta, fordi desse skulane må ta til takke med ukvalifiserte lærarar i langt fleire fag enn før. Ein kan nesten mistenke at den nye lærarutdanninga er laga for å få lagt ned små skular. I dragsuget går då livskraftige bygdesamfunn til grunn.

Ei omlegging av lærarutdanninga for grunnskulen frå faglærar til klasselærar vil vere heilt nødvendig om vi skal greie å oppretthalde skular der folk bur - og med det busetting og verdiskaping i heile landet. Der er ingen samanheng mellom kvaliteten på skulen, og skulestorleiken. Mange hevdar at store skular med alderslike klassar er ei betre læringsarena enn i aldersblanda klasser som i fådelte skular. Inga forsking støttar slikt syn.

Dei elevtalsgrensene som fins er sette av politiske grunnar. Ved handsaminga av privatskulelova i 2007 fekk regjeringa so vidt fleirtal i Stortinget for å innføre ei nedre grense på 15 elevar. I saksdokumenta la opposisjonen til grunn «det er meningsløst å fastsette et minimumskrav til elevantall og vil be departementet fjerne denne. Det er sannsynlig at godkjente skoler kan drive kvalitetsundervisning selv med et lavere elevtall enn 15. Det er ikke et ukjent fenomen at grendeskoler tidligere har hatt færre enn 15 elever innenfor offentlig skole, og likevel utdannet dyktige elever. Det er ikke nødvendigvis sammenheng mellom kvalitet og elevtall»

Fådelte skular har liten prioritet i lærarutdanninga, og i det politiske system. Uansett storleik, er nærmiljøskulane kvalitetsskular - for borna som bur der, for lokalsamfunnet dei er ein del av - og for nasjonen Noreg. Dei ligg ofte på topp, både fagleg og sosialt. Det veit foreldra. Derfor slåst dei for å halde på desse skulane. Born ned i 5-års alder vert no frakta forbi den nedlagde nærskulen sin og tvinga ut på lange skulereiser. Det utmattar borna, undergrev læring - og stel fritida deira. Forsking viser at 1 time dagleg reisetid gjev varig helseskade. Eit aukande tal born møter med andre ord ein grunnskule som dagleg diskriminerer dei på det grovaste, på grunn av foreldra sin buplass.

Raseringa av nærmiljøskular gjev oftast samfunnsøkonomisk tap. Dei verkelege kostnadane kjem ikkje fram på kommunebudsjetta. Staten subsidierer skuleskyssen med fleire milliardar kvart år. Fylkeskommunen betaler for skuleskyssen. Kommunane kan då sentralisere skular for å spare pengar. Skular det eigentleg løner seg å halde oppe. Der er ingen øvre lovbestemmelse om maks reisetid for grunnskuleborn. Så lenge den ikkje fins, vil sentraliseringsbølga fortsette over grunnskulane. Taperane vert våre born, som må betale med lang reiseveg som igjen vil påvirke grunnskuleutdanninga. Lova som seier barnet har rett til gå på skule i sitt naturlege nærmiljø, vert ikkje håndheva.

Skule i nærmiljøet er avgjerande for gode oppvekstvilkår, framtidstru og busetnad. Barnefamiliar og næringsliv etablerer seg ikkje i lokalsamfunn utan skule. Distrikta forvitrar.

Noreg kan ikkje lenger leve med ein grunnskule som diskriminerer born på grunn av foreldra sin buplass. Vi bur spreidd i landet vårt. Vi bur der vi bur på grunn av arbeid og verdiskaping. Men for å jobbe og bu, og yte til samfunnet, trengst både barnehage og skule. Borna har krav på ein skule i nærmiljøet. Ein skule som gir lik rett til utdanning som resten av landet, utan at leksetid og fritid forsvinn i reisetid til skulen. Ein skule i nærmiljøet gir borna like høve til å utvikle seg, skape gode liv og oppnå sine mål som andre born i heile landet.

Kvart eit born har ein grunnleggande rett til utdanning. Den skal vere likeverdig. Den skal ikkje bli øydelagt av lang reisetid. Den skal ikkje bli øydelagt av sentralisering. Skulestorleik seier ingenting om kvaliteten på skulen. Me treng lærare for dei skular me har i landet, der folk faktisk bur. For det meste i distrikta.

Takk for at LUFS fekk komme hit i dag, og halde dette innlegget.

Takk for meg.