Meny
LSN

Såkvinna til Navarsete

Sist endret: 25 03 2022

Liv Signe Navarsete ble på Senterkvinnenes landsmøte tildelt Såkvinna - Senterkvinnenes høyeste ærestegn. 

Etter vedtak på Senterkvinnene sitt landsmøte i 1976 er SÅKVINNA innstifta som Senterkvinnene sitt æresteikn for fortenestefull innsats.

Såkvinna kan tildelast kvinner og menn som:
a. som Senterkvinnene sin representant, tillitskvinne eller på annan måte har gjort ein framragande samfunnsinnsats for å styrke kvinnene si politiske stilling i Senterpartiet og/eller i samfunnet elles. 

b.gjennom mangeårig arbeid i og for Senterkvinnene sin organisasjon har gjort ein framragande innsats for å styrke og feste Senterkvinnene si stilling.


Grunngjeving for tildeling av SÅKVINNA

Mottakaren har i fleire tiår vore tillitsvalt og folkevalt for Senterpartiet. Ho har hatt verv på alle nivå; kommune, fylkesting og nasjonalt. Ho har mellom anna vore partileiar, statsråd i fleire departement og stortingsrepresentant. 

Mottakaren har gjennom heile sitt langvarige politiske virke vore eit flott forbilde for andre kvinner i politikken. Ho har vore ei tydeleg stemme og ei sterk politisk kraft, som har bana veg for andre kvinner gjennom sitt uredde og glødande politiske engasjement. 

Mottakaren er kunnskapsrik, og har ein tydeleg og verdibasert bodskap. Ho er svært målretta og uthaldande i sitt politiske virke, og har stått på dag og natt for å få politiske gjennomslag.

Mottakaren har motivert, inspirert og støtta andre kvinner fram i sitt politiske virke. Ho delar raust av seg sjølv og kunnskapen ho har tileigna seg gjennom eit langt liv i politikken.

Mottakaren har bidrege aktivt til å fremje Senterkvinnene si stilling og har vore ein aktiv bidragsytar i organisasjonen. Ho har aktivt kjempa politiske kampar på kvinner sine vegner, både i Senterpartiet og elles.

 

Senterkvinnenes sentralstyre,
Hamar 25. mars 2022