Meny
Linn ELisabeth

Amming er god samfunnsøkonomi

Publisert: 10 08 2022

  • Politikk påverkar samfunnet vårt, og eg ønsker å bidra i samfunnsutviklinga. Eg vart engasjert fordi det er mykje som er bra som bør bestå, og fordi det er mykje anna som kan bli betre, seier Linn Elisabeth Dregelid som blant anna kjempar for økt foreldrepermsjon og amming.

Linn Elisabeth Dregelid er styremedlem i Senterkvinnene i Sogn og Fjordane og vara til sentralstyret i Senterkvinnene. På landsmøtet i Senterkvinnene markerte ho seg som en ivrig forkjempar for meir foreldrepermisjon til mor. Og sjølv om ho ikkje fekk fullt gjennomslag, blei debatten og vedtaka betre og meir nyanserte.

Kvifor blei du engasjert i politikk?

  • Politikk påverkar samfunnet vårt, og eg ønsker å bidra i samfunnsutviklinga. Eg vart engasjert fordi det er mykje som er bra som bør bestå, og fordi det er mykje anna som kan bli betre.
  • Eg håpar å kunne bidra med kritiske analyser og logiske slutningar i politikken. Senterpartiet sitt verdigrunnlag står meg nærast, sjølv om det var, er, og vil vere, divergens i nokre saker.

Kva er du aller mest engasjert i?

  • Mi hjartesak er, og har vore ei god stund, foreldrepermisjon. Det er for meg fullstendig ulogisk å bruke likestilling som argument for større fedrekvote, når det i røynda er umogleg å likestille foreldreskap mellom mor og far. Mor vil alltid stå i ei særstilling når det kjem til svangerskap, fødsel og tida etter. I tillegg har det synt seg at 15 veker mødre og fedrekvote førte til ei drastisk auke i uttak av ulønt permisjon. Halvparten av mødre no tek ulønna permisjon etter foreldrepermisjonen, og på toppen av det har du dei mødrene som har behov for meir tid i permisjon, eller dei som ser at barnet har behov for det, men ikkje har økonomi til det. Ulønt permisjon fører altså til mindre likestilling, all den tid ein reknar arbeidsdeltaking og rettar, inntekt og pensjonsopptening som eit mål for likestilling.
  • Og då kjem vi inn på mitt hjartesukk, nemleg den allment aksepterte doktrina om at det er lønt arbeid  og pengar som er målestokken alt skal målast mot. Nyliberalismen er så internalisert i vår tenkemåte at vi til og med godtek at sjukehusa får betalt per fødsel, og jo verre det går med kvinna, jo meir betalt får dei. Vi set ein pris på kva det skal koste å føde, og så set vi jammen ein pris på fødselsskader også. Så om alt skulle gå bra, som det heldigvis ofte gjer, så får sjukehuset færre midlar. For å gjenta og presisere absurditeten i dette; det er altså meir lønsamt for sjukehuset om kvinna får fødselsskadar eller komplikasjonar, enn om kvinna har ein normal fødsel. Ressursar brukt på førebygging av skader gir ikkje utteljing i budsjettet dersom det fungerer. Denne finansieringsmodellen står til stryk, og må endast.
  • I dette samfunnet der alt av verdi må ha ein økonomisk verdi, var det nok lurt å rekne ut pengeverdien av amming. Men morsmelk har ingen eigen plass i BNP. Likevel utgjer norske kvinner sin samla melkeproduksjon ein økonomisk verdi på meir enn ni milliardar kroner i året. Og det er i eit land der berre 48% av eitåringar får morsmelk. Med tanke på at amming også bidreg til betre helse for mor og barn, i tillegg til auka intelligens hos barnet, er den personlege og samfunnsøkonomiske gevinsten svært stor. Og som om ikkje helse var nok, så har morsmelk mellom 40 og 52 % mindre klimabelastning enn erstatning. Difor må vi sjølvsagt legge betre til rette for at mor kan amme så lenge det er behov, og difor må mor ha moglegheita til å ha lenger lønt permisjon enn dagens ordning tillèt.
  • Eg vil også nemne det offentlege tilbodet innan ammehjelp. Når det offentlege tilbodet er fråverande eller mangelfullt, er det Ammehjelpen, med sine 200 frivillige ammehjelparar, som gir kvinner informasjon og helsehjelp i tilknyting til amming. Etter sommarens Spleis samla Ammehjelpen inn over tre millionar kroner på få dagar. Mykje kom frå takksame kvinner; lovorda strøymde inn i kommentarfelta. Det er uakseptabelt at det offentlege ikkje tek ansvar for dette helsetilbodet. Endå verre er det når staten ikkje ein gong kan finansiere det dugnadsbaserte helsetilbodet frå Ammehjelpen. Dei tre millionane Ammehjelpen har bedt om på årleg basis må sikrast via offentleg finansiering.