Telemark Senterparti er eit aktivt parti, med velfungerande lokallag i alle kommunar. Partiet stiller vallister i samtlege kommunar og til fylkestinget ved valet 2023. Me har i dag åtte ordførarar samt fylkesordføraren. Me er no på jakt etter ein ny fylkessekretær, som skal fortsetja å styrke Senterpartiets strategiske, politiske og organisatoriske arbeid i Telemark. Fylkessekretæren er dagleg leiar av fylkeskontoret i Telemark Senterparti, og er organisasjonen sin ressursperson i fylket. Som fylkessekretær vil du samarbeida tett med leiinga i Telemark Senterparti, samtidig som du har stor fridom til å utforme din eigen arbeidsdag.
Arbeidsoppgåvene omfattar i hovudsak:
- Leie den daglege drifta av fylkeskontoret i Telemark
- Ha eit sjølvstendig ansvar for at fylkeslaget og lokallaga sitt politiske og organisatoriske arbeid blir koordinert på ein best mogeleg måte
- Vere pådrivar for lokallaga sin aktivitet, og hjelpe lokallaga med dette
- Vere nettredaktør for nettsider og sosiale medier, samt være pressekontakt
- Ha kontakt med partiet si leiing, sekretariat og stortingsgruppe
- Regnskaps- og budsjettarbeid
- Planleggje og gjennomføre kurs og anna opplæringsverksemd
- Koordinere fylkesstyret sitt arbeid i nært samarbeid med fylkesleiar
Kvalifikasjonar:
- Høgare utdanning er ynskjeleg, men relevant erfaring for stillinga vil kunne vektleggjast
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne
- Erfaring frå politisk og/eller organisatorisk arbeid er ynskjeleg, men ikkje eit krav
- Kunnskap om regnskaps- og budsjettarbeid
- God digital kompetanse på ulike plattformer
Personlege eigenskapar:
- Deler Senterpartiet sine grunnverdiar og har eit sterkt samfunnsengasjement
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- God til å skape relasjonar – ein lagbyggjar
- Strukturert, målretta og sjølvstendig
Senterpartiet kan tilby:
- Tett samarbeid med engasjerte tillitsvalde, folkevalde og tilsette
- Løn etter avtale
- Gruppelivsforsikring og pensjonsordning
Personlege eigenskapar blir vektlagt.
Søkjar må ha sertifikat klasse B og disponere eigen bil.
Stillinga vil innebera noko reiseverksemd, kvelds- og helgearbeid. Den som vert tilsett vil derfor få høve for ein viss fleksibilitet når det gjeld arbeidstid.
Arbeidsstad: Telemark. Avklarast nærare med den tilsette.
Stillingsstorleik: 100 %
Tiltreding: Etter avtale
For nærare opplysingar om stillinga, kontakt fylkesleiar i Telemark, Anne-Nora Oma Dahle, på tlf. 413 17 819, eller generalsekretær i Senterpartiet, Knut M. Olsen, på tlf. 922 30 101.
Søknad og CV sender du til [email protected] innan 18. september.
Merk søknaden «Fylkessekretær Telemark Sp»