Meny
Bli medlem
Hordaland

Hordaland

Kjersti Toppe, Nils T Bjørke og Hans Inge Myrvold toppar stortingslista til Hordaland Senterparti.

Publisert: 07.12.2020 #Hordaland

Nominasjonsmøtet i Hordaland Sp gjekk samrøystes inn for nominasjonsnemnda sitt framlagde forslag til liste i dag.

Kjersti Toppe, Nils T Bjørke og Hans Inge Myrvold toppar stortingslista til Hordaland Senterparti.

- Det er ei stor ære å bli nominert av Hordaland Sp, og nominasjonsmøtet har samla seg bak ei veldig god liste.  Eg ser fram til at me saman skal gjera ein knallgodt val i Hordaland til hausten. Målet er at landet skal få ei regjering og ein ny kurs. Hordaland Sp stiller med eit særs sterkt lag til jobben, seier Kjersti Toppe.

 

- Eg er veldig glad for at nominasjonsmøtet har slutta seg til lista. Senterpartiet er viktigare enn nokon gong. Lista er solid, og har ei god samansetning av både erfarne og nye namn, seier leiar av nominasjonsnemnda, Solfrid Borge.

 

Nominasjonsmøtet i Hordaland Sp vedtok følgjande liste til stortingsvalet:

  1. Kjersti Toppe - Bergen
  2. Nils T Bjørke - Voss
  3. Hans Inge Myrvold - Kvinnherad
  4. Sara Hamre Sekkingstad - Alver/Senterungdommen
  5. Kari Jordal - Bergen/Senterungdommen
  6. Jakob Bjelland - Stord
  7. Håvard Sæbø - Eidfjord/Senterungdommen
  8. Hege Eide Vik - Vaksdal
  9. Jostein Ljones - Kvam
  10. Lajla-Margrete Lindskog-Lund -  Ullensvang
  11. Lars Fjeldstad - Osterøy/Senterungdommen
  12. Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim - Etne
  13. Alexander Fosse Andersen - Bergen
  14. Sølvi Kobbeltvedt - Øygarden
  15. Reidar Digranes - Bergen/Senterungdommen
  16. Johanne Neteland - Kvam/Senterungdommen
  17. Mikal Leigland - Bjørnafjorden
  18. Otilie Brubæk Stokseth - Bergen/Senterungdommen
  19. Marianne Nordhus - Kvinnherad
  20. Bjørn Asle Teige - Bømlo
  21. Hilde Lussand Selheim - Voss
  22. Sigrid Brattabø Handegard - Ullensvang