
Sju år er gått - kva skal Nord-Fron kommune prioritere?
Det er nå gått sju år sidan sponplatefabrikken i Kvam vart stengd. Nedlegginga har vore svært uheldig for Kvam, for Nord-Fron kommune og for Gudbrandsdalen. Ei av dei få tradisjonelle industribedriftene i området, basert på foredling av fornybare naturressursar, vart avvikla. Ei lang verdikjede med store ringverknader for lokalsamfunnet vart borte.