Norske straumkunder fortener handling, ikkje berre lovnader
Sps stortingsrepresentant Erling Sande meiner det er svært uheldig at Statnett vil bruke mellom 130 og 160 millionar kroner på å reparere den aldrande Danmarkskabelen SK2. Denne kabelen nærmar seg slutten av si tekniske levetid, og bryt med signala frå regjeringa om at to av dei fire eksisterande straumkablane til Danmark ikkje skal erstattast når dei går ut på dato i 2026 og 2027.