Historisk løft for kyrkjebygg

Foto: Sp-leder og finansminster Trygve Slagsvold Vedum, ordførar i Skaun kommune Gunn Iversen Stokke, statssekretær i Klima- og miljødepartementet, Ragnhild Sjoner Syrstad (Ap) og barne- og familieminister Kjersti Toppe i Buvika kirke.
– Dagen markerer starten på eit nasjonalt løft for å ta vare på kulturarven vår. Bevaringsstrategien er starten på ei historisk satsing og eit historisk samarbeid. Regjeringa vil sikre at vi dei neste 20–30 åra skal bruke inntil 500 millionar kroner årleg på å sette i stand kyrkjebygg, seier barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp).
– Kyrkjene er sentrale i alle norske lokalsamfunn, både som aktive kyrkjer, samlingsplassar, og kulturminne. Skal vi ta vare på og verna om denne kulturen, må vi sikre at kyrkjene ikkje forfell. Med denne strategien sikrar regjeringa at arbeidet med istandsetjinga av desse historiske bygga no vert sett i gang, seier finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp).
Midlane kjem som utbytte frå Opplysningsvesenets fond og tilleggsløyvingar over statsbudsjettet. Verdien av den samla statlege forpliktinga er tidlegare estimert til å vere i størrelsesorden 10 milliardar kroner. Deretter vil utbytte frå Opplysningsvesenets fond gå til same formålet, gjennom det vi har kalla eit generasjonsfond.
Les heile «Bevaringsstrategi for kulturhistorisk verdifulle kirkebygg»
Se PDF-liste over kyrkjer som vil kunne søke om tilskot frå fondet.
