I ei tid der verda opplever store klimakriser som rammer landbruket, og større politisk ustabilitet enn på fleire tiår, skulle ein tru at alle partier var opptekne av å styrke norsk matproduksjon og mattryggleik. Derfor er det oppsiktsvekkande å se at Framstegspartiet no tek til orde for å fjerne tollvern, kvoteordningar, konsesjonsgrenser og andre verkemiddel som bidreg til å sikre matproduksjon over heile landet, seier stortingsrepresentant Erling Sande.