Sjukehustilbodet i Sogn og Nordfjord vert redusert, MDG!
Marius Dalin og Miljøpartiet Dei Grøne har bestemt seg for å stemme saman med Arbeidarpartiet og Høgre i saka om sjukehuskutt i Helse Førde. Dei vil stemme mot forslaget frå Senterpartiet om å vidareføre ortopedien ved Lærdal slik ho er i dag. MDG stemde òg i fjor haust saman med Ap og H, og mot Sp sitt framlegg om å stanse kuttforslaga i Helse Førde. I staden vedtok desse partia at det skulle sikrast minst like gode faglege tilbod som i dag ved lokalsjukehusa i Sogn og Fjordane, skriv Sande og Toppe i dette innlegget.