Meny
16.04.2024_Mari_OM_Aud

Fylkesutval 16.04.2024

Med sola i ryggen og vind i håret går vi kampklare inn mot ein sommar og haust der spesielt saka om skule- og tilbodsstruktur vil krevje mykje av oss. Den var ikkje på sakskartet i fylkesutvalet, men Ap og H klarte likevel å smette inn eit forslag om i sak 51 Budsjettjustering 2024 – endringar i drifts- og investeringsbudjsett om skulestruktur. Det var å starta ei oppbygging av eit fond for «Tiltak for borteboere» som vil bli spesifisert meir i den vidare prosessen med skule- og tilbodsstruktur. Innleiingsvis vil dei setje av 6,5 mill. kr. Med andre ord prioriterer dei å legge til rette for at fleire skal bu på hybel enn å behalde skuletilbod i rimeleg avstand for ungdommane våre. Dette blir ein spennande sommar og haust!

Sakene vi behandla elles var spørsmålet om samarbeid med Gran og medlemskap i Hadeland nært og naturleg, som er det interkommunale politiske rådet. Vi ynskjer at Gran fortsatt skal vere ein del av Innlandet og sjølvsagt vil vi fortsatt ha eit samarbeid med regionen. Vi har mellom anna ein stor, vidaregåande skule som det er viktig å drifte framover. Det var fleire i fylkesutvalet som tok til orde for at vi ikkje ynskjer å justere noko før vi ser kva som skjer med eventuelle søknader frå Gran om fylkesbyte til Akershus.

Så hadde vi ei sak om tilskot til samfunnsnyttige og humanitære organisasjonar for 2024. Det er ikkje middel til alle som søkjer. Vi i Sp omfordelte litt mellom to av dei. Vi ville at tilskotet til Kirkens SOS skulle aukast frå 150.000 til 200.000 ved å ta ned tilskotet til NOK-sentra Hamar, Gjøvik og Elverum frå 300.000 til 250.000. Begge organisasjonane er viktige og gjer eit godt arbeid.

Den siste saka som skulle sluttbehandlast i fylkesutvalet var årsmeldinga for 2023 for grensekomiteen Innlandet-Dalarna. Komiteen sitt arbeid er viktig og gjev grenseregional meirverdi og nordisk nytte.

Resten av sakane skal vi behandle i fylkestinget som er den 23. – 24. april.