Meny
Beate Marie Dahl Eide attvalt som leiar i Senterkvinnene

Beate Marie Dahl Eide attvalt som leiar i Senterkvinnene

- Takk for at eg vart attvalt som leiar for Senterkvinnene! 💚🍀💚  Å få leie Senterpartiet sin kvinneorganisasjon er både ei glede og ei ære. Vi har no over 1800 medlemmer i alle fylker og 12 fylkeslag, skriv Beate Marie Dahl Eide. 

Sist endret: 25.11.2020

- av Beate Marie Dahl Eide

Engasjementet i organisasjonen er stort, noko som merkast godt då eg leia det digitale landsmøtet frå kommunestyresalen i Seljord 14. november. Møtedeltakarane sat over heile landet, frå Troms i nord til Agder i sør. Dagen var tettpakka, og vi hadde ein god generaldebatt, meisla ut politikken vår gjennom den politiske plattforma “Grønn feminisme” og hadde ein grundig runde med endringar av vedtektene våre. 

Den fysiske avstanden var uvanleg stor, men engasjementet stort og gløden i forsamlinga var gjenkjenneleg. Breidda i tema var enorm; rettane til barnevernsborn, trygg skuleveg, fritidstilbod til barn og unge, søskenmoderasjon for barnehage og SFO, behovet for å beskytte dei svake gruppene no under pandemien, organdonasjon, vaksiner, matproduksjon, valg og regjeringsskifte, internasjonal solidaritet, barnefattigdom, fleire kvinner inn i politikken, psykisk helse, sjølvmordsførebygging, vindkraft, fødselspermisjon, skulemat, praktiske fag i skulen, fedrerettar etter samlivsbrot, fødselsomsorg og følgeteneste, sentralisering og privatisering og mykje mykje meir!

Eg gler meg til å leie denne fantastiske organisasjonen i åra framover!

--------------

Senterkvinnenes Landsmøte valgte 14. november på digitalt møte følgende sentralstyre for perioden 2020 -2022:

Leder  Beate Marie Dahl Eide, Telemark
Nestleder Åse B. Lilleåsen, Hedmark
Studieleder Signhild S Samuelsen, Rogaland
Styremedlem Britt Linda D. Mulelid, Sogn og Fjordane
Styremedlem Liv Norunn L. Runde, Møre og Romsdal
Styremedlem Sigrid Simensen Ilsøy, Buskerud
Styremedlem  Wenche Skallerud, Troms

Varamedlemmer:
1. Alma Kazagic, Agder
2. Elisabeth Strengen Gundersen, Østfold
3. Kjersti Haugland, Hordaland
4. Sølvi Dimmen, Møre og Romsdal
5. Sylvia Brandsrud, Østfold