Meny

Klart for fylkesårsmøte

Av Ragnar Kvåle

I februar og i starten av mars har alle Senterpartiets fylkeslag årsmøte. I år er det venta rekordoppmøte, kanskje opp mot 2 000 delegatar. På programmet står generell politisk debatt, vedtak av fråsegner, etiske retningslinjer, fylkessamanslåingar, val av fylkesstyre og andre årsmøtesaker.

Politiske verkstader

Først på dei fleste fylkesårsmøte er det ein generell politisk debatt. Etter ein sentralinnleiar har heldt sin politiske tale, så kan delegatane tala om de som dei har på hjarta og som er viktig for dei og lokallaget deira no.

På fylkesårsmøta i fjor vart det vedtatt til saman 118 uttalar på dei 19 fylkesårsmøta, altså over seks uttalar i snitt. Tema for uttalane spreidde seg over svært mange politiske saksfelt, men i fjor var det flest uttalar innanfor desse tema: generelt mot sentralisering, kommune- og regionreform, politi, domstol, beredskap og kriminalitet, samt landbruk, skog, jordvern, mat og næring. Så vert det spanande å sjå kva som opptar fylkeslaga i år. Uansett; alle uttalar og resultat frå fylkesårsmøta vert vidareformidla til og følgt opp av både sentralstyret i partiet og i alle komitear i stortingsgruppa.

Nye etiske retningslinjer

I år vert og nye etiske retningslinjer og varslingsrutinar sendt på høyring frå sentralstyret til fylkeslaga, og mange fylkesårsmøte kjem til å diskutera både dette og grasrotkampanja #MeToo.

Val av fylkesleirar

Ikkje alle i fylkesstyret er på val samtidig- I år som er eit mellomvalår er det fylkesleiar, studielear og halvparten av styremedlemane som er på val. I valår er det dei to nestleiarane og resten av styremedlemane som normalt er på val. Fylkesårsmøtet handsamar årsmelding og rekneskap samt  retningslinjer for partiarbeidet fremover og budsjett.

Trøndelag Senterparti

I år er det første felles årsmøte i Trøndelag Senterparti, etter at Sør- og Nord-Trøndelag frå nyttår har blitt slått saman til eit fylke. Det vert eit svært stort fylkesårmøte, med rundt 230 delegatar samt observatørar og gjester, altså nesten på storleik med landsmøta i partiet. Det historiske møtet skal vera på Scandic Hell i Stjørdal 9.-10. februar, og Gunn Iversen Stokke frå Skaun er foreslått som fyrste fylkesleiar.

Fylkessamanslåingar

Stortinget har vedtatt at mange fylke skal slå seg saman, oftast med tvang. Fylkessamanslåing vert derfor tema på mange av årsmøta, og ein vil diskutera korleis fylka som skal samanslåast vil organisera seg frå år 2020.

Større fylkesårsmøte 

På fylkesårsmøta i fjor var det med om lag 1600 delegatar, og i år kjem det nok nærare 2000. I fjor var tal røyster i fylkestingsvalet i 2015 som låg til grunn for talet lokallagsdelegatar (i tillegg til medlemstalet). I år vert lokallagas rett på delegatar rekna ut frå antalet røyster i stortingsvalet i 2017, som var 302 017. I 2015 var røystetalet 176 270, og partiet fekk i 2017 derfor nesten 126 000 fleire røyster. Når ein legg til grunn at lokallaga har «Én utsending for hver påbegynt 300 stemmer ved siste stortingsvalg», vil auka stemmetal på tusen gje lokallaga rett på mellom tre og fire nye utsendingar.

I tillegg kjem det og fleire lokallagsdelegatar då medlemstalet i 2017 auka med 541 personar. I vedtektene står det at lokallaga har «en utsending for hvert 50. medlem (inkludert medlemmer i Senterungdommen)». Derfor har lokallaga høve til å møta med godt over 400 fleire utsendingar ved årets fylkesårsmøte.

Har du som medlem i Senterpartiet eller Senterungdommen meingar om kva som bør verta tatt opp på fylkesårsmøta, ta kontakt med lokallaget ditt.

Her finn du kontaktinfo:  https://www.senterpartiet.no/lokallag-og-fylkeslag

rettet-arsmote18 kopi