Meny
2020 Stortingsrepresentant Jenny Klinge, Møre og Romsdal - portrett

Vi skal påverke både historieskrivinga og politietaten

Våre eigne fortellingar i notid vil kunne bidra til å prege historieskrivinga òg. Høgre og Frp, som var regjeringspartia bak den såkalla nærpolitireforma, har slik ei sterk interesse av å skjønnmale resultata. Problemet er at dei stadig framstiller det som om vi i Senterpartiet svartmalar situasjonen i politiet etter reforma, skriv Jenny Klinge.

- av Jenny Klinge (Sp), stortingsrepresentant frå Møre og Romsdal og medlem av Stortingets justiskomite.

Det som må vera så hardt for H og Frp, er at vi i Senterpartiet stadig får nye og store forsyningar av råstoff til denne såkalla svartmalinga frå folk og miljø som har kvalifiserte meiningar og fakta om politireforma og status i politietaten.

Berre namnet på reforma var jo kritikkverdig. Nærpolitireforma. Eit slikt namn på ei så sentraliserande reform er det grellaste eksempelet som finst i politisk samanheng på å sminke ei svært lite pen brud før bryllaupet.

Vi i Senterpartiet roser alle dei politifolka som gjer ein fenomenal innsats med dei vilkåra dei har. Det er ikkje svartmaling av etaten å peike på kva regjeringa ikkje har levert av resultat. Og vi treng ikkje å overdrive, vi kan enkelt og greitt vise til det til dømes Riksrevisjonen seier. Dei peikar på alvorlege manglar i politiets arbeid mot datakriminalitet, sitat frå no i vinter:

«Politiets evne til å avdekke og oppklare datakriminalitet har store svakheter samlet sett».

Vi har dessutan Riksadvokatens kommentar til straffesaksbehandlinga publisert i mars 2020, som viser til at den gjennomsnittlege saksbehandlingstida har auka:

Tendensen de siste årene til økning i samlet gjennomsnittlig saksbehandlingstid, fortsatte i 2019 og gjennomsnittet er nå 102 dager. Etter riksadvokatens vurdering er dette for høyt, og tallet bør ned. Spesielt er det grunn til bekymring for utviklingen innen seksuallovbrudd som har utviklet seg negativt alle år fra2016 (159 dager) til2019 (243 dager)».

Regjeringa skulle oppnå betre beredskap i det langstrakte landet vårt ved å frigjera ressursar frå alle dei unødvendige lensmannskontora og politistasjonane rundt om. Slike kontor vart omtala som tomme skal og som utan særleg funksjon, og over 120 vart nedlagt i framskrittets namn. Dette grepet skulle gi moglegheit til å styrke og ha betre opningstider på dei gjenverande kontora. Ikkje minst skulle det bli råd til langt meir politi på hjul.

Politiets kapasitetsundersøkelse på det politioperative området (frå januar) viser at utviklinga i talet på årsverk innan patruljeverksamheit har vore på to, altså to årsverk ekstra – i heile landet. Det har ikkje ein gong kome to patruljar ekstra, i løpet av reformperioden, frå 2015 til 2019. (Ein døgnkontinuerleg patrulje krev om lag 18 årsverk.)

Og fem forskere fra mellom anna OsloMet, Universitetet i Oslo og Politihøgskolen har kalt regjeringas politipolitikk «prinsippløs og selvmotsigende». Då er det vel ikkje lenger berre snakk om svartmaling frå Senterpartiet si side?

I tillegg til sentraliseringssjuka til regjeringa og stortingsfleirtalet har vi byråkratisjuka, som sikkert ikkje var vore tiltenkt, men som har kome som ein trist biverknad av massive strukturendringar. Det har vore ei enorm auke i talet på tilsette i sentralt politibyråkrati og konsulentbruk. Også kommunikasjonsrådgivarar ser ut for å bli ansett som stadig meir nødvendig i takt med at kritikken mot politireforma har begynt å koma frå fleire enn Senterpartiet.

Senterpartiet har våre eigne alternativ til sentralisering og byråkratisering, og det er reell styrking av dei gjenverande lensmannskontora og politistasjonane og å gjeninnføre stedleg leiing på alle kontor. Vi vil også opprette fleire slike i bygd og by, inkludert politipostar der det er aktuelt. Vi har som mål å på sikt få minst to politifolk per tusen innbyggjar på plass i kvart politidistrikt, for vi meiner dagens mål om to per tusen i heile landet ikkje tener til at det blir nok politifolk i alle delar av landet. Vi vil også styrke politijuristane. Dessutan vil vi gje rom for meir lokale prioriteringar og vurderingar i politidistrikta, fordi landet vårt er så mangfaldig.

Senterpartiet har kjempe for å oppretthalde UP som eit eget særorgan. Dette vart det heldigvis fleirtal for i Stortinget no i februar. Når slikt skjer, trur eg ikkje vi skal undervurdere krafta til veljarane og meiningsmålingane. Kvifor er Frp og Høgre no mot strukturendringar dei tidlegare var for? Jo, det er fordi unødvendige strukturendringar og sentralisering er langt vanskelegare å gjennomføre når Senterpartiet har veljarvinden i segla. Veljarane gir ikkje oss oppslutning no fordi vi svartmalar, men fordi vi har bakkekontakt og formidlar bekymringar og fakta som regjeringa også burde anerkjenne.

Regjeringa ville ha vekk lensmennskontor som var berre tomme skal, men dei har tappa mange gjenverande kontor, somme så gale at dei har vorte til tomme skal. Og regjeringa har oppretta nye, tomme skal. Dei har prestert å opne eit nytt lensmannskontor på Byremo i Agder som ikkje har opningstid eller fast tilsette.

Når justispolitisk talsperson i Høgre, Peter Frølich, no i februar sa til NTB at innstillinga frå justiskomiteen om politimeldinga er eit godkjentstempel på politireforma, var det snakk om særs kreativ politisk bokføring.

For regjeringa er ansvarleg for at over 120 lensmannskontor vart nedlagt utan at det kom på plass meir enn to ekstra årsverk til patruljane. Om lag 350 politiårsverk vart sentralisert vekk frå desse plassane.

Regjeringa seier at kriminaliteten har gått frå gata til data, men kan ikkje ein gong vise til store resultat innan nedkjemping av datakriminalitet. Og dei gløymer visst at vi i store delar av landet ikkje har gater. Vi har vegar. Regjeringa ville hatt godt av realitetsorientering på fleire felt.

Fiskerikriminalitet og organisert kriminalitet er døme på lovbrot som ikkje er høgt prioritert hos dagens regjering, men som representerer betydelege problem i ulike distrikt.

Høgre og andre reformforkjemparar siterer stadig leiaren av geografisk driftseining i Sogn og Fjordande og tidlegare leiar i Politiets Fellesforbund, Arne Johannessen. For han har gått høgt på banen med si støtte til reforma og meinar det meste har vorte så mykje betre etter sentraliseringa. Då er det viktig å vise til det politifolk rundt om i heile landet seier. Her er fire døme frå fire ulike politidistrikt det siste halvåret:

  • Lensmann Egil Netland ved Sirdal lensmannskontor i Sør-Vest politidistrikt uttalte i Dalane Tidende den 26. januar: «-For Sirdal og de små kontorene må vi innse at det ikke har blitt bedre. Det har blitt en sterk reduksjon og beredskapen for de som bor i bygda her har blitt betydelig svekket (…) De siste årene har jeg stort sett vært alene som politi. (…) Folk og spesielt eldre er ikke trygge når det blir slik som nå».

 

  • GDE-leder for Midt-Troms, Andreas Nilsen, sa til Politiforum i oktober: «Planene var at vi skulle ha en vekst på 10 årsverk fra 2017 til 2021. Den veksten som har kommet i perioden har i all hovedsak havnet på politihuset i Tromsø. Det sier noe om hvordan prioriteringene har vært i årene som har gått, og det blir straks verre hvis man ser på hva man tenker videre fremover».

 

  • Lensmann Svein Engen i Øst politidistrikt med 42 års erfaring fra politiet uttalte til Romerikes blad i romjulen: «Politireformen har hjulpet meg til å se fram til en pensjonisttilværelse. Jeg føler vi har mistet kontakten med folket og lokalkunnskapen. Jeg har alltid hatt troen på at det hjelper å snakke med folk. Med den såkalte nærpolitireformen har avstanden blitt altfor stor».

 

  • Politistasjonssjef i Trondheim og leder for GDE Midt i Trøndelag politidistrikt, Arve Nordtvedt uttalte til Politiforum i september: «Selv om politiet er tilført mange stillinger de senere årene, ser vi at mange av stillingene har gått til andre oppgaver enn primæroppgavene. I vår GDE har vi hverken styrket bemanningen på patrulje eller etterforskning, og det er ikke noe særlig forskjell på antall ansatte der i dag, enn det var i 2017 eller 2010».

 

Senterpartiets stemme og stemmen til desse politifolka er viktig for å påverke historieskrivinga etter den såkalla nærpolitireforma. Men ikkje berre det – det er utruleg viktig at vi står på for å kunne påverke utviklinga i politietaten framover. Så må vi halde fram våre løysingar og kjempe for regjeringsskifte til hausten.