Meny
4

Kommunevalprogram Ål Senterparti 2023 - 2026

 

 

Forvaltning av fellesverdiane

Me vil at heile Ål-samfunnet skal ha nytte av kraftinntektene våre. Difor vil me bruke desse til gode kommunale tenester, redusere kommunal gjeld, framtidsretta investeringar, Enøk-tilskot, og rabattordningar til hushald og næringsliv når straumprisane er høge.

 

Kommunevalgprogram Valgbrosjyre 

KommunestrukturKlima, miljø og arealforvaltningBustadkommuneNæringskommuneHelseOppvekst, kultur og fritidBarn og unge |

Kommunestruktur - Me vil:

  • Halde på Ål som sjølvstendig kommune. Interkommunalt samarbeid er ein betre måte enn kommunesamanslåing for å byggje gode lokalsamfunn

 

Klima, miljø og arealforvaltning – Me vil:

  • Framleis ta vare på dei unike naturverdiane våre i skog og fjell med jakt og beitebruk og evigvarande moglegheiter for opplevingar, rekreasjon og berekraftig næringsutøving.
  • Forvalte Nordfjella slik at villreinen har gode levekår når stamma skal reetablerast.
  • At kommunen gjer klimavenlege val innan bygg og anlegg
  • Verne om utmarksbeite, og ha nullvisjon for nedbygging av dyrka jord
  • At eldre reguleringsplanar og hyttetomter skal vurderast på nytt i samband med rullering av kommuneplanen sin arealdel.
  • At det ikkje skal opnast for nye hyttefelt i perioden
  • Utvide gang- og sykkelnettet mellom bygdene

 

Bustadkommune - Me vil:

  • Sikre og utvikle likeverdige kommunale tilbod som skule, barnehage, symjebasseng og fiber i heile kommunen
  • Sørgje for varierte bualternativ i heile kommunen, og arbeide for at dei som ynskjer å bygge i grendene får høve til det
  • Realisere planlagde bustadtomter i komande periode
  • Auke bruken av startlån til kjøp eller tilpassing av eigen bustad, og gje kommunalt tilskot til fyrstegongsetablering
  • Halde oppe buplikta
  • Styrke arbeidet med å rekruttere og behalde folk i kommunale stillingar
  • Arbeide for god tilrettelegging for nye innbyggjarar både i arbeid og på fritida
  • Når kraftinntektene er gode, vil me halde ein låg sats på eigedomsskatten

 

Næringskommune - Me vil:

  • At kommunen bidreg til eit allsidig og berekraftig næringsliv
  • Arbeide for god tilrettelegging og utvikling av næringsområde som i Kleivi, Torpomoen og Torpo Næringspark
  • Utvikle næringsområdet på Busemoen i komande periode
  • At Ål framleis skal vere ein sterk og aktiv landbrukskommune
  • Halde fram ordninga med tilskot til nydyrking
  • Styrke utmarksoppsynet
  • At landbrukseigedomar ikkje skal overtakast av aksjeselskap
  • Unngå å dispensere frå overordna planar

 

Helse - Me vil:

  • At Ål skal vere ein sterk helsekommune
  • Arbeide for nok sjukeheimsplassar og omsorgsbustadar som kan tilpassast ulike behov
  • Styrke heimetenesta
  • Vidareutvikle velferdsteknologi som eit brukartilpassa tilbod i sektoren
  • Auke grunnbemanninga i sektoren og satse på lærlingar som ein viktig ressurs for rekruttering
  • Ha eit tenleg behandlingsbasseng
  • Halde velferdstenestene under offentleg styring
  • Hallingdal Sjukestugu skal vere ei fyrlykt for eit avansert og desentralisert helsetilbod
  • Bruke Hallinghelse som ein aktiv medspelar for å utvikle helsearbeidet
  • Auke medvitet rundt tobakk og rusmidlar

 

Oppvekst, kultur og fritid - Me vil:

  • Halde på ein desentralisert skule- og barnehagestruktur. I møtet med mindre barnekull må fådeltpedagogikk få større rom innan kompetansehevinga for lærarane.
  • At Familiens Hus må ha kompetanse og økonomi til å møte utfordringane ein ser i barne-, ungdoms-  og familielivet
  • Gå inn for at skulemat skal ha ein plass i skulekvardagen
  • At praktisk tilrettelegging av fag og Ungt entreprenørskap vert styrka
  • At kulturhuset skal vera ein møteplass i lokalsamfunnet til bruk for kulturskule, kino, ungdomsarbeid, bibliotek og større og mindre kulturopplevingar
  • Styrke arbeidet med folkemusikk og tradisjonsdans både lokalt og regionalt, og arbeide for å opprette stillingar innan feltet
  • Arbeide for å få meir desentralisering i nye Buskerud Fylke mellom anna med eit fylkessenter for kultur eller naturforvaltning lagt til Ål
  • Halde på nynorsk som administrasjonsmål i Ål
  • At kommunen skal vere ein aktiv og betydeleg samarbeidspartnar og bidragsytar til idrett, lag og kulturliv ved arrangement og drift
  • At frivilligsentralen og ungdomsfrivilligsentralen skal ha ei viktig rolle i det frivillige- og kommunale Ål
  • Sikre kyrkja gode driftsvilkår

 

Barn og unge - Me vil:

  • At det skal vera nært samarbeid mellom kommunen og dei som driv frivillig arbeid for å sikre eit allsidig tilbod. Tilbodet må vera for alle uavhengig av økonomi.
  • Styrke BUA slik at ordninga kan møte etterspurnaden
  • Samarbeide tett med politiet for å avdekke og motverke rusproblematikk. Det førebyggjande arbeidet mot narkotika må styrkast.
  • Styrke helsetilbodet for ungdom og unge vaksne. Denne gruppa må ha eit velfungerande helsetilbod med fleksible opningstider.
  • Bruke ungdomsrådet som ein aktiv samarbeidspart