
1. NÆR FOLK
Gode tenester nær folk gjer kvardagen trygg og føreseieleg. Uansett kor du bur, skal alle kjenne seg trygge og leve gode liv. Vi treng barnehagar, skuler, helsevesen og naudetatar nær folk i heile landet.
2. HEILE NOREG
Folka, naturressursane og verdiskapinga i Noreg er spreidd over heile landet. Stadig fleire verker å ha gløymt at dette alltid har vore suksessmodellen vår. Vi treng difor ein nasjonal politikk som på nytt løfter både byen, bygda og alle landets innbyggjarar.
3. NORSK MAT
Vel du norsk mat, får du trygg og kortreist klimavenleg mat av høg kvalitet. Den norske maten er av den tryggaste og reinaste i verda, med minimal bruk av sprøytemedel og antibiotika, og kort avstand til forbrukar. Vi må styrke norsk matproduksjon på land og på sjøen slik at vi kan produsere meir trygg mat nær folk.
4. NORSKE ARBEIDSPLASSAR
Som følgje av pandemien har mykje aktivitet blitt stengt ned, og mange nordmenn har blitt permittert, opplevd utrygge kring jobben, eller mista jobben. I attreisinga treng vi no ei regjering som vil satse på norske verksemder og samstundes stå opp mot press frå EU, og trygge rettane og moglegheitene for norske arbeidstakarar.
5. FORSVAR
Å kunne forsvare landet er statens viktigaste oppgåve, og til det treng Noreg eit sterkt forsvar. Nærområda våre er i aukande grad ein arena for stormaktsrivalisering. Vi treng difor eit sterkare forsvar med fleire soldatar, god lokalkunnskap og ei reell evne til å forsvare Noreg.
6. TRYGGLEIK
Dagens storstilte sentralisering av makt, tenester og arbeidsplassar skaper utrygge lokalsamfunn. Avstandane aukar, offentlege tenester blir sentralisert og beredskapen blir svekka. Senterpartiet vil snu denne utviklinga. Vi må ha god beredskap i heile Noreg.
7. KLIMA
Noreg må gjennomføre effektive kutt i utsleppa, samstundes som vi unngår å skape større skilnadar mellom folk. Vi må ha gode klimatiltak som bygger opp om viktige samfunnsomsyn, industriell utvikling, miljø, matproduksjon, sosial utjamning og busetnad i heile landet.
8. NORSK EIGARSKAP
I Noreg har vi bygd verdiskapinga og utviklinga vår på klok forvaltning av rike naturressursar til alle tider. Mange parti vil legge til rette for sal av norske naturressursar til utlandet i store skala. Skal vi utvikle næringsliv og verdiskaping i heile Noreg, må vi eige skogen, vasskrafta, jorda og minerala sjølv.
9. TILLIT
Mange opplever at overdrive detaljstyring fjernar det faglege skjønnet frå arbeidskvardagen. Vi har tillit til enkeltmennesket, og at dei som har skoa på veit best kor den trykkar. Det må bli færre direktørar og fleire som faktisk gjer jobben i offentleg sektor.
10. NORSK SJØLVRÅDERETT
Noreg opplever eit stadig aukande press frå EU gjennom EØS-avtalen. Avtalen svekker norsk suverenitet og trugar rettane til norske arbeidstakarar. Senterpartiet vil difor erstatte EØS-avtalen med handels- og samarbeidsavtalar med EU for å trygge norske interesser.