Meny
Natur-fjell-samferdsel-vei-Hemsedal-42527680752_59c09beda3_o

Kommunevalprogram Hemsedal Senterparti 2023 - 2027

Hemsedal skal vere sjølvstendig kommune!

 

Bu-miljø

Hemsedal skal vera ein god stad å bu!

Difor må me alltid spørje oss om kva tiltak som gjer Hemsedal til ein betre stad å bu og vekse opp i.

Innbyggartalet i Hemsedal i dag er 2664. Det er over 500 personar fleire enn i år 2010. Bygda vår er såleis i ei særstilling som gir oss fordelar, men også nokre utfordringar. Store investeringsbehov legg beslag på ressursar hjå ein allereie pressa administrasjon. Høge bustadprisar fører til at mange flyttar til nabokommunane.  Me har nesten 10% utflytting og 12 % innflytting per år, der innvandring utgjer den største auka.

Hemsedal SP vil ha:

  • Varierte bustader for ulike grupper av innbyggjarar.
  • Leggje til rette for at så mange som mogleg av dei som ynskje bustad i Hemsedal kjem inn på bustadmarknaden.
  • Gode, aktive bygdemiljø på Ulsåk, Trøim og Tuv for trivsel og folkehelse.
  • Levande grender med høve til spreidd bustadbygging.
  • Me skal ta imot dei flyktningane me har kapasitet til å ta godt vare på.
  • Botnfrådrag på eigedomsskatten for ein meir sosial fordeling.
  • Ordførar skal invitere til felles innflyttarkveld for å ynskje alle nye hemsedølar velkommen.
  • Gang/sykkelveg frå Tuv til Lio.
  • Ein ny moglegheitsstudie for alternative traséar for Rv 52 utanfor sentrum.

 

Beredskap

Livet er like verdifullt på bygda som i byen!

Sikkerheit og beredskap er viktigare enn nokon sinne. Det er samfunnet si viktigaste og mest grunnleggande oppgåve. Pandemi og krig i Europa har vist at bygda har ei viktig rolle i samanheng med beredskap. Sp i regjering har sørga for å styrke forsvaret, etablert 146 nye faste politistillingar og styrka den sivile beredskapen.

Noreg har i dag 40% sjølvforsyning av mat i normalår. Jordvernet må styrkjast for å oppnå betre matsikkerheit.

 

Hemsedal Sp vil :

  • Ha eigen dedikert beredskapskoordinator i kommunen.
  • Beredskapsplanen skal vere løypande oppdatert med ressursar som kan vere tilgjengeleg for kommunen i ein kvar nødssituasjon.
  • Satse på jordvern, styrking og nyskaping i landbruket for auka lokal matberedskap.
  • Sørgje for at nok politi, helsehjelp, medisinar og utstyr er tilgjengeleg til ein kvar tid.
  • Førebyggande arbeid, spesielt overfor barn og unge, er minst like viktig som akuttberedskap.
  • Sikre kvaliteten av drikkevatn i kommunale anlegg.
  • Sikkerheit på offentlege bygg og kunnskap blant tilsette ved kritiske hendingar.
  • Kunnskap og kompetanse om datasikkerheit.

 

Klima, miljø og energi

Hemsedal kommune har som mål å bli Noregs grønaste fjellbygd innan 2030. Påverknad av klima og miljø må difor takast omsyn til i kvar sak kommunestyret behandlar. Ofte står valet mellom kostnad og miljøomsyn. Det er viktig for Senterpartiet å ikkje gløyme kommande generasjonar når viktige avgjerder skal takast. Reiselivet veks og me vil stille strenge krav til både energieffektive bygg, byggeskikk og bruk av fornybar energi.

Hemsedal Sp vil:

  • Hemsedal skal vera god på miljøvenleg næringsliv og resertifiserast for «Berekraftig reisemål».
  • Kommunale bygg skal byggast i Massivtre og med oppvarming frå vassboren, fornybar energi.
  • Bruke klimarådet meir aktivt i planer og inkludere ungdomsrådet i dette arbeidet.
  • Jobbe for auka kunnskap om gjenbruk, mindre forsøpling og plast i naturen.
  • Vidareføre og styrkje Enøk fond.
  • Myr og vassdrag skal vernast.
  • Ikkje sleppe laus motorisert ferdsel for fritidsbruk i utmark.
  • Det skal aldri bli vindmøllepark i Hemsedal.
  • Solceller høyrer heime på bygg.

 

Landbruket vårt

Hemsedal er den største mjølkeprodusenten i Buskerud og produserer årleg nesten 6 millionar liter mjølk, fordelt  på ca. 800 mjølkekyr.

Om lag 100 personar i Hemsedal jobbar innanfor landbruket.

Med Sp i regjering har me hatt to gode jordbruksoppgjer og fekk straumstøtteordning også for landbruket. Likevel er landbruket under sterkt økonomisk press. Mykje kan gjerast lokalt for å betre forhalda for dei som produserer maten vår og held kulturlandskapet i hevd.

 

Landbruket i bygda gir mange heilårs arbeidsplassar, som kan kombinerast med turisme eller andre næringar. Det er viktig å fokusere på moglegheiter og framsnakke næringa, me vil ha folk i alle hus og dyr i alle fjøs! Det norske landbruket gir oss trygg, miljøvenleg mat, som også er viktig for vår lokale beredskap. Mange gjester og nye hemsedølar veit for lite om landbruksbygda Hemsedal. Me vil ta vare på viktige trua artar og det opne kulturlandskapet i bygda.

Hemsedal SP vil difor:

  • Dyrkamark skal vernast.
  • Aktivt nytte beitebruksplan, og ta vare på både inn- og utmarksbeite.
  • Ha eit sterkt landbrukskontor.
  • Auke satsane for dei lokale tilskotsordningane, som nydyrking, grøfting, småskalaproduksjon og miljøtiltak.
  • Styrkje landbruket langsiktig, ved å prioritere oppstart av arbeidet med landbruksplan som eigen temaplan.
  • Nytte «inn på tunet» som læringsarena, både innan skule, barnehage, pleie og omsorg, med påfølgjande finansiering.
  • Nytte næringsfondet aktivt for å styrkje produksjon av lokalmat.
  • Ta vare på drivverdige landbrukseigedomar, så nye krefter kan drive garden vidare.
  • Eige landbruksfond.
  • Auka kunnskap om landbruk i skulen.
  • Informasjon og haldningsskapande arbeid om landbrukets betydning.
  • Ha som mål at mest mogleg lokal- og norskprodusert mat blir nytta i turistverksemder.

 

Naturen vår

Hemsedal har hatt ein formidabel utvikling i innbyggjarar, inntekter og aktivitet. I dag er 0,5% av arealet i kommunen utbygd med bueiningar og fritid.

Hemsedal må framleis ha store urørte område med vill natur. Dette er stadig under press. Hemsedal Sp vil sikre langsiktig og fornuftig forvaltning av naturområda, og sørgje for at generasjonane etter oss også får oppleve vill og vakker natur.

Hemsedal Sp vil:

  • At nordsida av dalen, frå og med Skogshorn til og med Høgeloft ikkje skal byggast på!
  • Ha kompakt kjerneområde for turist og fritidsutbygging i heis- og sentrumsnære område framfor å ta i bruk urørt natur.
  • Kommunen skal aktivt drive med besøksforvaltning slik at dei store mengdene gjester leiast dit naturen toler ferdsel og der konfliktar med grunneigarar og landbruket blir minimal.
  • Vidare utvikling må gå i ei takt som gjer at kommunen har kapasitet til å handsame alle saker grundig nok jamfør overordna føringar og lokale mål.
  • Me har eit internasjonalt ansvar for villrein. Det skal vektleggast i alle utbyggingssaker nær randsona.
  • Ta vare på biologisk mangfald, stølsmiljø og kulturlandskap.
  • Naturmangfaldsplanen skal leggje føringar i alle reguleringsplanar. 

 

Kultur, idrett og frivillig arbeid

Hemsedal har sterke kulturtradisjonar og ein stolt identitet. Me har i dag mange frivillige lag og organisasjonar. Det inkluderande tillitssamfunnet byggjer på frivillig arbeid og mangfald innan kultur og idrett. Det vert sagt at kvar krone til frivilligheit er fire kroner til lokalsamfunnet. Etter pandemien har me eit særskilt ansvar for å få barn og unge attende til kultur og idrett.

Hemsedal SP vil:

  • Ta vare på lokal kulturarv, som dans, musikk og forteljartradisjon.
  • Dedikert leder for kultur og idrett med eige budsjett.
  • Utarbeide eigen temaplan for kultur og idrett.
  • Kulturarbeid, UKM og musikkskule må ha nok ressursar til eit godt og tilgjengeleg tilbod.
  • Tradisjonsmat og handverk må synleggjerast og vidareførast til nye generasjonar.
  • Gratis husleige for frivillige lag og organisasjonar.
  • Bygdekino er viktig for bygda og må vidareførast.
  • Støtte opp om bygdearkivet og historielaget sitt viktige arbeid med å bevare bygdehistoria.
  • Auka fokus på dialekt og nynorsk forankra i ein målbruksplan.
  • Leggje til rette for bruk av kommunale bygg som gymsalar/idrettshall til uorganiserte aktivitetar.

 

Reiseliv og turisme

Reiselivet har vore viktig for Hemsedal si utvikling og vekst og vil vere det for framtida. Hemsedal har gjort mykje rett, men kan bli betre på utvikling som ikkje går på kostnad av innbyggarane si trivsel og  bygda si identitet.

Me bør ta sikte på ein utbyggingstakt som bidreg til å stimulere lokalt og regionalt næringsliv, med stor del varme senger for at fleire menneske skal nytte det same arealet flest dagar i året. Dette er delingsøkonomi i praksis.

Hemsedal Sp vil ikkje ta i bruk urørte naturområdet men vurdere videre utvikling i tilknyting til eksisterande infrastruktur som skiheiser og eksisterande bygningsmasse.

Me vil ta ut områder i kommunens arealplan som ikkje er igangsett og i tråd med nasjonale føringar.

Hemsedal Sp vil:

  • Jobbe for meir heilårsturisme og sommaraktivitetar som kultur- og opplevingsturisme.
  • Kommunen har bidratt mye til oppstart av sykkelløyper. Næringa må ha som mål å skape lønsemd i sykkelproduktet utan å vere avhengig av kommunale bidrag på sikt.
  • Satse vidare på bygda som turistkommune på ein måte som også tek vare på lokal identitet, kultur og Hemsedal som ei god kommune å bu og leve i.
  • Utbygging skal ha eit fokus på heilskapleg arkitektur og estetikk.
  • Hemsedal bør greie ut eit besøksgebyr for turistar for fellesgodefinansiering av ikkje-kommersielle fritidsaktivitetar som langrennsløyper, turstigar og sykkelstigar.
  • Det skal ikkje etablerast fritidseiningar i bygdesentruma. Me vil ha folk i husa kvar dag!

 

Tuv og Røggelia 

Me ynskjer ei utvikling på Tuv i ei takt som bidreg til å stimulere lokalt og regionalt næringsliv. 

Innhaldet i utviklinga på Tuv er viktig og må vere i tråd med god sentrumsutvikling. Hemsedal Senterparti ynskjer eit levande bygdesentrum med bustader, sosiale møteplassar, forretning, kontor og varme senger.

Hemsedal Senterparti er positiv til ei skånsam alpin utbygging i Røggelia som bevara mykje av  frikøyringsområde i «Gummiskogen». Nedre del av Røggelia skal utviklast som næring, servering, forretning og varme senger. 

Dyrka mark skal ikkje byggjast ned.

 

Næringsutvikling

Pandemien viste kor sårbare me var då turistane ikkje fekk koma til bygda. Me treng fleire bein å stå på enn reiselivet. Hemsedal har mange driftige bønder og unge, høgt utdanna innbyggjarar som ynskje å starta eigen bedrift.

Hemsedal Senterparti ynskjer å støtte initiativ til nye næringsetableringar som bidreg til lokale arbeidsplassar, samt etablerte som ynskjer å satse.

Hemsedal Sp vil:

  • Etablere ein møteplass for nystarta lokale verksemder.
  • Ta vare på næringsfondet og etablere eit eige oppstartsfond for nyetablerarar og unge bønder som ynskjer å satse.
  • Gjennomføre eit program for nyskaping i landbruket med fokus på ny teknologi, utfordringar og moglegheiter med klimaendringane.
  • Knytte lokale matprodusentar tettare saman med serveringsstadene i reiselivet.
     

Helse og omsorg

Hemsedal skal vera ein god stad å bu for alle!

Om 20 år er me nesten dobbelt så mange 80-åringar som i dag.

Hemsedal Sp vil:

  • Ha eldre bu i sentrumsnære einingar med gode sosiale miljø.
  • Styrkje dagsenter med eit breitt aktivitetstilbod.
  • Gjeninnføre Sansehage som eit tilbod for eldre.
  • Vidareføre og sikre det gode samarbeidet mellom kommunen og Frivilligsentralen.
  • Ha nok sjukeheimsplassar og omsorgsbustader, så eldre sjølv i større grad kan velje kvar dei vil bu.
  • Kvardagsrehabilitering slik at eldre kan bu heime så lengje dei ynskjer.
  • Me ynskjer også ein helsestasjon for eldre.
  • Kvalitetsreformene «Leve hele livet» skal følgjast opp av kommunen for å betre
  • tilbodet til eldre innan mat, aktivitetar, fellesskap, helsehjelp og samanheng i tenestene.
  • Gode tilbod for demente.
  • Oppretthalde god jordmorteneste i bygda.
  • Oppretthalde dei gode lege- og fysioterapi-tilboda.
  • Satsing på førebyggande arbeid og psykisk helse, spesielt med tanke på barn og unge.
  • Velferdsteknologi der me kan, varme hender der me må.

 

Oppvekstmiljø

Hemsedal må investere i gode oppvekstmiljø for barn og unge. Det er viktig med tryggje rammer, og nok areal inne og ute til at barn og ungdom kan trivast og få ei god utvikling. Difor er det også nødvendig med fokus på godt psykososialt miljø i skule og barnehage.

Me vil at Hemsedal skal vera ein kommune som bidreg til at barn og unge får ein god barndom,  og at dei seinare vil busette seg her. Tre skuler blir no slege saman til ei. Det blir viktig å arbeide for eit godt arbeids- og opplæringsmiljø på den nye sentralskulen.

Difor vil Hemsedal SP ha:

  • Tilstrekkeleg ressursar til sosialfagleg kompetanse.
  • Opprette eit tverrfagleg kommunalt beredskapsteam mot mobbing.
  • Innføre MOT for å styrkje ungdoms robustheit og livsmeistring.
  • Godt synlege og tilgjengelege tilsette frå helsestasjon og psykisk helse.
  • Aktiv  bruk av alternative  læringsarena, som «Inn på tunet».
  • Vidareføre støtte til haldningsskapande skuletur i 10.klasse (Polen).
  • Program som «Kjærleik og Grenser» mot rus og narkotika må innførast også i barneskulen.
  • Auka fokus på fysisk aktivitet i skuledagen.
  • Barnehagane på Tuv og Ulsåk skal bestå.
  • Bidra aktivt for å etablere universitet i Hallingdal- Campus Hallingdal.