Meny

Kommunevalprogram 2023 - 2027

GRUNNSYN

Senterpartiet vil bygge framtida på dei kristne grunnverdiane og eit levande folkestyre. Vi vil skape gode lokale fellesskap av frie og sjølvstendige menneske - der rettferd, tryggleik og likeverd er berande prinsipp.

Bulyst

Samferdsle

Trygge tenester

 

KVA HAR SENTERPARTIET FÅTT TIL DESSE 4 ÅRA?

  • Vi har bidrege til at vi no har fått betre kontroll på kommune-økonomien, og sommaren 2022 vart vi utmeldt av ROBEK-registeret. Likevel er situasjonen framleis krevjande, og ein må arbeide aktivt for å hindre at vi hamnar i same uføret nok ein gong.
  • Den store utfordringa i siste periode har vore samferdsle. Saman med dei andre gruppene i kommunestyret greidde vi å få på plass seglande reserve-ferje i sambandet Larsnes – Åram – Voksa – Kvamsøya; og vi har arbeidd med praktiske løysingar i den perioden då dei ulike ferjekaiene skal byggast ut til større ferjemateriell. Årvika ferjekai vil bli alternativ stoppestad på Gurskøya – noko som også sikrar at oppstillingsplassen der blir betra for framtida i høve dagens situasjon.
  • Det har kome ny ambulansebåt/samfunnsbåt som er stasjonert på Larsnes. Dette sikrar kort avstand til ambulanseteneste og brann-mannskapet ved utrykking, og samfunnsbåten skal også kunne ta signalanløp til Haugsholmen og Storholmen.
  • Det har vore arbeidd aktivt med både Sande Fastlandssamband og Rovdefjordsambandet i perioden. Sande Fastlandssamband har fått støtte til grunnundersøkingar, medan Rovdefjordsambandet har arbeidd med seglingshøgda i Rovdefjorden – med mål om å redusere utbyggingskostnadane.
  • Kommunestyret har vedteke ny samfunnsdel til kommuneplanen og ny kommunedelplan for Larsnes. Dette sikrar mellom anna utbygginga av nye omsorgsbustader i tilknyting til Sandetun. Kyrkjebygga våre har dei siste åra vore igjennom ei stor og nødvendig utvendig oppgradering.
  • Vi fekk tilsett ungdomsarbeidar i kommunen, samtidig med at vi styrka helsestasjonen sitt arbeid i skulane. Vi har også fått på plass både kommunepsykolog og ergoterapeut – og vi greidde også å behalde eit tannhelsetilbod for brukarane på institusjonen og for barn med særskilte behov.
  • Kommunestyret vedtok eit spenstig økonomisk grep ved å tilby lavare formueskatt hausten 2022. Skatten vart redusert frå 7 til 5 promille i 2023, og skal ytterlegare ned til 2 promille frå 2024. Målet er å bli ei meir attraktiv kommune for folk som ønskjer å investere i lokalt næringsliv – slik at ein på den måten skaper fleire lokale arbeidsplassar og legg til rette for bulyst og tilflytting.
  • Vi har i perioden teke strategiske grep for å inkludere dei kommunale råda i kommunen på ein betre måte. No har alle råda representasjon frå kommunestyret, og dei får alle aktuelle saker til behandling i forkant av behandling i utval, formannskap og kommunestyre.
  • Til slutt må vi nemne at vi hadde ein flott dag med kongebesøk i kommunen vår 31. august 2022. Her fekk vi vise fram det beste av kultur og dugnadsinnsats – med born og unge i sentrum. Eit flott program med svært gode tilbakemeldingar. Takk til alle som bidrog!

Senterpartiet er ærlege på at dei fleste av desse tiltaka har hatt brei politisk semje – og vi vil særleg framheve det gode samarbeidet med Arbeidarpartiet og Framstegspartiet denne siste perioden.

 

KVA VIL SENTERPARTIET DEI KOMANDE 4 ÅRA?

Næringsliv

Sande Senterparti vil:

  • vere ein aktiv samarbeidspart for næringslivet
  • stimulere til gründerverksemd i kommunen
  • aktivt bruke formueskatten for å stimulere til ny næringsverksemd

 

Landbruk

Sande Senterparti vil:

  • stimulere til at vi framleis skal ha eit aktivt landbruk
  • ha eit aktivt landbrukskontor i kommunen
  • gje etableringsstønad til dei som vil satse på landbruket

 

Klima og miljø

Sande Senterparti vil:

  • seie nei til vindkraft både til lands og til havs
  • seie ja til utnytting av vasskraft og anna fornybar energi
  • opprette fleire ladestasjoner for el-bilar
  • forebygge attgroing langs vegane våre

 

Samferdsle

Sande Senterparti vil:

  • arbeide for to ferjer i sambandet Larsnes – Åram – Voksa – Kvamsøya også i framtida
  • oppretthalde og styrke hurtigbåtsambandet til øyane
  • styrke busstilbodet og arbeide for betre tilknytning til Timesekspressen
  • arbeide for realisering av Sande Fastlandssamband
  • arbeide for realisering av Rovdefjordsambandet

Kommunen

Sande Senterparti vil:

  • arbeide for ein styrka kommuneøkonomi
  • framleis legge til rette for at Eldrerådet, Rådet for personar med nedsett funksjonsevne og Ungdomsrådet har direkte innflytelse på saksgangen i saker dei ønskjer å engasjere seg i
  • arbeide for trygge og gode arbeidsplasser og lavare sjukefråvær
  • styrke vedlikehaldet av kommunale bygg
  • satse på god informasjon og markedsføring av kommuna vår
  • framleis ha eit godt samarbeid med nabo-kommunane; ved inter-kommunalt samarbeid bør Sande ta på seg vertskommuneansvaret

 

Bulyst

Sande Senterparti vil:

  • stimulere til at fleire vil bu i kommunen
  • arbeide med god integrering og skape eit rikare fellesskap
  • tilby tomter for busetting der folk ynskjer å bu
  • gje etableringsstønad til dei som vil etablere seg i Sande

 

Kyrkje

Sande Senterparti vil:

  • at kyrkjene skal vere ein god og trygg samlingsplass for alle
  • styrke økonomien til kyrkja
  • sikre løpande vedlikehald av kyrkjene
  • få på plass ordninga med festeavgift og sikre god drift og vedlikehald av gravstadane

Kultur

Sande Senterparti vil:

  • ha eit godt og variert kulturskuletilbod i heile kommuna
  • styrke samarbeidet mellom frivilligsentralen og biblioteket
  • bruke kulturaktivitetane i markedsføring av kommuna
  • oppmode frivillige lag og organisasjonar om å søke kulturmidlar
  • gjere kulturminna kjent og til ein del av kulturarven vår samt ha fokus på kulturvern

 

Oppvekst

Sande Senterparti vil:

  • framleis styrke fagmiljøet i skule og barnehage
  • sikre borna eit godt sosialt og trygt arbeidsmiljø
  • arbeide for symjebasseng, og i påvente av det; styrke symjeopplæringa utandørs

 

 

Ungdomsmiljø

Sande Senterparti vil:

  • sikre ungdomsarbeidarstillinga og legge til rette for ungdomsretta aktivitetar
  • la Ungdomsrådet og ungdomane bli høyrde på ein god måte i saker som er viktig for dei
  • arbeide for ei god og sikker ungdomstid utan rusmiddel
  • arbeide for betre transportløysingar over kommunegrensene ved konsertar og arrangement

 

Helseteneste

Sande Senterparti vil:

  • arbeide meir aktivt for rekruttering av leger til kommunen
  • fokusere på psykisk helse fra vogge til grav og styrke psykiatritenesta sitt lavterskeltilbod
  • styrke tannhelsetilbodet gjennom å bruke den lokale tannklinikken i større grad

 

 

Pleie og omsorg

Sande Senterparti vil:

  • sikre at alle skal få bu heime så lenge det er gjennomførlig
  • tilby tenesta «rett tilbod til rett brukar»
  • legge til rette for bruk av ambulansebåten i heimetenesta
  • styrke tilbodet om etterutdanning som betre møter brukarane sine behov