Meny
image-20230811125607-2

Kommunevalprogram 2023 - 2027

Vi håper – at du vil arbeide i lag med oss for å skape eit godt lokalsamfunn!

Vi vil arbeide for å gjere Surnadal til ein kommune som vi ønsker å bu og leve i. Vi vil skape bulyst ved satsing på bustadtomter i heile kommunen, desentralisert skulestruktur og å halde eigedomsskatten låg. Vi skal utvikle Surnadal Helsehus til ein moderne og attraktiv arbeidsplass som tilbyr helsetenester med høg kvalitet.

Vi vil – sikre gode tenester og trygge lokalsamfunn nær folk

  • Aktivt legge til rette for frivilligheit, idrett og kultur
  • Ta miljøet på alvor med berekraftig naturforvaltning og vern av matjord
  • Vere pådrivar til utvikling av miljøvennlege verksemder og levemåtar
  • Prioritere beredskapstenester – politi, brann og helsetenester
  • Halde eigedomsskatten så låg som mogleg

KLIMA OG NATURMANGFALD

Vi vil – at bruken av naturressursane våre skal vere berekraftig

  • Arbeide for at elvane i kommunen vert til det beste for både fiske, kraftproduksjon og naturmangfold. Samt vere med i å arbeide for oppretthalding av flomløp, opprusting og nybygging av elveforbygginger og sikring av matjord saman med elvaeigarlag.
  • Arbeide for utvikling og styrking av straumnettet og leggje til rette for etablering av meir grøn energi.
  • Halde rovdyrsbestanden på eit nivå som mogleggjer eit aktivt utmarksbeite.

 

OPPVEKST

Vi vil -  at du skal vere trygg på at ungane får best mogleg skuletilbod og oppvekstmiljø

  • Oppretthalde alle skular og oppvekstsenter i kommunen
  • Sikre fortsatt full barnehagedekning og rullerande barnehageopptak
  • Stimulere til godt samarbeid med ungdomsrådet
  • Satse på fleire lærlingeplassar
  • Vidareføre ordninga «Sommarjobb for ungdom» på fast basis
  • Sikre ressursar til tidleg innsats kring ungar som treng ekstra oppfølging
  • Arbeide for å hindre utanforskap i samarbeid med skule og næringsliv
  • arbeide saman med fylkeskommunen og næringsliv for å utvikle og oppretthalde aktuelle utdanningstilbod ved Surnadal Videregåande skule

 

REHABILITERING OG OMSORG I HELSEHUSET

Vi vil - at omsorga i heimen og helsetenestene skal vere der når du treng dei.

  • Byggje fleire tilrettelagte plassar for heildøgns omsorg
  • Utvide dagtilbodet innan eldreomsorga
  • Satse på rehabilitering
  • Utvikle og styrke tilbod innan psykisk helse og rus
  • Sikre kvaliteten i heildøgnomsorga for dei sjukaste ved å ha god kompetanse innan sjukepleie- og legetenestene
  • Vi skal ta raskt imot alle utskrivingsklare pasientar frå sjukehus

 

HELSE OG FØREBYGGING

Vi vil – at du skal få gode helsefremmande tenester i alle fasar av livet

  • Sørge for gode avlastings- og støtteordningar for pårørande
  • Legge til rette for tydelege rusfrie møteplassar for ungdom under 18 år
  • Oppretthalde skulehelseteneste på alle grunnskulane

 

NÆRINGSLIV

Vi vil – at lokal verdiskaping skal sikrast gjennom eit allsidig og berekraftig næringsliv og eit sterkt landbruk

  • Etablere eit innbyggjarutval for landbruk som i samarbeid med sentrale myndigheiter kan finne gode løysingar for framtidas landbruk.
  • Ta på alvor at vi er ein stor skogbrukskommune og vil stimulere til etablering av ny industri basert på skog.
  • Satse på Surnadal hamn og legge til rette for betre infrastruktur og auka aktivitet
  • Satse på å utvikle attraktive næringsområde, støtte opp om etablerte bedrifter og synleggjere moglegheitane for nyetablering
  • Trinnvis etablering av næringstomter i Røtet.
  • Støtte lokale reiselivsaktørar.
  • Støtte desentraliserte utdanningstilbod som kan sikre kompetanse til offentleg og privat sektor
  • Arbeide for fleire statlege arbeidsplassar i Surnadal

 

SAMFERDSEL

Vi vil – at vegar og kollektivtrafikk skal vere godt utbygd for deg som innbyggar, pendlarar, turistar og lokalt næringsliv

  • Sikre realisering av Todalsfjordprosjektet
  • Styrke vedlikehaldet av kommunale vegar og bruer
  • Sikre bussknutepunkt i Surnadal
  • Etablere gangveg og gatebelysning kring heile nedre Surnadal
  • Prioritere gang- og sykkelvegar og trygge skulevegar
  • Fullføre byggjing av Øyabrua i Todalen

 

BEREDSKAP

Vi vil - at du skal vere trygg når krisa inntreff

  • Oppretthalde eksisterande branndepot, og støtte nyetableringar
  • Oppretthalde ambulansetenesten på dagens nivå
  • Sikre tilstedeverande politi lokalisert i Surnadal
  • Sikre ei god følgeteneste for fødande
  • Styrke legevakttenesta gjennom f.eks innføring av satellitt-teneste legevaktbil
  • Ha St.Olav som akuttsjukehus
  • Arbeide for full utbygging av fibernett og mobildekning.

 

SURNADAL KOMMUNE – KULTUR OG IDENTITET

Vi vil – at du skal vere stolt av å bu i Surnadal kommune

  • Ha og legge til rette for attraktive boligtomter og stimulere til bygging av leiligheter i ALLE delar av kommunen. Synleggjere moglegheitane for bygging av hus i kommunen.
  • Legge til rette for god integrering av flyktningar
  • Legge til rette for ei  inkluderande folkekyrkje som ein viktig kultur- og verdiberar
  • Sørge for eit godt vedlikehald av kommunale bygg og kyrkjene
  • Bidra til god drift og utvikling av idrettsanlegg
  • Arbeide for at Surnadal Alpinsenter får ny varmestue 
  • Oppgradering av Kulturhuset som ein møteplass på tvers av generasjonar
  • Lage eit godt sentrum for alle i sluttspurten med Sentrumsplan
  • Støtte arbeidet med kunstisbane og vidareutvikle Øye-området
  • Sluttføre arbeidet med å få på plass snøscootertrase i kommunen
  • Arbeide for å skape fleire attraksjonar som som kan sette Surnadal på kartet