Meny

Kommunevalprogram 2023 - 2027

Ulstein Senterparti - eit parti du kan stole på!

Ulstein kommune skal vere ein stad der du har lyst til å bu. 

Ulstein kommune skal vere ei kommune for alle, som tek godt vare på innbyggjarane sine og slik vere ei attraktiv kommune å busetje seg i. Vi i Ulstein Senterparti skal jobbe for at mange flyttar til, flyttar tilbake til og vert buande i kommunen.

Grunnsyn og målsetting

Senterpartiet vil ha eit samfunn som arbeidar for fellesskapet med frie, sjølvstendige menneske, som med tru på eigne evner som tek ansvar for sitt liv og for natur og miljø. Senterpartiet er eit verdikonservativt parti som vil byggje politikken sin på eit kristent/humanistisk grunnsyn.

Trivsel, tryggleik og gode tenester for kvar einskild innbyggjar skal vere viktigaste målet for all kommunal verksemd. Kommunen sin politikk må ha eit desentralisert mønster. Vi vil sikre kommunen sitt handlingsrom gjennom god økonomisk styring. Ulstein Senterparti vil arbeide for god kvalitet på dei kommunale tenestene til ein akseptabel pris.

Bustadpolitikk

 Senterpartiet vil arbeide for

  • å sikre trygge og gode bu- og oppvekstmiljø i heile kommunen
  • gode og tenlege tomtetilbod i heile kommunen
  • at kommunen skal ha styring med korleis Ulsteinvik skal utvikle seg som tettstad, gjennom langsiktig planlegging i kommuneplanen og med fokus på grøne lunger og trivsel
  • ved sentrumsutvikling skal ein ha særleg fokus på at det skal vere ein tettstad for folket, med fokus på grøne lunger og trivsel
  • å ivareta god byggjeskikk ved nybygging og rehabiliteringar
  • å sikre ei god ramme til startlån for personar som har vanskeleg for å få lån i private bankar, skal ha moglegheit til å kjøpe eigen bustad

Skule og oppvekst

Ulstein kommune skal ha eit godt barnehage og skuletilbod der folk bur. Skulen og barnehagen skal vere ein god stad for læring, utvikling og trivsel.

Senterpartiet vil arbeide for

  • å behalde dagens skulestruktur med fire barneskular
  • å behalde eit godt, variert og desentralisert barnehagetilbod
  • at den kommunale barnehagen i Hasund krins skal byggast ved Hasundgot Stadion i løpet av den komande fireårsperioden, og at barnehagen skal samlast i eitt felles og tenleg bygg, til det beste for dei tilsette, borna og dei føresette.
  • nok ressursar i grunnskulen
  • at elevar skal ha fleire fysiske skulebøker i alle fag, samtidig skal vi halde fram med den digitale skulekvardagen
  • å prioritere skulehelsetenesta på alle skular, og sikre at elevane får god oppfølging av helsesjukepleiar
  • eit godt pedagogisk SFO-tilbod på alle barneskulane, og innføre måltid i SFO-tida
  • utarbeide trygge og stimulerande uteområde ved alle skulane og dei kommunale barnehagane
  • punktleg og sikker skuleskyss – alle elevar skal ha sitjeplass i bussen
  • at den vidaregåande skulen skal kunne gi eit variert utdanningstilbod i samarbeid med næringslivet i regionen og distriktet
  • oppretthalde og styrke kulturskulen ved å tilby undervisning til ein akseptabel pris. I tillegg til eit godt samarbeid mellom kulturskulen og den ordinære skulen
  • trygge skulevegar for elevar i heile kommunen
  • fremje fysisk aktivitet i skulen

Kultur- og fritidstilbod

Eit allsidig kultur- og fritidstilbod er avgjerande for trivselen i kommunen. Grunnlaget for mangfald av kulturliv og fritidstilbod ligg i aktiviteten til frivillige lag og organisasjonar. Sentralt i arbeidet for eit aktivt kultur- og fritidstilbod står idretts- og nærmiljøanlegg, grendehus, samlingshus og andre samlingsplassar. Senterpartiet vil støtte og stimulere det arbeidet dei frivillige gjer, og arbeide for at desse skal få støtte til drifta.

Senterpartiet vil arbeide for

  • at eldre får tilbod om organiserte aktivitetar, til dømes kulturskule for eldre. 
  • at barnefamiliar med dårleg økonomi får tilgang til kultur- og fritidstilbod
  • å sikre trivsels- og møteplassar for alle som grøntanlegg og parkar
  • å ta vare på dei få verneverdige bygga som er att i kommunen
  • at kommunen må ta vare på eigedomen på Borgarøya
  • å støtte opp om ungdomsklubben Bell, med nok ressursar til å kunne oppretthalde eit godt, trygt og førebyggjande tilbod for ungdom
  • å støtte opp om aktivitetar for uorganisert ungdom
  • å oppretthalde midlane for trivselstiltak i krinsane, og marknadsføre dette aktivt
  • at sentrum skal vere ein god stad å både bu og besøke, og nye bygg skal vere i tråd med den nye sentrumsplanen.
  • å ta vare på den rike historia til Ulstein kommune og særpreget vårt både i sentrum og i krinsane.
  • at innbyggarane må ha tilgang til sjø og natur og vi må verne om gamle historiske bygg.

 

Helse og omsorg

Senterpartiet vil arbeide for å oppretthalde eit godt helsetilbod i Ulstein. Dei vedtekne planane for omsorgsbustadane må verte arbeida med og sett ut i livet i takt med behovet. Senterpartiet ynskjer at dei som vil og kan får bu i heimemiljøet så lenge dei klarer det, men ein skal ha rett til pleie- og omsorgsplass når ein har behov for det.

Senterpartiet vil arbeide for

  • ei god kommunehelseteneste og omsorgsteneste
  • å sikre akuttfunksjonen for lokalsjukehusa, og gode, lokale ambulansetenester
  • å sikre helsesjukepleiar-tenesta i skulane
  • auka grunnbemanning på sjukeheimen, omsorgsbustadene og i heimetenesta, for å få ned det høge sjukefråværet
  • å tilby heile stillingar til alle som ønsker det
  • å leggje vekt på førebyggjande helsearbeid
  • at utbygginga av fleire heildøgns pleie- og rehabiliteringsplassar ved Ulshaug vert gjennomført
  • at alle innbyggjarar som treng det skal få tilbod om institusjonsplass, også ferdigbehandla pasientar frå sjukehus
  • at behovet for avlastningsplassar, eldrebustader og omsorgsbustader vert dekt
  • at tilsette i helse- og omsorgstenesta får tilstrekkeleg kompetanse, gode arbeidstilhøve med moglegheit for vidareutdanning
  • at kommunen skal følge nasjonale retningslinjer for omsorgsløn
  • at kommunen må leggje til rette for bustadar i krinsane for eldre som framleis ynskjer å bu i heimekrinsen
  • å styrke fysio- og ergoterapitenesta
  • å sørgje for godt tverrfagleg samarbeid mellom aktuelle yrkesgrupper
  • at regionen har gode rehabiliteringstenester
  • psykologtenester til enkelt personar i kommunen

Sosialpolitikk

Senterpartiet vil arbeide for

  • å arbeide haldningsskapande og førebyggjande mot rus
  • å styrkje rus- og psykiatritenesta
  • at dei som har vanskar må få hjelp til å kome ut av rusproblema sine
  • at ungdomspsykiatri, PP-teneste, helsesjukepleiarteneste og barnevern må samarbeide med foreldre og skule, både for å førebyggje og drive ettervern
  • hyppige kontrollar av skjenkeløyva
  • meir synleg politi
  • flyktningar som er busett i kommunen skal integrerast i lokalmiljøet. Dei må få god undervisning i språk og samfunnsfag, det kan gjer det mogleg å fungere betre i lokalsamfunnet

 

Samferdsel

Arbeidet med utbetring av vegar, farlege kryss, tunellar og bruer i Ulstein må halde fram. Ulstein SP vil arbeide for eit trygt trafikkmiljø for alle trafikkantar, særleg viktig er det å gi borna våre trygg skuleveg. Fleire gang- og sykkelvegar må byggast der det er behov, også langs fylkesvegane. Vi vil arbeide aktivt inn mot fylkeskommunen og vegvesen for løyving av midlar til dette arbeidet. Gode kollektivtilbod tilpassa brukarane er òg viktig. Målsetjinga er at vi skal ha samanhengande gang- og sykkelvegar i heile kommunen.

Senterpartiet vil arbeide for

  • å lage turvegar langs farlege vegstrekningar fram til fullverdig gang- og sykkelveg kan etablerast
  • fartsregulerande tiltak på skulevegane, fram til trafikktryggingstiltak vert realisert
  • setje opp fleire busskur
  • gang- og sykkelvegar på desse strekningane:
    • frå Garneskrysset og over Dragsundbrua
    • frå Kleven verft til Skjerva
    • frå Skjerva til Ytre Dimna
    • frå Sundgot til Kjerringnesmyra
    • frå Haddal skule opp til grusveg i Ringstaddalen
    • frå Garnes til Haddal
    • frå Garnes til Botnen
    • frå Ulsteinelva til Larsstien
  • å merke gangstiar og turstiar i sentrum slik dei er synlege for alle
  • vedlikehald og opprusting av eksisterande kommunale vegar, bruer og kaier, med særleg prioritering av:
    • ny bru i Ytre Haddal, med skjerma gangveg
    • kommunekaia i sentrum
  • at Vegvesenet og fylket sikrar trafikkfarlege kryss og vegstrekningar i kommunen
    • rundkøyring / kryssløysing i Hasundkrysset
    • trafikktryggingstiltak i Saunesmarka
    • trafikktryggingstiltak ved Glopen (Rema 1000)
    • ny Dragsundbru

Næringsliv

Senterpartiet vil arbeide for å støtte opp om og utvikle eit variert næringsliv, gjerne i samarbeid med nabokommunane. Alle verksemder må sikrast gode vilkår for framtidig drift med gode og langsiktige rammevilkår.

Senterpartiet vil arbeide for

  • at Ulstein kommune skal ta sin del av ansvaret for matproduksjonen i Noreg ved aktivt jordvern
  • gjennom kommuneplanen sin arealdel, å sikre at dyrka og dyrkbar jord ikkje vert nedbygd
  • å sørge for at bøndene får gode arbeidsvilkår og framsnakke næringa
  • at kommunen til ei kvar tid kan tilby næringstomter
  • at kommunen gjennom næringsfondet aktivt legg til rette for og støttar opp om nye etableringar
  • å leggje til rette for berekraftig reiseliv og turisme, i samråd med lokalbefolkninga og næringane på staden
  • offentlege toalett på Osnessanden, på Flø og i Eiksund
  • at fiskerinæringa gjennom kommuneplanen vert sikra høveleg sjøareal og tilkomst
  • å ikkje ha eigedomsskatt på verk og bruk
  • å få vår del av statlege arbeidsplassar, og oppretthalde offentlege servicetenester
  • at arbeidsinnvandrarar må integrerast på ein hensiktsmessig måte i Ulstein-samfunnet

Ressursar og miljø

Kommuneplanen er eit viktig arbeidsdokument og må rullerast kvart fjerde år. Ein må leggje stor vekt på naturvern og eksisterande miljø ved kommunal planlegging og utbygging.

Senterpartiet vil arbeide for

  • at Ulstein skal vere ei grøn kommune
  • at framtidige investeringar for Ulstein kommune skal ta etiske og miljømessige omsyn
  • eit reinare sentrum, med synlege søppelbøtter
  • offentlege toalett
  • levande vegkantar, vi skal ikkje slå gras og blomar i vegkantane om våren og tidleg sommar
  • at lokalmiljøa sitt syn må tilleggjast vekt i plan- og avgjerdsprosessen
  • at landbruksjorda må takast vare på
  • at det vert satsa på miljøvennlege nyvinningar
  • solceller på offentlege bygg
  • at vi har ein oppdatert beredskapsplan til ei kvar tid, der ein tek høgde for tenkelege og utenkelege kriser
  • at den framtidige gravplassen skal ligge på Osnes

Økonomi

  • Senterpartiet i Ulstein vil føre ein ansvarleg og trygg økonomisk politikk til beste for innbyggarane i Ulstein kommune.
  • Ulstein kommune skal eige rådhuset

For Ulstein Senterparti er ingen saker for små

Ta gjerne kontakt med oss om saker du brenn for – vi høyrer på innbyggarane – også midt i valperioden

MED HJARTE FOR HEILE ULSTEIN