Meny
Volda brosjyre bilde

Program for Volda Senterparti 2023-2027

Volda Senterparti vil jobbe for trivsel og vekst i heile Volda kommune. Vi vil sørge for ein ansvarleg økonomisk politikk for å kunne yte gode tenester i heile kommunen. Volda treng eit parti som vil ta heile kommunen i bruk og byggje samfunnet nedanfrå. Senterpartiet er dette partiet.

Senterpartiet vil ta heile Volda i bruk og arbeide for at Volda skal vere ei god kommune å bu i for alle. Vi vil arbeide for å ta vare på eit godt tenestetilbod innanfor skule, helse og oppvekst. Då er vi avhengig av ein ansvarleg økonomisk politikk og eit aktivt folkestyre der vi lyttar til innbyggarane sine behov.
 
Senterpartiet går inn for å redusere geografiske og sosiale ulikskapar. Gode lokalsamfunn er avgjerande for god folkehelse. Senterpartiet vil arbeide for Volda kommune som tilretteleggar og samarbeidspart i å skape gode nærmiljø i heile kommunen. Senterpartiet vil arbeide for oppgradering av leikeplassar ved skular og barnehagar i heile kommunen, og legge til rette for møteplassar i lokalsamfunna.
 
Senterpartiet vil legge til rette for at alle skal få delta og oppleve meistring uavhengig av
sosial status, kvar du bur eller føresette sin økonomi. Vi vil styrke ordninga med fritidskonto og legge til rette for lavterskeltilbod som BUA og ungdomsklubb.
 
SP ønskjer å styrke Volda som kommune som eit regionalt tyngdepunkt for offentlege
funksjonar som Høgskule, sjukehus og tingrett. Vi må ivareta vår vertskommunerolle og
treng eit nært samarbeid med nabokommunar for å sikre Volda Sjukehus som lokalsjukehus med akuttfunksjon og fødetilbod. Vi er interesserte og rause overfor kommunane rundt og med fokus på saker for heile Søre Sunnmøre.
 
Volda treng aktive politikarar som er opptatt av miljø, matproduksjon, vekst og
næringsutvikling i heile kommunen. Senterpartiet er næringspartiet for heile kommunen.
 

Kjernesaker

  • Halde på dagens barnehage- og skulestruktur
  • Oppretthalde desentralisert eldreomsorg
  • Satsing på grøne næringar, matberedskap og jordvern
  • Trygge og gode oppvekstmiljø for born og unge
  • Rettferdig fordeling
  • Støtte idrett, kultur og frivillig arbeid
  • Førebyggande arbeid for å sikre god folkehelse
  • Sikre breiband og mobildekning i heile kommunen.
  • Satse på tryggleik, beredskap og lokalt brannvern
  • Sikre Volda som eit regionalt tyngdepunkt for offentlege funksjonar.
  • Prioritere vedlikehald av kommunale vegar

Lokalt folkestyre og offentleg velferd

  • Toleranse og likeverd uavhengig av religion, etnisk opphav, legning, kjønn og sivilstand
  • Bruke grendeutvala aktivt i utvikling av lokalsamfunna
  • Desentraliserte tenestetilbod
  • God økonomisk styring
  • Gode fellesskapsløysingar
  • Rettferdig fordeling

Oppvekst og nærmiljø

  • At Volda skal vere ei god oppvekstkommune med gode nærmiljø
  • Legge til rette for inkluderande skulemiljø med nulltoleranse for mobbing.
  • Ha eit sterkt tverrfagleg lag kring barn og familie
  • Styrke det førebyggande arbeidet for barn og unge
  • Ha fokus på tidleg innsats
  • Oppgradere og vedlikehalde leikeplassar.
  • Oppretthalde eit desentralisert barnehagetilbod med god grunnbemanning.
  • Behalde dagens desentraliserte skulestruktur.
  • Eit variert og breitt idretts-, kultur og fritidstilbod vert tilgjengeleg for alle
  • Gi ungdommen ein trygg og attraktiv ungdomsklubb
  • Betre ordninga med fritidskonto
  • Styrke utlånsordninga BUA.
  • Auke tilgjenge gjennom gode kollektivtilbod (ferje/buss)

Kultur

  • Styrke Volda som kulturkommune.
  • Fullføre etablering av ungdomsklubb i samfunnshuset.
  • Utvikle samfunnshuset som eit hus for alle
  • Støtte det frivillige arbeidet for å skape kulturaktivitetar og møte mellom folk.
  • Ha ein desentralisert kulturskule med mangfald og kvalitet
  • Prøve ut Korps i skulen/sfo på fleire skular
  • Vere ein god samarbeidspart for festivalar og arrangement
  • Støtte opp om kulturarenaer i heile kommunen
  • Bidra til å sikre den lokale kulturarven

Helse og omsorg

  • Oppretthalde trygge og gode tenester
  • Gjere det trygt å bo heime så lenge den eldre ønskjer, og gi tilbod om omsorgsbustad eller sjukeheimsplass til dei som treng det
  • Oppretthalde desentralisert eldreomsorg i Hornindal og på Folkestad.
  • Sikre Helsehuset og legetenesta i Hornindal.
  • Gå i dialog med Vanylven om heimeteneste for vestsida.
  • Arbeide for eit godt tenestetilbod i bu-og habilitering som sikrar deltaking i samfunnet
  • Auke kvaliteten og tryggleiken i tenestene gjennom satsing på heiltidskultur
  • Styrke heimetesta og satse vidare på velferdsteknologi og digitale løysingar
  • Satse på kvardagsrehabilitering og førebyggjande helsetiltak
  • Sikre gode tjenester for psykisk helse og rus. 
  • Styrke arbeidet for personar med demens og støtte arbeidet med demenskor
  • Gi god og næringsrik mat til bebuarar på institusjon og eldre heimebuande.
  • Vi ønskjer eit nært samarbeid mellom kommunane på Søre Sunnmøre for å sikre Volda Sjukehus som lokalsjukehus med akuttfunksjon og fødetilbod.
  • Aktive rekrutteringstiltak, inkludert lærlingplassar og andre ordningar for å få ungdom inn i helsesektoren.
  • Jobbe for studieplassar i vernepleie og sjukepleie i Volda

Arbeidsgjevarpolitikk

  • Halde fram arbeidet med å bygge heiltidskultur slik at Volda vert ein god arbeidsgjevar med gode tenester og lågt sjukefråvær.
  • ta inn lærlingar i kommunal verksemd og nytte innkjøpsmakt til å stille krav om lærlingar i prosjekt i kommunal regi.
  • Gjennom aktiv rekruttering og tilbod om heile, faste stillingar bidra til at det er mogleg for unge å busette seg i Volda.

 Klima, næring og landbruk

  • vere ein aktiv tilretteleggar for utvikling av det privat næringslivet.
  • Ha tilstrekkeleg regulert næringsareal for utvikling av eksisterande og nye arbeidsplassar
  • Legge til rette for dei grøne næringane som jordbruk, skogbruk, fornybar energi.
  • Tilrettelegge for unge som ønskjer å ta over gardsbruk– styrke og byggje fagmiljø
  • Praktisere aktivt jordvern for å oppretthalde matproduksjon og beredskap
  • Handheve bu- og driveplikt for å oppretthalde busetnad i heile kommunen
  • arbeide for gode rammevilkår for at skogbruksnæringa får utnytte sitt vekstpotensiale og syter for replanting.
  • At kommuneveterinærtenesta skal oppretthaldast.
  • Støtte opp om små og mellomstore driftseiningar i landbruket
  • Vidareføre reiselivsprosjektet med satsing på eit berekraftig naturbasert reiseliv 
  • inntekter frå havbruksnæringa skal kome lokalsamfunna til gode
  • I alle offentlege bygg må ein nytte klimavennlege løysingar, fornybar energi og vurdere tre som byggemateriale.

Samferdsle og beredskap

  • Følgje opp trafikktryggingsplanen med midlar gjennom økonomiplanperioden
  • Prioritere gatelys og tiltak langs skuleveg
  • Legge til rette for mjuke trafikantar gjennom bygging av gang og sykkelvegar
  • Prioritere vedlikehald av kommunale vegar
  • Oppretthalde eit desentralisert brannvern
  • Fullføre utbygging av høghastigheits breiband og mobilnett, slik at innbyggjarar og næringsliv kan virke og utvikle seg i heile kommunen.
  • Fleire ladestasjonar for EL-bilar ved kommunale bygg
  • Arbeide for betre ferjesamband mellom Volda- Lauvstad og Volda-Folkestad
  • Arbeide for å styrke kollektivtilbodet i heile kommunen og i regionen.
  • Arbeide for viktige fylkesvegsamband som Fv 60 Tomasgard-Røyrhus bru, utbetring og rassikring på fv5890 Lauvstad-Folkestad og fv5892 Skjåstaddalen og kryssing av Dalsfjorden
  • Arbeide for realisering av Voldatunellen
  • Arbeide for å styrke flytilbodet frå Ørsta/Volda Lufthamn med rute til Trondheim

Økonomi

  • Føre ein ansvarleg økonomisk politikk for å oppretthalde eit godt tenestetilbod.
  • Lågast mogleg eigedomsskatt og kommunale avgifter i komande periode.
  • Skatte- og avgiftsnivået skal ikkje vere høgare enn nødvendig for å finansiere felles velferd og offentlege institusjonar.
  • Vedlikehald av den kommunale bygningsmassen med fokus på tiltak som kan gje betre totaløkonomi.

Volda som vertskommune

  • At Volda skal være ein god vert for statlege og regional føretak som vidaregåande skule, sjukehus, domstol og høgskule.
  • At kommunen skal være ein medspelar for privat næringsliv i regionen opp mot regionale og nasjonale styresmakter.
  • Det skal vere attraktiv å ha Volda kommune som base for bedrifta.
  • Volda kommune skal vere ein løysingsorientert tilretteleggar for utvikling.

Sentrumsutvikling

  • Legge til rette for busetnad og aktivitet i sentrum.
  • Fortette og bygge i høgda i utvalgte område og ivareta trehusmiljøet.
  • Skape gode offentlege møteplassar for unge og eldre.
  • Ta i bruk verkemiddel for å stimulere til næringsutvikling og nyskaping i sentrum.


Busetnad

  • Ha byggjeklare tomter
  • Ha levande grender
  • Legge til rette for spreidd busetnad i utvalde områder på bygdene
  • Nytte ordningar som gir fleire muligheit til å eige eigen bustad. Til dømes leige for å eige og andre ordningar gjennom Husbanken som senkar terskelen til eigen bustad.