Meny
Oppland Senterparti ynskjer å satse på utdanning og lik moglegheit til å ta høgare utdanning i heile landet. Det vil utvikle og forbetre lokalsamfunna våre, og gje innbyggjarane tilgang på auka kompetanse.

Sats på desentralisert høgare utdanning

Oppland Senterparti ynskjer å satse på utdanning og lik moglegheit til å ta høgare utdanning i heile landet. Det vil utvikle og forbetre lokalsamfunna våre, og gje innbyggjarane tilgang på auka kompetanse.

To utval la i 2020 fram sine innstillingar der dei peiker på samanhengen mellom tilgang på utdanning og moglegheita innbyggjararar har for å auke sin kompetanse, bli verande, og utvikle næringslivet i distrikta: Normann sitt demografiutval (NOU 2020: 15 Det handler om Norge) og Brandtzæg sitt distriktsnæringsutval (NOU 2020: 12 Næringslivets betydning for levende og bærekraftige lokalsamfunn). Oppland Senterparti meiner utvala konkluderer så tydeleg at det no må politisk handling til. Både innbyggjarar og verksemder må få auka tilgang på kompetanse for å møte framtida. NHO har i tillegg kartlagt at bedrifter ikkje rekrutterer all den kompetansen dei treng.

Målet må vere å stimulere til meir desentralisert utdanning slik at folk kan ta utdanning nære der dei bur, kombinert med arbeid- og familieliv. Dei ulike delane av Oppland treng auka kompetanse for å møte utfordringar, og det må studietilbodet reflektere. Oppland Senterparti meiner det er fleire måtar å sikre dette på, mellom anna ved å satse på studiesenter etter modell som på Tynset eller styrke karrieresentra til fylkeskommunen. I tillegg er det ein føresetnad at høgare utdanningsinstitusjonar får rammer, krav og stimulering til å vere til stades fleire plasser i landet og vårt fylke.

Studiesenteret på Tynset er eit samarbeid mellom seks kommunar i Nord-Østerdal i dag, der dei legg til rette for stad-uavhengig utdanning som kan takast av innbyggjarane på Tynset. Karrieresentra i fylkeskommunen skal leggje til rette for påfyll av kompetanse i ulike nivå, men også høgare utdanning. Båe deler sikrar ein møteplass, eit studiemiljø med med-studentar, tilgang på areal og utstyr som trengs, og sikrar god gjennomføring av eksamen med meir. Ei samla rettleiing og ein informasjon om tilbod og moglegheiter for karriere og utdanning må det også vere.

Tilgang til høgare utdanning er og viktig for utviklinga av eksisterande høgskular og universitet. Til dømes må det leggast til rette for ei desentralisert medisinutdanning ved NTNU på Gjøvik. Da må ein og bygge ned historiske grenser mellom helseføretak og universitet.

Senterpartiet meiner det må til eit tettare samarbeid mellom kommunane, høgskulane og universiteta når det gjeld doktorgradsarbeid, master- og bacheloroppgåver, praksisplassar for studentar og andre tiltak som fremmer meir samarbeid mellom studentar og kommunane.

Senterpartiet ser for seg at fleire utdanningsinstitusjonar kan bruke lokalane for desentralisert utdanning som ein forlenga arm ut mot lokalsamfunn og studentar dei kanskje elles ikkje hadde nådd. Det må vere fleksibelt å kunne tilby ulike utdanningar ettersom kva ein treng for å utvikle næringsliv, arbeidsliv, kommunane og lokalsamfunna generelt. Målet er å utvikle og forbetre lokalsamfunna våre, og gje innbyggjarane tilgang på auka kompetanse.

 

Oppland Senterparti vil at:

  • Innlandet fylkeskommune skal kartlegge korleis ein skal nå og mobilisere fleire innbyggjarar til utdanning i heile fylket, derunder kva for rolle karrieresentra skal ha.
  • Det blir etablert tilbod innan desentralisert høgare utdanning i fleire deler av fylket.
  • Nasjonale myndigheiter i langt sterkare grad stimulerer og finansierar desentralisert høgare utdanning.
  • Det blir etablert grunnfinansiering for drift av lokalar til desentralisert utdanning, som til dømes studiesenter, for å sikre føreseieleg drift.

 

Fylkesstyret i Oppland Senterparti

Kjersti Bjørnstad, fylkesleder