Meny

Styrk rolla som samfunnsutviklar

Fylkestinget vedtok onsdag fylkesbudsjettet for 2018. For Senterpartiet er det viktig å styrke fylkeskommunen sin oppgåve som samfunnsutviklar

Fylkeskommunen skal koordinere og mobilisere for satsing og utvikling. Fylkesvaraordførar frå Senterpartiet Aud Hove synes det er synd at regjeringa svekker fylkeskommunen si moglegheit til å vera samfunnsutviklar.

I følgje regjeringa er målsettinga med regionreforma å styrke det regionale folkevalde nivået og sette fylkeskommunen i betre stand til å utøve rolla si som samfunnsutviklar. Det er derfor håpløst at regjeringa kutter i regionale utviklingsmidlar nok ei gong. Dette har vore merkbart dei siste åra, og blir enda meir merkbart i budsjettet for 2018, seier Aud Hove.

Med næringssvake kommunar og eit samfunn som treng ei omstilling til ei grøn framtid må vi ha verkemiddel for å få løfta næringslivet og få i gang prosessane som skal til for å møte framtida som eit lågutsleppsamfunn. Hove synast det er synd at ikkje regjeringa bidreg til dette! Fylkeskommunen tar nå ansvar sjølv og omprioriterer slik at blant anna potten på 4 millionar kronar til kommunale næringsfond blir vidareført. Det kan virke som småpenger, men for den enkelte handverkar eller enkeltmannsforetak er alt frå 10.000 til 50.000 ofte utløysande for utvikling og satsing. Vi har fått klare signal på at desse pengane kjem godt med og derfor opprettheld vi dei kommunale næringsfonda også for 2018